Ifølgje spanske aviser returnerer Ødegaard til Heerenveen, medan nederlandske medium melder at 19-åringen skal til ein annan nederlandsk toppklubb: Vitesse.
Agent Bjørn Tore Kvarme vil ikkje røpe kva klubb Ødegaard skal til, men bekreftar i ein SMS til NRK at Ødegaard skal lånast ut.
– Vi vart einige med Real Madrid i går om at Martin bør spele i ein annan klubb komande sesong. Vi vurderer ulike alternativ. Ei løysing nærmar seg, skriv Kvarme.
TO KAMPAR: Martin Ødegaard har spelt to offisielle a-kampar for Real Madrid. Her ser vi han i cupkampen mot Cultural y Deportiva Leonesa i desember 2016.
Foto: Erik Johansen / NTB scanpix– Eit logisk utlån
Fotballskribent Thore Haugstad meiner - uavhengig av kva klubb Ødegaard blir lånt ut til - at det er heilt logisk at 19-åringen prøver seg ein annan plass enn i Real Madrid komande sesong.
Fotballekspert: Thore Haugstad.
– Han er ikkje god nok for a-laget heilt enno. Samtidig er han for moden til å spele på farmarlaget Castilla. Så at Ødegaard blir lånt ut igjen er logisk, seier Haugstad.
Og viser til at spelarar som Marco Asensio, Dani Carvajal og Lucas Vázquez alle har blitt lånt ut frå Real Madrid, for seinare å gjere suksess på a-laget.
– Dei var også eldre enn Ødegaard då dei vart lånt ut. Så dette viser at Real Madrid framleis har trua på han. Og hadde dei ikkje hatt det, ville dei i staden selt han. Så dette er slett ikkje noko dårleg teikn, meiner Thore Haugstad.
Som sjølv har budd 11 år i Madrid.
I NEDERLAND: Martin Ødegaard og Morten Thorsby har spelt saman i Heerenveen i ein og ein halv sesong. No kan Ødegaard igjen bli lagkamerat med Thorsby.
Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpixVart ikkje utteken
Ødegaard spelte 43 kampar og scora fire mål for Heerenveen frå han vart lånt ut på nyåret 2017 og fram til i vår.
I sommar vende Ødegaard tilbake til Real Madrid. Han har fått sjansen som innbytar i fleire treningskampar.
– Ødegaard er på veg vekk etter å ha blitt vraka til supercup-troppen, melder den spanske avisa AS, og viser til onsdagens supercupfinale i den etiske hovudstaden Tallinn.
Regjerande Meisterliga-vinnar Real Madrid har tatt ut heile 29 spelarar til møtet med Europaliga-vinnar Atlético Madrid.
Men som einaste spelar er ikkje Ødegaard tatt ut.
12 landskampar
Grunnen er ifølgje ei anna spansk avis, Mundo Deportivo, at drammensaren er på veg tilbake til Heerenveen.
Men nederlandsk media melder på si side at Ødegaard er på veg til Vitesse. Det er mellom andre Roelof de Vries i avisa Omrop Fryslan som skriv dette.
Vitesse vart nummer seks i den nederlandske æresdivisjonen sist sesong, to plasseringar over Heerenveen.
LANDSLAGSSPELAR: Martin Ødegaard har spelt 12 a-kampar for Norge, i tillegg til 17 kampar for U21-landslaget.
Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpixPS. Martin Ødegaard spelte 25 kampar og scora fem mål for Strømsgodset sitt a-lag i 2014. Vidare fekk han to offisielle a-kampar og 62 kampar for farmarklubben Castilla i Real Madrid før han vart lånt ut til Heerenveen i januar 2017. Ødegaard har dessutan 12 a-landskampar for Norge.