Hopp til innhold

Austerriksk stjerne frir til Stöckl: – Viss ikkje dei vil ha han, tek vi han

Verdas beste skihoppar, Stefan Kraft, forstår lite av dei norske hopparane som vil kvitte seg med Alexander Stöckl som landslagstrenar. No ber han Stöckl «kome heim».

World Cup Ski Jumping Lake Placid

HEIM: Verdscupleiar Stefan Kraft ønsker seg Alexander Stöckl som trenar.

Foto: Robert F. Bukaty / AP

– Han bør kome tilbake til Austerrike. Vi treng han, kjem det kontant frå mannen som leiar verdscupen i hopp, Stefan Kraft, når NRK møter han i Holmenkollen.

Dei norske hopparane skreiv etter VM i Kulm i januar eit brev til hoppkomitéen, der dei bad om at Alexander Stöckl vart fjerna som landslagstrenar. Hopparane ønska seg eit nytt leiarteam inn mot VM på heimebane neste år.

Kraft har stått på utsida og fylgt det norske hoppdramaet.

– Eg tenker at det ikkje er ein enkel situasjon. Eg veit ikkje kva som har skjedd, så eg kan ikkje seie så mykje om det. Det er kanskje nokon misforståingar frå begge sider, både utøvarar og trenarar. Det beste er å snakke om problema og løyse det, seier Kraft.

Stefan Kraft fra Østerrike etter kvalifiseringen i Lysgårdsbakkene på Lillehammer i RAW AIR turneringen for skihopperne.

ØNSKA: Alexander Stöckl og Stefan Kraft under Raw Air i 2017.

Foto: Geir Olsen / NTB

Kraft er ikkje i tvil om at Stöckl, som flytta til Noreg for å bli norsk landslagssjef i 2011, er ein attraktiv trenar for andre nasjonar.

– Han er ein god mann. Eg synst han er ein av dei beste innan skihopping. Han har fått til mykje her i Noreg. Om ikkje dei vil ha han, så tek vi han, seier han med eit smil.

Les også Falt og fikk Raw Air ødelagt: – Gjør skam på Holmenkollen-rennet

ZWxtwPjg1z0

Stöckl: – Helt fantastisk

Alexander Stöckl er ikkje til stades i Holmenkollen under årets Raw Air-konkurranse som starta fredag, sjølv om hopparane ikkje hadde noko i mot at han var til stades i bakken.

Der hoppa Kraft inn til siger på laurdag og ein tredjeplass på søndag.

Men den austerrikske trenaren blir rørt når NRK fortel ham om kva Kraft har sagt.

– Det er heilt fantastisk i utgangspunktet. Eg set pris på at dei som kjenner meg godt tykkjer det om meg, seier Stöckl til NRK.

Alexander Stöckl

TRENAR: Alexander Stöckl har trena dei norske hopparane sidan 2011.

Foto: ISMAIL BURAK AKKAN / NRK

30-åringen, som har herja i verdscupen i mange år, var sjølv under vengene til den norske landslagstrenar då han var 18 og 19 år gamal.

– Eg kjenner jo Stefan godt. Det er litt for mykje ros, men det er heilt fantastisk. Stefan har jo gjennom karrieren si også utvikla seg til å bli ei stor personlegdom med gode verdiar. Han er ei veldig audmjuk kar, fortel Stöckl.

– Han imponerte meg mykje. Ein mann med ein klar plan og han visste kva man skulle gjere. Eg hadde ei veldig fin tid med han, seier Kraft om sin tidlegare trener.

Vil bli i Noreg

Skiforbundet i alpelandet har i fleire år vist interesse for å hente Stöckl heim. Austerrike blir i dag trena av den tidlegare storhopparen Andreas Widhölzl, som har vunne den tysk-austerrikske hoppveka og har OL-gull frå lagkonkurransen i hopp tilbake i 2006.

– Vi har ein god trenar i Widhölzl, men vi treng mange gode trenarar i heile laget, så ein er ikkje nok. Vi er eit stort lag, understrekar Kraft.

Verdenscup RAW AIR i Holmenkollen HS 134

STJERNE: Stefan Kraft, her frå hopprennet i Holmenkollen laurdag.

Foto: Geir Olsen / NTB

Men den norske landslagstrenaren seier at det ikkje er aktuelt å reise frå Noreg akkurat no.

