Ein månad ut i sesongoppkøyringa har NRK kartlagt kva skistjerna har gått glipp av fordi han ikkje vil underteikne utøvarkontrakta til skiforbundet.
– Han trenar sikkert beinhardt åleine, og gjer mykje bra arbeid. Men han får ikkje den gnisten og gløden som er i eit lag, meiner NRKs alpinekspert, Lars Elton Myhre, og som har ti år bak seg som alpinist på landslaget.
Testing på Olympiatoppen
Måndag 22. mai byrja den offisielle sesongoppkøyringa med alpinistane sin årlege Ironman-test på Olympiatoppen i Oslo - utan Kristoffersen
Testen består av åtte ulike øvingar som gir eit godt bilete på det fysiske nivået til alpinistane før sesongen.
Utøvarane må blant anna gjennom 3000 meter løping, knebøy og benkpress, samt ulike spenst og mageøvingar.
Sykkelturar
Etter Ironman-testen venta nokre dagar med barmarkstrening på Toppidrettssenteret ved Sognsvann, eit senter Kristoffersen akkurat no er utestengt frå.
– Det største tapet for Henrik er å miste den korte perioden av året der alpint er hundre prosent ein lagidrett. Det er ein viktig og blytung treningsperiode som kostar lite for hovudet, dersom du deler den med gode lagkameratar, meiner Elton Myhre.
Frå onsdag 24. mai og fleire dagar framover arrangerte barmarkstrenar Lars Mæland treningsleiren med det interne kallenavnet «Camp Lars».
Treninga besto blant anna av tøffe styrkeøkter, og lange sykkelturar, blant anna på skogsvegane i Nordmarka i Oslo.
Crocket-speling
Fra måndag 12. - 16. juni var det treningssamling i Kragerø på familiehytta til Aleksander Aamodt Kilde.
Herrelandslaget var samla til sosialt fellesskap og harde økter.
Det sosiale besto blant anna av bading og båtkøyring, i tillegg til beinhard styrketrening og sykling.
Også crocket-speling stod på programmet, viser biletet til Kjetil Jansrud på Instagram.
På ski 1. august
Denne veka har alpinistane trent saman på ulike stadar i Oslo, blant anna på Toppidrettssenteret.
– Eg trenar mykje åleine, men eg har ein del kompisar som er bra trent. Og eg får mykje hjelp frå Crossfit Oslo, så det går veldig fint, sa Kristoffersen til NRK tysdag.
Trass i at han er utestengt sa Kristoffersen til NRK at han er i betre fysisk form enn på same tid i fjor.
1. august skal alpinlandslaget etter planen på snø for første gang på Folgefonn Sommarskisenter i Hordaland. Spørsmålet er om det blir med - eller utan Henrik Kristoffersen.
22-åringen sa til NRK tysdag at han skal på snø i løpet av august, anten i Norge eller i mellom-Europa.