Hopp til innhold

Kallar semifinale-fordel for skandale – meiner det ikkje ville skjedd på herresida

Både England og Tyskland får to dagar ekstra til å lade batteria samanlikna med motstandarane sine i EM-semifinalane. Det er ikkje alle like fornøgd med.

England Spain Euro 2022 Women Soccer

BONUS: Beth Mead og resten av den engelske troppen har noen ekstra dager til å ta det piano før semifinalen mot Sverige.

Foto: Alessandra Tarantino / AP

BONUS: Beth Mead og resten av den engelske troppen har noen ekstra dager til å ta det piano før semifinalen mot Sverige.

Foto: Alessandra Tarantino / AP

– Eg synest det er rart at nokre lag får meir kvile enn andre. Eg forstår det ikkje heilt, for å vere ærleg, seier nederlandske Jackie Groenen til NRK før den siste kvartfinalen.

Om dei klarer å overvinne Frankrike laurdag, får dei tre dagar til å førebu seg før semifinalen mot Tyskland. Tyskarane får derimot fem «kviledagar» etter 2-0-sigeren i kvartfinalen sin mot Austerrike.

Tyskland, EM 2022.

EKSTRA DAGAR: Denne gjengen får kampfri i to dagar meir enn motstandaren sin i semifinalen.

Foto: JUSTIN TALLIS / AFP

Det same gjeld heimehåpet England. Dei får to dagar meir enn Sverige, som tok seg vidare til semifinalen fredag kveld.

– Det pleier å vere sånn for vertsnasjonen, at dei får litt fordelar. Det finst ikkje så mykje å seie om det, seier den svenske kapteinen Caroline Seger til NRK.

Og ein fordel er det nok liten tvil om at det er.

– Det er ein skandale

For forskjellen på tre og fem kampfrie dagar på tampen av ein meisterskap er enorm, ifølgje NRKs ekspert Carl-Erik Torp.

Eg synest det er ein skandale. Eg synest det er frykteleg dårleg planlegging av arrangøren. Det endrar konkurranseelementet veldig, seier Torp.

Han meiner ein ikkje ville akseptert dette i ein herremeisterskap i dag:

Carl-Erik Torp

UTRULEG: Torp meiner laga ikkje har like føresetnader i semifinalen når det eine laget har to ekstra kviledagar.

Foto: Terje Pedersen / Terje Pedersen

Nei, det trur eg absolutt ikkje. Det hadde vore veldig store reaksjonar om dette hadde skjedd på herresida. Det er frykteleg dårleg planlegging, det er nesten så ein ikkje trur det heilt, seier han.

Då semifinalane i EM-et for herrar vart spelt i fjor sommar, hadde alle fire laga fått like mange kviledagar (tre) før kampen. I EM-et for herrar i 2016 var det éin kviledag forskjell mellom laga som møttest til semi.

I førre EM-et for kvinner, i Nederland i 2017, fekk vertsnasjonen fire og England tre kviledagar før dei møttest i semifinalen. I den andre semien var det også éin kviledag forskjell.

FILE PHOTO: Netherlands vs Denmark - Women's Euro 2017 Final

JAMNARE: Nederland vann EM i 2017. Då dei møtte England i semifinalen, hadde dei berre hatt éin kviledag meir.

Foto: Yves Herman / Reuters

Nyt godt av «kviledagane»

Tysklands målvakt Merle Frohms skildrar dei ekstra kampfrie dagane som «ekstremt viktige», og får støtte frå toppskårar og kaptein Alexandra Popp.

– Denne kampen var veldig intens og det er veldig, veldig bra at vi har to dagar ekstra for å restituere. Det vil vi sjå på bana, på intensiteten og energien, og vi kjem til å vinne semien og gå til finalen, sa ein sjølvsikker Popp til NRK etter kvartfinalesigeren.

Alexandra Popp

NEST BEST: Popp har skåra nest flest mål så langt i EM (4), berre bak Englands Beth Mead (5).

Foto: Alessandra Tarantino / AP

Også NRKs ekspert meiner både England og Tyskland dreg stor nytte av dei to dagane dei har meir enn konkurrentane sine.

Det er klart den fordelen er veldig stor. Det er to dagar med god trening, viktige førebuingar og eventuelt restitusjon òg. Som sjølvsagt er heilt avgjerande så langt ut i meisterskapen, seier han.

Les også Tyskland-stjerna hånte målvakta: – Ho sa eg ikkje skårar mål

Women's Euro 2022 - Quarter Final - Germany v Austria

Heimefordel?

Torp meiner Sverige, som allereie har slite med covid-tilfelle og skadar i troppen, verkeleg hadde trunge dei ekstra dagane.

Dei er nok litt underlegne England i den semifinalen, så dei hadde nok trunge friske bein – og kanskje litt friskare bein enn England – for å henge med i den kampen, seier Torp.

Sveriges kaptein Seger har ikkje spelt dei to siste kampane på grunn av skade, og seier dei dagane dei har før semifinalen er ekstremt viktige.

Sweden Portugal Euro 2022 Women Soccer

PÅ BENKEN: Kaptein Seger (nede til høgre) har måtta sjå dei to siste EM-kampane til Sverige frå benken. Her mot Portugal i siste gruppespelkamp.

Foto: Jon Super / AP

Ho er ikkje overraska over at nokre lag har fleire dagar til råde.

Vi veit om det og vi visste at det kom til å bli sånn her om ein fekk England. Så det er berre å kvile kroppen og løyse det på best mogleg måte, seier Seger.

Ein kan tru at det er ein liten fordel for dei, men vi får sjå, seier Sveriges målvakt Hedvig Lindahl til NRK.

  • NRK har kontakta Uefa og bede dei forklare kvifor oppsettet ser ut som det gjer denne meisterskapen, og kvifor dei har lagt opp til at to av semifinalelaga får to ekstra kviledagar. Uefa har førebels ikkje svart på førespurnaden.

Les også Forbanna på dommaren etter England-skåring: – Det var feil

Alessia Russo

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal