På brystkassa har Felix Baldauf tatovert ein fødselsdato og ein dødsdato.
Dei tala minner han på kvifor han held på som han gjer.

Det verste sjokket

Det er vanskeleg å vere tilbake på gravlunden i heimbyen Köthen.

Eitt år og ein dag har det gått sidan bestefar gav den nedslåande beskjeden, på sjølvaste julaftan.


Bestefar skulle eigentleg gjere nokre ærend i sentrum den dagen, men han kom seg ikkje over togskjenene.

Brannbilar og politibilar sperra overgangen.


Det låg ein person på skjenene. Og det var Jonas, Baldauf sitt 21 år gamle syskenborn.

Dåverande trenar Fritz Aanes fekk umiddelbart ein ubehageleg kjensle i kroppen.

– Skal det aldri ta slutt? Kor mykje uflaks skal ein gut ha, hugsar Aanes at han tenkte om eleven sin, som nok ein gang møtte motgang.

Dei siste åra har nemleg ikkje vore så enkle for Baldauf.

I fjor blei han diagnostisert med den kroniske ryggskaden Bekhterevs, som hadde gitt han mange, store skadeavbrekk i karrieren.

Barndommen var prega av ein fråverande far, og det er heller ikkje lenge sidan mor blei tørrlagt.

I år trudde Baldauf at jula kom til å gå bra, men likevel kunne han ikkje riste av seg uroa.

– Det er heilt merkeleg. Eg sit nesten og ventar på at noko skal skje, sa han rett før han sette seg på flyet til Tyskland.

Han hugsar korleis kroppen stivna der han stod på badet på julaftan og såg seg sjølv i spegelen.

– Eg veit at Jonas sleit, men at han skulle ta livet sitt, det kom som eit sjukt sjokk.

Felix Baldauf

Etter at det verste sjokket la seg, pusta han djupt inn og gjekk ut i stova.

– Eg prøvde å stå rakrygga, sjølv om eg var hugbroten. Eg følte eg måtte vere den som familien kunne lene seg på.

Felix Baldauf

Den jula tenkte Baldauf ekstra mykje.

Han tenkte på framtida og livet generelt. Om kva som var meininga med livet, og kva som er viktig for han.

Familien har alltid vore viktig for han.

– Eg har alltid vore stor og sterk, og prøvd å passe på veslebror, mor og resten av familien. Men eg er nesten aldri der.

Felix Baldauf

Han byrja å tvile på om brytekarrieren var verdt meir enn blodband.

– Eg flyr rundt i verda i ei brytedrakt. Det er så egoistisk.

Felix Baldauf

Den siste gongen Baldauf såg syskenbarnet sitt, sa Jonas nokre ord.

Dei skulle vise seg å verte avgjerande for Baldaufs veg vidare.

– Noko av det siste han sa var at eg måtte fortsette og følge draumane mine. Det kjem eg aldri til å gløyme.

Felix Baldauf

Dei orda tente eit lys.

Til trass for at hans tidlegare trenar Fritz Aanes sa at: «det er avgrensa kor mange smellar ein person kan tole», har Baldauf aldri kjend seg meir motivert.


– Sjølv om eg ikkje er så mykje til stade, så veit eg at familien min vil at eg skal lykkast med draumane mine.

Felix Baldauf

31. januar 2022 stod Baldauf i finalen i Zagreb Open, berre nokre få veker etter dødsfallet.

Mor følgde spent med på tribuneplass.

Og sigeren blei hans. Han retta fingrane opp mot himmelen, og slo seg på brystet.

Etter sigeren gjekk mor bort til sonen sin og gav han ein skikkeleg god klem.

«Eg klemmar slik på deg, for du har ikkje gitt opp. »

Jana Baldauf

«Eg er veldig stolt over at vi har klart å kome oss gjennom vanskelege tider saman. »

Felix Baldauf

Tilbake i Oslo har Baldauf og lagkamerat Morten Thoresen reist på isfisking.

Det gjer duoen av og til for å kople av mellom harde slag og tøffe tak.

Thoresen var den første Baldauf ringde då den grufulle hendinga fann stad.

Thoresen tittar mot kompisen sin, og kjenner på sterke kjensler.

– Vi er din andre familie som alltid vil stå deg nær.

Morten Thoresen

– Eg er glad eg har ein kompis som deg. Eller, du er familie for meg. Eg veit ikkje om eg alltid er like flink til å vise det.

Felix Baldauf

Duoen gir kvarandre ein god klem, pakkar sakene og går tilbake til fast land.

I dag har Baldauf foreviga minnet med syskenbarnet sitt. På brystet står fødselsdatoen og dødsdatoen.


– Då eg tok den, sa tanta mi at han kom til å vere med meg rundt om i heile verda. Det tenkjer eg ofte på.

Felix Baldauf

Brytelandslaget er hans andre familie.

Han ser ned på tatoveringa.

– Eg er heldig som får lov til å drive med dette, og er heldig som er her. Eg må nyte kvart sekund av livet mitt.

Felix Baldauf
Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal