Hopp til innhold

Den norske Tour-draumen: Prislapp på ein halv milliard

Eit norsk lag i Tour de France har vore snakka om og etterlyst i tiår. Tour-plass var ikkje målet då Uno-X-laget vart starta, ei satsing som har mangedobla seg på få år.

Kristoff Wærenskjold Tour de France Uno-X

I DET GJÆVASTE SELSKAPET: Søren Wærenskjold, Alexander Kristoff og Uno-X har markert seg fint så langt i Tour de France. Her frå den fjerde etappen.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

– Dei som spør om Uno-X er klar for Tour de France har fått svar på tiltale.

Lagsjef Jens Haugland var nærast euforisk etter at Tobias Halland Johannessen vart nummer tre på den sjette etappen i Tour de France førre veke.

Etter ein noko beskjeden resultatmessig start på rittet, har det norske laget gradvis vist seg meir fram. På dei siste fire etappane i førre veke var dei vore inne topp ti på kvar etappe, og det med fire ulike ryttarar i Johannessen, Alexander Kristoff, Rasmus Tiller og Jonas Gregaard.

Ingen andre lag hadde vore topp ti på alle dei fire etappane, medan det vart ein 12.-plass for Johannessen tysdag.

Vegen til Tour de France har vore prega av eit prosjekt med stadig større ambisjonar.

Jonas Gregaard Tour de France

RETT UT FRÅ BLOKKA: Allereie på opningsetappen markerte Uno-X seg, der danske Jonas Gregaard var først over den første klatresprinten.

Foto: BENOIT TESSIER / Reuters

Starta som reint talentlag

Hausten 2016 vart det halde ein pressekonferanse som skulle vise seg å endre mykje i norsk sykkelsport. På eit møterom på eit hotell i Stavanger, kunne Jens Haugland i Uno-X, saman med leiarar frå sykkelklubbane på Lillehammer og Ringerike presentere eit nytt lag: Uno-X Hydrogen Development Team.

Éin einsleg journalist frå nettstaden procycling.no var til stades på pressekonferansen.

Sommaren 2023 er framleis Jens Haugland sjefen i Uno-X-systemet. Men no heiter laget Uno-X Pro Cycling og Stavanger er bytt ut med Tour de France. 1. juli gjekk Tour de France-starten i Bilbao, der eit norsk lag for første gong deltek i mennenes Tour de France, med millionar av sjåarar verda over.

Men kva skjedde eigentleg med laget som skulle vere eit talentlag og eit mellomsteg på vegen til dei beste norske laga på den tida?

– Det har ikkje skjedd så mykje anna enn at når mange ivrige og dyktige menneske samlast over tid, så utviklar ting seg. På det tidspunktet var det vår plass og vår valde start. Så har vi bygd på med dei same menneska og eigentleg berre teke stega. Men med den same filosofien og kulturen i botn, seier Haugland til NRK.

Uno-X sykkel-VM 2017

STARTEN: Sjølv om Uno-X-laget vart starta med eit sterkt talentfokus, fekk dei sjansen til å delta på lagtempoen under sykkel-VM i Bergen i 2017. På laget var mellom anna Torstein Træen, som syklar Tour de France for Uno-X no.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

– Stein på stein

Ropa etter eit norsk profflag i Tour de France har vore mange opp gjennom åra.

I juli 1999 hadde VG ein artikkel med Thor Hushovd og overskrifta «Etterlyser norsk profflag». Fire år seinare skreiv Aftenposten at same mann drøymde om eit norsk profflag i 2006.

Men åra gjekk, utan at det vart noko norsk proffeventyr. I 2008 sa Hushovd til NRK:

– For min del har det alltid vore ein draum, og no er det kanskje ein endå større sjanse enn det har vore nokon gong.

Men igjen vart det ikkje noko av ambisjonane. Etter at han var ferdig med karrieren, tok Hushovd sjølv grep. I 2015 melde TV 2 at Hushovd skulle starte eit norsk profflag, med eit mål om Tour de France-deltaking i 2017.

– Det skal vere eit slags Team Noreg, med norsk profil. Vi skal samle det beste innan norsk sykkelsport, sa Hushovd til NRK.

Arvesen, Rasch og Hushovd sykkel-VM 2006

TEAM NOREG: Det var mange som prøvde å etablere eit norsk profflag før Uno-X tok steget opp. Her er det norske laget før VM-fellesstarten for herrar i 2006. Frå venstre: Kurt Asle Arvesen, Gabriel Rasch og Thor Hushovd.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Han la likevel til at det «er jobben med å finne pengar som er vanskeleg og tøff».

For Hushovd vart det òg med draumen.

– Det som er litt synd med sykkelsporten er at det er éi stor inntektskjelde. Det er sponsorpengar. Viss du tek andre sportar, som fotball, så har du mellom anna TV-rettspengar og billettsal. Det finst dessverre ikkje i dag i sykkelsporten, seier Hushovd til NRK under Tour de France.

Den tidlegare sykkelstjerna, no ekspertkommentator for TV 2, held fram:

– No har dei (Uno-X) ein sterk sponsor og eigar i ryggen og dei har vore flinke med å byggje stein på stein. Dei har ein bra organisasjon. Noreg har også gode ryttarar no – og då klarer dei å få det til, seier Hushovd.

– Det har vore prata om så lenge eg har sykla Tour de France og før det òg. Det som er unikt med det sykkellaget her er at det er ein eigar, ein sponsor og eit system bak som vil ha eit sykkellag. Det er ikkje eg, Gabriel Rasch og Stig Kristiansen som er ute og skal finne ein sponsor, seier Kurt Asle Arvesen, tidlegare sykkelproff og no sportssjef i Uno-X.

– Her er det eit stort konsern bak som vil ha eit sykkellag. Det er kjempespesielt og det gjer alt mykje enklare. Det er ein draum og eit eventyr å få vere med på, seier han vidare.

Hushovd Arvesen 2004

TOUR-STJERNER: Thor Hushovd og Kurt Asle Arvesen sykla begge ei rekkje utgåver av Tour de France. Spesielt for Hushovd var det med stor suksess, med ti etappesigrar, to sigrar i poengkonkurransen og ti dagar i den gule leiartrøya. Arvesen vann éin etappe i Tour de France.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

2022-kostnader: 141 millionar

For sjølv om sykkellaget Uno-X får årlege midlar i marknadsføringsbidrag, som det står oppført i rekneskapane, frå Uno-X Noreg, så er selskapet som styrer sykkellaget også heileigd av Uno-X-konsernet.

Medan tidlegare prosjekt har leita etter sponsorar og partnarar, har Uno-X i stor grad brukt av eigne midlar for å komme seg heilt fram til Tour de France.

Sidan selskapet til sykkellaget vart oppretta hausten 2016 og til og med rekneskapsåret 2022, har Uno-X Noreg totalt bidrege med 363 millionar kroner i marknadsføringsbidrag. Det viser dei offentlege rekneskapstala til selskapet. Dei andre inntektene til laget i perioden har vore på rett over 9 millionar kroner.

I 2022 var kostnadene oppe i 141 millionar kroner. Det som starta med eit herrelag på elleve ryttarar hadde då vorte til eit profflag for både kvinner og menn, og dessutan eit utviklingslag for menn. Elleve ryttarar hadde vorte til 55 og marknadsføringsbidraget til Uno-X var oppe i 138,5 millionar kroner.

Om 2023-tala seier Haugland at dei gjer det dei meiner er rett og viktig for verksemda, og at marknadsføringsbidraget er «eit tal som er i rørsle heile tida». Akkurat kor stort bidraget for 2023 vil bli, vil han ikkje kommentere, men:

– Det er vanskeleg å reise til Tour de France og bruke mindre enn det du brukte i fjor, seier han med eit smil.

Kristoff Tiller Tour of Norway

LEIARSTJERNA: Alexander Kristoff signerte for Uno-X før sesongen i år. Her frå sigeren på avslutningsetappen i Tour of Norway, med Rasmus Tiller jublande bak.

Foto: Szymon Gruchalski/Uno-X Pro Cycling

Halv milliard sidan oppstarten

Med eit nøkternt anslag på eit marknadsføringsbidrag på same nivå som i 2022, 138,5 millionar, vil Uno-X ved sesongslutt i så fall ha sprøyta inn rett i overkant av 500 millionar kroner, ein halv milliard, i marknadsføringsbidrag til sykkellaget sidan oppstarten hausten 2016.

– Er det prislappen for å få ein billett inn i dette sirkuset?

– Du må dele den prislappen på nokre år, men du kjem deg ikkje inn i Tour de France, eitt av dei største idrettsarrangementa i verda, utan at du satsar. Og så er det utruleg viktig, når du tek fram dei tala, at det er dei marknadsføringskronene vi bruker. Det er ein marknadsstrategi for verksemda vår, seier Haugland, og held fram:

– Vi gjer ikkje dette berre fordi det skaper god stemning internt. Vi gjer det fordi vi ser at det har effekt på dei marknadene vi er i og vi gjer det fordi vi trur vi byggjer noko veldig solid for det som vi skal inn i som verksemd òg. Det heng saman.

Uno-X NM 2023

LOKOMOTIVET: Medan ryttarar som Rasmus Tiller og Søren Wærenskjold takka nei til tilbod frå Uno-X til fordel for det no nedlagde Joker-laget tidlegare i karrieren, er det norske profflaget no den store drivkrafta i norsk sykkelsport. I NM-fellesstarten for herrar tok dei sju av dei åtte første plassane.

Foto: Carina Johansen / NTB

– Det er sjølvsagt mykje pengar. Men no er vi jo på den største scena i verda, Tour de France. Dei forsvarer det med at det har vore ei bra investering og dei får mykje igjen. Det blir brukt mykje pengar i andre typar marknadsføringar som TV-reklamar og aviser. No har Uno-X fokusert på sykkelsporten og heldigvis så kan dei regne det heim, seier Hushovd.

Rekneskapane til Uno-X viser også ein stor omsetningsvekst, frå 2,86 milliardar i 2016 til 7,82 milliardar i 2022.

– Eg har alltid sagt at viss du gjer ting rett med merkevara di og marknaden din, så får du fleire kundar i morgon enn du har i dag. Den reisa har Uno-X vore på i ti år, seier Haugland.

Jens Haugland Uno-X

SYKKELSJEFEN: Jens Haugland er sjef for både selskapet og sykkellaget Uno-X. Her utanfor hotellet til laget i dagane før Tour de France-starten.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

– Katalysator for realiseringa til mange sine draumar

Uno-X er heileigd av Reitan-konsernet, som også inkluderer mellom anna Rema 1000 og Narvesen. Ole Robert Reitan er ein av medeigarane i familieselskapet og var til stades i Frankrike førre veke.

– Det er ein katalysator for realiseringa til mange sine draumar, det her. Det er vi veldig glad for. Ein lykkast aldri åleine. Ein lykkast som eit lag. Her har vi fått med oss veldig mange gode krefter, som er stolte og også får realisert sine eigne draumar gjennom dette, seier Reitan.

– Vi bruker jo ikkje noko pengar på noka anna marknadsføring i Uno-X. Det einaste vi gjer er den sykkelsatsinga. No er ho ganske heftig, men viss du reknar i prosent av resultatet, så bruker vi mindre pengar på marknadsføring i Uno-X enn til dømes Rema 1000. Sånn sett kjenner vi at vi kan forsvare det marknadsføringsmessig.

Lagsjefen har «angst» for å bli for store

Uno-X fekk ein første forsmak på Tour de France då dei deltok i kvinnenes Tour de France i fjor, og både herre- og kvinnelaget har delteke i fleire av det største rittet i verda. Men:

– Det rundt kan ikkje samanliknast med nokon ting i verda. Når du står på innsida ... Eg har aldri opplevd noko slikt idrettsmessig tidlegare, seier Haugland om førsteinntrykket frå Touren i år.

Lagsjefen er klar på at Tour de France-deltakinga ikkje på noko vis er ein endestasjon for prosjektet. Laga har eit klart mål om å bli blant dei 18 laga som får innvilga lisens som WorldTeam, det høgaste nivået til sykkelsporten.

Rasmus Tiller Hageland

POENGPLUKKAR: Rasmus Tiller er blant dei som har køyrt inn mange rankingpoeng for Uno-X dei siste åra. Her frå sigeren i Dwars door heitte Hageland i juni.

Foto: Andy Rogers, fameandspear/Uno-X Pro Cycling

Då vil dei automatisk vere inviterte til ritt som Tour de France, utan å vere avhengig av ein invitasjon, slik situasjonen er i år.

Men sjølv om ambisjonane er å vekse vidare, er Haugland svært oppteken av éin ting:

– Det er kritisk for oss å opptre som liten, sjølv om vi blir store. Det er veldig, veldig vanskeleg. Eg har angst for å ikkje vite kven vi skal snakke med viss vi har ei utfordring i laget vårt, berre fordi vi har vorte for store. Slik skal vi ikkje ha det.

– Ingen som hadde drøymt om det

Fleire av personane som no er til stades i Tour de France for Uno-X, har vore med sidan den første sesongen til laget. Blant dei er sportssjef Arvesen og dei to ryttarane Torstein Træen og Jonas Abrahamsen.

Arvesen seier det er ein «litt klype seg i armen-følelse» at laget no er med i Tour de France.

– Det var definitivt ikkje målsetjinga mi å komme opp hit då eg kom tilbake til Noreg frå Team Sky. Då Jens Haugland ringde meg for å vere ein del av dette prosjektet, så hadde eg sett for meg å få ei rolle i eit mindre lag. Det er det for så vidt framleis òg, men at vi skulle stå her nokre år etterpå, det var det ingen som hadde som målsetjing eller drøymt om. Det har komme stille og roleg, seier Arvesen.

Jonas Abrahamsen

MED FRÅ STARTEN: Jonas Abrahamsen (til høgre) har sykla for Uno-X sidan oppstarten. Her frå søndagsetappen, der han var i brot saman med lagkamerat Jonas Gregaard.

Foto: BENOIT TESSIER / Reuters

– Då vi starta laget, var vi sikkert ikkje meir enn 20 totalt sett med mekanikarar, soigneurer, ryttarar og sportsdirektørar. No er vi sikkert oppimot 100, om ikkje meir. Den reisa vi har hatt frå 2017 har vore veldig stor. Eg er veldig takksam for at eg har vore med på den frå starten. Det er eit eventyr, seier Abrahamsen.

Sportsnyheter

Sydde ti sting etter stempling i ansiktet: – Halve hodet hans var åpent

Bård Finne satte knottene rett i ansiktet på KFUM-keeper Emil Ødegaard, som endte på legevakten. Men om det var rødt kort var ekspertene rivende uenige om.

Ben White

Oppsiktsvekkjande Arsenal-grep felte rivalen: – Idiotisk av Spurs

Arsenal senka Tottenham i jakta på ligagull. Eit oppsiktsvekkjande daudballgrep frå «The Gunners» blir hylla av NRKs ekspert.

Siste nytt

  • Thorstvedt-mål ikke nok for Sassuolo

    Kristian Thorstvedts scoring hjalp lite da Sassuolo tapte 1-5 borte mot Fiorentina i Serie A søndag kveld.

    Grønntrøyene fortsetter dermed på 19.-plass og har fem poeng opp til Empoli på trygg plass når det gjenstår fire kamper av sesongen.

    Thorstvedt skapte fornyet håp for gjestene da han banket inn 1-2-scoringen etter 57 minutter.

    Dessverre for siddisen og resten av Sassuolo-laget økte Nicolás González til 3-1 det påfølgende minuttet. Vertene var imidlertid ikke ferdig der, for bare ni minutter etter Thorsvedts scoring hadde Fiorentina satt inn ytterligere to mål.

    Dermed begynner det å se fryktelig skummelt ut for Thorstvedt & co. I kampen om å beholde plassen skal Sassuolo opp mot Inter (h), Genoa (b), Cagliari (h) og Lazio (b).

    Emil Konradsen Ceide startet kampen på benken, men kom inn etter 73 minutter. Marcus Holmgren Pedersen så hele oppgjøret fra sidelinjen. (NTB)

    Kristian Thorstvedt
    Foto: AP
  • Daland reddet uavgjort for Cercle Brugge – Vetlesen med mål og assist i Brugge-seier

    Jesper Daland berget 1-1 for Cercle Brugge hjemme mot Anderlecht, mens Hugo Vetlesen herjet i Brugges 3-0-seier borte mot Genk i belgisk fotball søndag kveld.

    Den belgiske ligaen har gått over i sluttspillsfasen, hvor Anderlecht topper mesterskapsgruppen. Det er imidlertid bare målforskjell som skiller Brugge på 2.-plass.

    Søndag gjestet Vetlesen & co. Genk, som har falt av i toppkampen etter 0-3-tapet.

    Kyriani Sabbe sendte gjestene i ledelsen etter 38 minutter, før Vetlesen doblet halvveis inn i andre omgang. Fire minutter senere gjorde nordmannen seg tellende igjen da han spilte opp Igor Thiago på 3-0-målet.

    Antonio Nusa startet også for gjestene, men ble byttet ut til pause.

    Cercle Brugge er også hektet av i gullkampen, men Daland ga imidlertid en håndsrekning til landsmann Vetlesen i kampen om ligagullet da han sikret 1-1 etter 51 minutter.

    Kristian Arnstad satt hele kampen på benken for Anderlecht. (NTB)

    Hugo Vetlesen
    Foto: AP
  • Elleville overtidsminutter da Odd reddet uavgjort

    Tre sene scoringer sørget for 3-3 mellom Odd og Viking i Skien.

    Viking-kaptein Zlatko Tripic trodde han hadde avgjort det hele da han scoret fire minutter på overtid. Men Odd ville det annerledes. Mikael Norø Ingebrigtsen scoret seks minutter på overtid og reddet ett poeng for hjemmelaget.

    Harald Tangen Nilsen scoret kampens første mål etter 25 minutter. Kun ti minutter senere var kampen snudd. Først med et skudd fra Odds Tobias Svendsen via en Viking-spiller og i mål, så med en ny fulltreffer fra sammen mann etter en pasning ut 45 grader og inn i feltet.

    Viking presset på for utligning i andreomgang, og lyktes fire minutter før fulltid med et skudd fra Peter Christiansen.

    Så scoret Tripic etter et godt forarbeid fra Lars-Jørgen Salvesen, før Ingebrigtsen ga Odd ett poeng med et vakkert skudd.

    Odd ble i tillegg redusert til ti mann like før Ingebrigtsen 3-3-utligning, da Mihajlo Ivancevic fikk sitt andre gule kort på overtid.

    Hjemmelaget befinner seg dermed på 8. plass, med Viking to plasser bak etter henholdsvis seks og fem spilte kamper.

Sendeplan

Kl. Program Kanal