– Nei, ikkje no. Vi er godt etablerte i Noreg, så vi har ikkje nokon tankar om å dra noko anna stad. Det å jobbe for Austerrike blir vanskeleg, seier trenaren.

– Det er framleis Noreg som gjeld?

– Ja, vi er busett her. Det er her vennene våre er, vi er godt etablerte og dottera vår går på skule. Så vi har ingen planar om å flytte, seier Stöckl.

I utgangspunktet har han ei kontrakt som strekk seg til 2026, men situasjonen rundt trenaren er framleis usikker.

Clas Brede Bråthen - Jan Petter Saltvedt

Bråthen går av tidlig i protest – får knallhardt svar av NRK-kommentator: ​​​​​​​ – Det holder nå

Sportsnyheter

Tar æren for gedigen Selnæs-tabbe: – Den er jeg veldig fornøyd med

Det gikk fullstendig galt for Rosenborg-veteran Ole Selnæs foran et fullsatt Lerkendal. Etter Selnæs-tabben gikk det fra vondt til verre for Rosenborg mot ustoppelige Bodø/Glimt.

Siste nytt

  • Lilleberg og Lightning slo Panthers

    Emil Lilleberg og Tampa Bay Lightning tok sin første seier i årets NHL-sluttspill og reduserte til 3–1 i kamper mot Florida Panthers.

    Nattens kamp endte 6-3 i Amalie Arena i Tampa Bay. Lilleberg fikk 19 minutter og to sekunder på isen, men noterte seg ikke for noen målpoeng.

    Lightnings seier betyr dermed at lagene i hvert fall må ut i en femte kamp for å avgjøre vinneren av best av sju-serien. Den kampen spilles natt til tirsdag norsk tid. (NTB)

    YIumGPwHu2A
    Foto: AP
  • VAR-drama da Aston Villa snublet mot Chelsea

    Det ble 2-2 mellom Aston Villa og Chelsea på Villa Park lørdag kveld, etter en opphenting fra bortelaget. VAR sørget for at Chelsea ikke stakk av med seieren.

    Dermed tapte Villa viktige poeng i kampen om Mesterliga-plass. De ligger foreløpig som nummer fire, med tre kamper mer spilt, og syv poeng foran Tottenham på 5. plass.

    Aston Villa tok ledelsen allerede etter fire minutter. Marc Cucurella var uheldig og scoret selvmål.

    Et kvarter ut i kampen scoret Chelsea-spiss Nicolas Jackson, men etter en VAR-sjekk ble scoringen annullert for offside. Senere i omgangen var Jackson nære på med en heading, men denne gangen var det stolpen som hindret utligningen for Chelsea.

    I stedet var det Aston Villa som doblet ledelsen med et langskudd fra Morgan Rogers.

    Det tok 62 minutter før bortelaget fikk sin uttelling. Chelsea vant ballen etter høyt press og Noni Madueke curlet ballen i lengste hjørne og reduserte for gjestene.

    Og Chelsea var ikke ferdig. Ti minutter før slutt vartet Conor Gallagher opp med en nydelig utligning for gjestene.

    Cole Palmer var centimeter unna å sende Chelsea i ledelsen på overtid, men Robin Olsen reddet ut til hjørnespark.

    Hjørnesparket endte opp hos Axel Disasi, som trodde han sluttførte snuoperasjonen da han scoret 3-2 med en heading via Olsen. VAR ville dog ha et ord med i laget, og annullerte scoringen for en dytt i forkant.

    Chelsea blir med det værende på niendeplass, 19 poeng bak Villa.

    Gallagher
    Foto: Reuters
  • Ruud enkelt videre i Madrid

    Casper Ruud lå under 0-2 i første sett, men deretter dominerte kan kampen mot Miomir Kecmanovic i 2. runde av ATP 1000-turneringen i Madrid.

    Dette er en av de mest prestisjetunge turneringene utenom de fire Grand Slam-turneringene.

    Ruud vant kampen 6-4, 6-1.

    I neste runde venter britiske Cameron Norrie, som slo brasilianske Joao Fonseca 6-1, 6-4.

    – Jeg nyter virkelig å være på grusen, det er min favorittid av sesongen. Nå er vi tilbake på grusen i Europa og det liker jeg godt. Det var ikke lett i dag. Det var en litt trøblete start og det tok tid å bli vant til det. Jeg er fornøyd med prestasjonen, sa Ruud etter seieren.

    (NTB/NRK)

    Casper Ruud Madrid
    Foto: Ana Beltran / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal