NRK Meny
Normal

PL-terminlista: Togtabellar, vegarbeid og rugby-VM

Trudde du at det å setje opp terminlista for den engelske ligafotballen er ei enkel greie som kan løysast ved å legge inn i datamaskina klubbnamna og kalenderen, og deretter eit lett trykk på enter-tasten? Du store min kor feil du tok.

Ipswich-publikum

Her er store skarar av Ipswich-fansen på tur. Når store flokkar skal på reise samstundes kvar laurdag, kan det bli trangt på tog og undergrunn, om ikkje terminlista har teke omsyn til det

Foto: OLLY GREENWOOD / Afp

Det er eit puslespel av ei anna verd som ligg bak terminlista for Premier League og The Football League , som vart presentert i dag, berre drygt tre veker etter at siste playoff-kamp i førre sesong vart spela.

Først då var det klart kva lag som skal spele i dei fire divisjonane, og kva omsyn datamaskinene må legge til grunn ved komponeringa av kamplista – 92 klubbar som skal spele 2036 kampar over ein periode på ni månader.

Det betyr 46 kampar kvar einaste kampdag. 46 klubbar som skal gjennomføre eit relativt stort arrangement, og 46 sett av glødande supporterar som skal ut på reise for å hjelpe sitt lag til poeng på bortebane.

Lista over omsyn kampoppsettet må ta, er derfor lang:

1. Unngå kampkollisjon

Visse lag kan ikkje ha heimekamp samstundes fordi dei ligg for nær kvarandre. Eksempel er Manchester United og Manchester City, Liverpool og Everton, Birmingham og Aston Villa, Sheffield Wednesday og Sheffield United.

2. Utfordringa i London

I London blir dette eit komplekst problem med mange klubbar og kryssande interesser. Til dømes vil både Dagenham & Redbridge og Leyton Orient i League Two ikkje ha heimekampar samstundes med West Ham i Premier League. Chelsea og Fulham ligg i same bydel og må styre unna kvarandre, sjølv om dei er i ulike divisjonar. Og sjølvsagt skal ikkje erkerivalane Arsenal og Tottenham spele heime på same tid.

3. Heime- og bortekampar

Alle klubbar skal begynne og avslutte sesongen med ein heime- og ein bortekamp. Ingen skal ha meir enn to heimekampar eller to bortekampar på rad, og i løpet av ein periode på fem kampar når som helst i sesongen skal alle lag ha to kampar heime og tre borte eller motsett.

4. Unngå lange reiser på Boxing Day

Klubbane skal ha så korte reiser som mogeleg på Boxing Day (2. juledag) og nyttårsdag (eller 2. januar, som det blir denne sesongen). Det er fordi fansen skal sleppe unødvendig lange reiser. Og lag som spela heime på den eine av dei to dagane, skal spele borte på den andre.

5. FA-cupen spelar inn

Der det er mogeleg, skal klubbane ha ein heime- og ein bortekamp rundt datoane for FA-cupen. Her kan det nemleg bli omkampar og ekstra belastning.

6. Internasjonal kalender

Speledatoane må tilpassast både den internasjonale kalenderen, og ligacupen og FA-cupen i England. I FA-cupen er det også omkampar som blir spela ti dagar etter den ordinære runden, og ligacupen blir spela i midtveka. Også meisterligaen og europaligaen legg beslag på mange tysdagar og onsdagar. Men dette problemet er neppe serleg stort for klubbane i dei lågaste divisjonane.

7. Lokale forhold

Klubbane har på førehand fått spørsmål om lokale forhold dei veit om for komande sesong, og som har innverknad på terminlista.

8. Godkjenning av politiet

Kampdatoane skal også godkjennast av det lokale politiet, som ofte har innvendingar der ulike arrangement kolliderer.

9. VM i rugby

Større arrangement i England spelar også inn. I haust skal VM i rugby arrangerast i England, til og med på nokre av arenaene for Premier League. Det skaper sjølvsagt ekstra planlegging. I 2012 vart det ikkje spela høgprofilerte kampar før 8. september på grunn av OL og Paralympics i London.

10. Unngå same toglinjer

Transporten av fansen til og frå kampane er ei stor logistisk utfordring. Politiet krev at det ikkje skal leggast kampar slik at klubbar og fans frå same område skal bruke same toglinjene på same tidspunkt.

11. ... og undergrunnen i London

Tilsvarande gjeld for undergrunnen og sentrale undergrunns- og jernbanestasjonar i London. Politiet vil ikkje risikere altfor mange menneske der samstundes, og slett ikkje kampar mellom ulike supportergrupper.

12. Vegarbeid

Vegvesenet blir bedd om å legge fram planer for større vegarbeid gjennom sesongen. Også dette blir teke med i grunnlaget for kampoppsettet, slik at belastninga i arbeidsområdet ikkje skal bli for stor.

13. 46 kampar samstundes

Ettersom tv-kampar og endra tidspunkt for avspark naturleg nok ikkje kjem før seinare, må oppsettet byggje på at alle 46 kampane i same runde går samstundes, det klassiske tidspunktet laurdag klokka 15.00. Det gjer ikkje akkurat logistikken lettare.

–Betre enn 85 prosent

– Vi greier aldri å imøtekome alle desse krava, seier Glenn Thompson i Atos, it-selskapet som har ansvaret for å setje opp terminlistene. – Men vi siktar på å oppfylle minst 85 prosent av dei.

I prosessen er representantar for supporterane inne fleire gonger for å seie sitt, og det endelege resultatet skal godkjennast både av ordenspolitiet og trafikkpolitiet før lista er endeleg klar.

– Det har vore mykje arbeid, men vi kom i land i år også, trur eg, seier Thompson.

Og om nokre veker kjem tv-selskapa og flytter på kampane likevel...

Fotballnyheter

Videoklipp

Ingrid Hjelmseth ble tråkket på armen og ble liggende lenge på banen.
Caroline Graham Hansen. Så bommer Graham Hansen. Keeperhøyde og forholdsvis enkelt for keeper. Dette er tungt.
Ada Hegerberg var ikke fornøyd etter kampen mot Belgia