– For min del kunne han fint vore i bakken her, seier Halvor Egner Granerud til NRK.
– Kvifor blei det ikkje sånn då?
– Eg fekk eigentleg inntrykket av at Alex ikkje ville. At det går litt begge vegar på ein måte. Vi har jo ikkje sett nokon stoppar for at han skal vere i anlegget her.
Torsdag hadde utøvarane eit møte der dei diskuterte om Stöckl skulle få vere med. Der skal dei ha kome fram til at austerrikaren var velkommen, men ikkje som trenar.
– Vi stod samla som utøvargruppe og tilbydde Alex å vere til stades i Holmenkollen, seier Johann André Forfang til NRK.
– Har han svart dykk på det?
– Ja, han takka vel eigentleg nei til å stille her, så veit ikkje vi noko meir enn det.
– Eg fekk eigentleg ein annan beskjed
I februar kunne NRK erfare at utøvarane var misnøgde med landslagstrenaren. Etter dette har ikkje Stöckl reist med landslaget på verdscup.
Torsdag blei det kjent at den austerrikske trenaren ikkje blir å sjå under Raw Air. Fredag kveld forklarer Stöckl kvifor.
– Dei sa det var greitt du blei med, men at du ikkje ville vere med?
– Eg fekk eigentleg ein annan beskjed. Eg ønskte å fylle rolla mi som hovudtrenar. Det var ikkje ønskeleg frå dei. Dei sa eg kunne vere med, men ikkje vere med på å flagge, seier Stöckl til NRK fredag kveld. .
– Dei ønskte at du berre skulle vere med og ikkje ha ansvar?
– Ja, berre at eg skulle vere der. Og det kjentest veldig rart. Da bad eg om forståing om at det ikkje var mogleg. For eg fekk ikkje vere hovudtrenar, fortel Stöckl.
Klart standpunkt
Stöckl har kontrakt fram til 2026. Men dei norske hopparane har uttalt at dei ønsker eit nytt team på plass til neste sesong.
Avtroppande hoppsjef Clas Brede Bråthen skulle eigentleg vere i jobben fram til 1. mai. Men fredag valde han å gå av på dagen. Det er ennå usikkert korleis støtteapparatet vil sjå ut.
Det er utstyrssjef Magnus Brevig og assistenttrenar Thomas Lobben som styre laget under Raw Air.
Granerud seier at heile situasjonen er trist, men at hopparane står samla.
– Det er jo veldig sårt når det gjeld eit punkt når du føler at det kanskje ikkje fungerer like bra lenger, seier han.
– For din del kunne Stöckl ha vore i bakken, men det er nokon det ikkje går greitt for?
– Tja, det går vel eigentleg greitt for alle å ha han rundt i anlegget.
– I møtet ønskte dykk han velkommen til å vere med?
– Kanskje ikkje velkommen til å vere med, men vi hadde ikkje noko imot at han var her, avsluttar Granerud.
Forfang blei beste nordmann i kvalifiseringa i Holmenkollen fredag. Han enda på ein andreplass bak austerrikske Daniel Huber. Marius Lindvik blei nummer tre.
Det første Raw Air-rennet i Holmenkollen startar klokka 14.40 laurdag.