Hopp til innhold

Derfor blir ikkje Skiforbundet kvitt Bråthen

Skiforbundet har opna for å seie opp hoppsjef Clas Brede Bråthen, men det er ikkje dermed sagt at han forsvinn frå stillinga.

Clas Brede Bråthen etter hopprennet i Bergiselbakken i Innsbruck som er den tredje av fire hoppkonkurranser i Hoppuka.

I SENTRUM: Clas Brede Bråthen, her etter eit hopprenn i Innsbruck, står midt i ein betent konflikt med eigen arbeidsgivar.

Foto: Geir Olsen / NTB

Konflikten mellom Bråthen og Skiforbundet (NSF) inneheld det aller meste. Illsinte sponsorar, fortvila utøvarar, prestisje, søksmål, og kraftige skuldingar frå fleire hald.

No nærmar den pågåande personalsaka seg ei avklaring, og det er tre alternativ som står igjen.

  1. Bråthen og Skiforbundet klarer å forhandle seg fram til ei løysing der førstnemnde får halde fram i ei rolle han aksepterer, men utan dei ansvarsområda som forbundet meiner han ikkje kan ha.
  2. Bråthen og Skiforbundet blir ikkje samde, og Bråthen held fram som hoppsjef ut kontraktsperioden.
  3. Skiforbundet seier opp Bråthen allereie no.

Kan bli verande i stillinga

Det tredje alternativet opna forbundet opp for i VG førre veke, men ei oppseiing vil truleg ikkje føre til at det blir sett punktum i denne svært betente saka. Hoppsjefen kan nemleg ende opp med å bli verande nesten like lenge som den gjeldande kontrakten hans uansett hadde tillate.

LO-advokat Marit Håvemoen og Clas Brede Bråthen

STØTTESPELAR: LO-advokat Marit Håvemoen representerer Clas Brede Bråthen i saka.

Foto: Geir Olsen / NTB

– Bråthen vil ha rett til å jobbe i oppseiingstida dersom NSF nyttar oppseiing. Han har òg rett til å stå i stillinga dersom han avviser oppseiinga, opplyser advokaten hans Marit Håvemoen til NRK.

Ifølgje nettsidene til arbeidstilsynet har Bråthen truleg krav på minst fire månaders oppseiingstid. Det blir gjort unntak dersom arbeidstakar har gjort seg «skuldig i grovt pliktbrot eller anna vesentleg misleghald av arbeidsavtalen», men med tanke på at Skiforbundet har tilbode Bråthen fleire både faste og mellombelse stillingar undervegs i forhandlingane dei siste månadene, er det lite som tyder på at eit sånt unntak kan bli gjort gjeldande.

– Vi kjenner ikkje til kva forhold som eventuelt kan gi grunnlag for ei oppseiing, er advokat Håvemoens kommentar.

Fryktar sportslege konsekvensar

Landslagstrenar Alexander Stöckl er sikker på at Bråthen kjem til å gjere jobben sin med hundre prosent dedikasjon, sjølv om han eventuelt er sagt opp og gjer OL-førebuingane i oppseiingstida. Austerrikaren trur likevel at det er ei løysing som vil få konsekvensar for både trenarar og utøvarar.

– Vi har jo sagt heile vegen at vi ønskjer Clas Brede Bråthen med vidare, og viss vi veit at han kjem til å forsvinne, så vil det kunne gå utover fokuset i trenarteamet, som igjen vil påverke prestasjonen, trur suksesstrenaren.

Korleis vil det kunne påverke sesongen?

– Det dempar på motivasjonen da, og det vil påverke trenarteamet som også kan kome og påverke utøvarane, avsluttar han.

Clas Brede Bråthen t.v sammen med Alexander Stöckl

HAR RYGGEN HANS: Stöckl (til høgre) gir framleis si fulle støtte til Bråthen (til venstre), og han trur ei oppseiing kan ha sportslege konsekvensar.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Ikkje naturleg å kommentere

NRK har stilt Skiforbundets advokat spørsmål om ei oppseiing rett og slett kan føre til meir støy og auka konfliktnivå, med tanke på at Bråthen truleg uansett vil bli verande i stillinga fram mot OL.

– Det er ikkje naturleg å kommentere dette no, før Skiforbundet har halde drøftingsmøte og fatta avgjerda si, svarer Nina G. Sandnes.

I ei pressemelding tysdag ettermiddag legger ikkje Skiforbundet skjul på at oppseiing er eitt av alternativa som står att, og at de har innkalla Bråthen til et drøftingsmøte.

– Vi beklagar sjølvsagt at Bråthen ikkje har ønskt å bidra til ei forhandlingsløysing med arbeidsgivar og at han takka nei til rolla som landslagssjef. Arbeidsgivar steller seg til dette, og må da følge saka vidare langs det sporet man hadde håpet å unngå, seier Sandnes.

Møtet skal etter NRKs opplysningar vere i løpet av neste veke, og det er venta ei avklaring kort tid etter møtet.

Sandnes vil ikkje svare på spørsmål til NRK om ei eventuell oppseiing i alle hovudsak har som funksjon å «nulle ut» Bråthens søksmål – altså å vise at viss retten kjem fram til at han har krav på fast stilling, er han uansett sagt opp frå han.

Bråthen har som kjent gått til sak for å krevje fast jobb, etter at han har hatt mellombelse kontraktar i Skiforbundet i 17 år. Den noverande kontrakten hans går ut i april 2022, og det er det skistyret har vedteke at ikkje skal bli forlenga.

Sportsnyheter

Bayern München raste 12 minutter på overtid – hevder dommeren innrømte feil

Nesten tretten minutter på overtid satte Bayern München ballen i mål, men dommeren blåste av for offside like før. Det skaper reaksjoner.

Siste nytt

  • VIF-talent (19) må trolig legge opp

    En alvorlig kneskade tvinger trolig Vålerenga-spiller Jacob Dicko Eng (19) til å avslutte fotbalkarrieren langt tidligere enn han hadde tenkt.

    Oslo-klubben opplyser om den kjedelige situasjonen i sine kanaler torsdag.

    I oktober i fjor pådro Eng seg en alvorlig kneskade mot Fram Larvik i 2. divisjon. Legene ga beskjed om at det var 50 prosent sjanse for at han ville komme tilbake som fotballspiller.

    Til tross for operasjon og iherdig opptrening ble det etter undersøkelser denne uka klart at Jacob fortsatt har en veldig lang vei å gå. Sjansene for comeback er små, melder Vålerenga.

    (NTB)

    Jacob Dicko Eng
    Foto: Beate Oma Dahle / NTB
  • Haaland nominert til gjev Premier League-pris

    Erling Braut Haaland kan bli kåret til årets unge spiller i Premier League denne sesongen. Kampen om hederbevisningen er imidlertid beintøff.

    Nominasjonene til prisen ble offentliggjort av Premier League torsdag. Haaland er én av åtte spillere det kan stemmes på.

    En av de tøffeste utfordrerne blir etter alle solemerker klubbkamerat Phil Foden. Manchester City-stjernen, som i likhet med Haaland er 23 år, har vært strålende for de lyseblå.

    Det er fansen som skal stemme fram vinneren av prisen. Forrige sesong gikk den til Haaland. Før det ble det to strake priser til Foden.

    (NTB)

    RARQbR4LYDw
    Foto: AP
  • Slik blir «nye» Tour de Ski

    Langrennssportens tradisjonsrike Tour de Ski-konsept dukker opp i ny drakt kommende vinter. For første gang skal alle konkurransene gå i et og samme land.

    Det er klart etter denne ukens møtevirksomhet i langrennskomiteen i Det internasjonale ski- og snowboardforbundet (FIS).

    Den 19. utgaven av touren starter i vante omgivelser i Toblach lørdag 28. desember. Deretter følger ytterligere tre renn samme sted, før sirkuset forflytter seg til Val di Fiemme.

    Der venter ytterligere tre renn, med den etter hvert så velkjente kraftprøven opp monsterbakken Alpe Cermis som avslutningen. Kommende vinter består dermed Touren av i alt sju etapper.

    Bak den historiske beslutningen som nå er tatt ligger det blant annet miljøhensyn.

    (NTB)

    Tour de ski 2022/23
    Foto: Terje Pedersen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal