Noko manglar framleis for Aksel

OL, VM og verdscupen - Aksel Lund Svindal har høvla gjennom alt. No må han berre vinne utforrenna i klassiske Kitzbühel og Wengen, meiner Kjetil André Aamodt.

Aksel Lund Svindal

Her har Aksel Lund Svindal køyrt ut under utforrennet i Wengen i januar i år - i førre sesong. Kjetil André Aamodt meiner utfor-siger i Wengen og Kitzbühel er noko som står igjen for Svindal.

Foto: FABRICE COFFRINI / Afp

Søndag klokka 09.20 kan du sjå verdscupopninga for mennene i alpint direkte på NRK1. Første konkurranse er storslalåm i Sölden. Då går startskotet for forlenginga av ei allereie fantastisk Aksel Lund Svindal-karriere.

Svindal
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Les berre:

11 meisterskapsmedaljar, derav seks gull, to samanlagtsigrar i verdscupen og 21 individuelle verdscupsigrar. I tillegg har han eit greitt kobbel NM-medaljar og fleire samanlagtsigrar i dei ulike disiplinane i verdscupen.

– Det er ein grunn til at han er på veg til å bli ei legende i alpinsporten. Han har vunne OL, VM og verdscup, og berre det at han vann utfor-VM for andre gong, som veldig få har gjort før han, opnar Kjetil André Aamodt.

Saman med kommentatorkollega i NRK, Andreas Toft, har Aamodt varma opp til vinterstarten i første utgåve av vinter-nettserien «Tjuvstart».

Aamodt og Toft har mellom anna samanlikna fjorårets samanlagtvinnar Marcel Hirscher med legendariske Ingemar Stenmark , og meiner ein «biffa» Ted Ligety blir livsfarleg i årets verdscup .

Saka held fram under videoen.

Aksel Lund Svindal har vunne OL, VM og verdscup. No manglar han berre utforsigrar i superklassikarane i Kitzbuhel og Wengen, meiner Kjetil André Aamodt.

Andreas Toft og Kjetil André Aamodt kommenterer alpint, og kjem med tankar i nettserien Tjuvstart før sesongopninga.

– Han burde eigentleg legge opp

Medan Kjetil Jansrud framleis må trene roleg etter korsbandskaden som øydela VM, har Lund Svindal trent for fullt.

KJETIL ANDRE AAMODT

Kjetil André Aamodt står med 21 verdscupsigrar, og blir truleg passert av Lund Svindal i årets sesong. Her er Aamodt i aksjon på Kvitfjell.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Han sagt at verdscupen er viktigare enn OL , noko Aamodt forstår - delvis.

– Då er du den beste over éin sesong, men mi erfaring tilseier at det er enkeltsigrane ein sit igjen med.

Den tidlegare superalpinisten har tatt nok av OL- og VM-medaljar i si aktive karriere, men må truleg sjå Lund Svindal gå forbi i talet på verdscupsgirar.

– Han står med 21 verdscupsigrar, like mange som denne karen her, smiler medkommentator Toft og ser på Aamodt.

– Så han får ikkje vinne meir. Han burde eigentleg legge opp, repliserer Aamodt humoristisk.

At verdscupsiger nummer 22 kjem søndag i Sölden trur derimot NRK-kommentatorane blir for tøft. Til det er Ligety for suveren i storslalåm, meiner dei.

– Eg tippar han tek det i Lake Louise (27. november til 1. desember, journ.anm.), seier Aamodt.

Fartsspesialisten manglar fartsklassikarar

Aksel Lund Svindal

Aksel Lund Svindal var ikkje happy etter tiandeplassen i utforrennet i Kitzbühel.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Spesielt to renn i verdscupen trur derimot Aamodt at Lund Svindal er lysten på å vinne.

– Det einaste som står igjen er at han vinn utfor i både Kitzbühel og Wengen - då er det komplett.

Aamodt peikar på at det norske OL-håpet har slite i dei to superbakkane.

– Eg veit ikkje kvifor, for han er så rå i mange andre bakkar. Men han er aller beste i halvflate super-G-bakkar. Då har han tempo og kraft som ingen er nær å matche.

– Der dominerte han i fjor og vann fire av fem. Det er litt vanskeleg å seie kvifor han har slite i klassikarane, seier Aamodt.

Saka held fram under bildet.

Aksel Lund Svindal

Her i Wengen er Aksel Lund Svindal lysten på å lukkast, trur Aamodt.

Foto: Ruben Sprich / Scanpix/Reuters

Påverka av favorittstempel?

I sesongen som gjekk fall Lund Svindal etter å ha leia etter første omgang i Wengen, medan han vann super-G-en i Kitzbühel, seier Toft. Utforrennet i den historiske bakken blei derimot ein nedtur .

Toft prata med Lund Svindal om nettopp Kitzbühel under oppkøyringa til årets sesong.

– Han hadde vore best alle dagar, og var så stor favoritt, og han innrømma at det kanskje verka inn på han, seier NRK-kommentatoren.

– Han fekk litt høge skuldrer og det var litt isete og slagete då. Slappar du ikkje av i kroppen, og senkar skuldrene, så får du slaga mot deg i staden for å svelgje dei, følgjer Aamodt opp med.

Då går tida fort, slår kommentatorane fast. No håper dei at det blir to sigrar, og Lund Svindal er kald nok til å klare det, meiner Aamodt.

Aksel Lund Svindal

Her er Aksel Lund Svindal i aksjon i Beaver Creek før den karrieretrugande skaden.

Foto: MIKE SEGAR / REUTERS

– Beaver Creek beste eksempel

Det beste eksempelet er frå 2007.

– Då han heldt på å stryke med i Beaver Creek. Året etter vinn han det utforrennet. Det viser kor modig, profesjonell og kalkulert han er, seier Aamodt.

Han meiner det er nær ingenting å utsetje på Aksel Lund Svindal som idrettsmann.

– Eg er overbevist om at han gjer mykje riktig og at vi vil ha mykje glede av han, avsluttar den tidlegare alpinisten.

Ifølgje Toft og Aamodt «sprudlar» det norske håpet for tida, og er lett i kroppen. Så står det igjen å sjå kor lenge det går før årets første triumf kjem.

Programleder Ida Nysæter Rasch tok en uformell prat om den kommende alpinsesongen med kommentatorer Andreas Toft og Kjetil Andre Aamodt. Verdenscupen starter lørdag.

Programleder Ida Nysæter Rasch tok en uformell prat om den kommende alpinsesongen med kommentatorar Andreas Toft og Kjetil André Aamodt.

Siste nytt

  • «The Joker» tar ny storkamp

    MMA-utøver Jack Hermansson kommer tilbake med kamp mot tidligere UFC-mester Chris Weidman, melder SVT. Kampen går i Oklahoma 2. mai. – Det blir kult å møte Weidman, som er en legende i sporten, sier Hermansson til SVT.

    Jack Hermansson
    Foto: Michael Reaves / AFP
  • Målfest i Deila-debuten

    Ronny Deilas New York City sørget for målfest i nordmannens første tellende kamp som trener. New York-klubben sesongåpnet med 5-3 seier borte mot costaricanske San Carlos i den nord- og mellomamerikanske mesterligaen.

    – Først og fremst er jeg stolt av gutta, jeg synes de gjorde en kjempejobb i dag. Den første viktige kampen vi spiller. Du kan se hva vi ønsker å oppnå med laget og hvordan vi ønsker å spille, sa Deila på pressekonferansen etter kamp.

    Eliteserien fotball 2019 : Tromsø-Vålerenga (0-0)
    Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB scanpix
  • Thelin både helt og syndebukk

    Isaac Kiese Thelin scoret for begge lag da Malmø tapte 2-1 borte mot Wolfsburg i europaligaens 16-delsfinale torsdag. I andreomgang scoret svenskenes innleide spiss på straffe og sendte de lyseblå i føringen. Men etter en knapp time skulle han selv avslutte Wolfsburgs snuoperasjon. Thelin skulle bare klarere et hjørnespark, men endte i stedet opp som matchvinner, for tyskerne.

    Germany Soccer Europa League
    Foto: Michael Sohn / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal