Hopp til innhold

Aamodt i «Tjuvstart»: – Hirscher herja som i Stenmark si tid

Aksel Lund Svindal imponerte i fjorårssesongen, men fekk likevel juling samanlagt av Marcel Hirscher. – På høgde med Stenmark, meiner Kjetil André Aamodt – i første utgåve av «Tjuvstart».

Legendariske Ingemar Stenmark har 86 verdscupsigrar og er den suverene nummer éin i alpinthistoria. Likevel samanliknar Kjetil André Aamodt fjorårets samanlagtvinnar, Marcel Hirscher, med svensken. Men han trur ikkje Hirscher vinn på ny.

Kjetil André Aamodt meiner Marcel Hirscher leverte ein fjorårssesong på høgde med Ingemar Stenmark.

Vintersesongen er på trappa, og blir køyrt i gang med storslalåm laurdag (kvinner) og søndag (menn). I første utgåve av vinter-nettserien «Tjuvstart» er temaet alpint.

Eitt av dei store spenningsmomenta er om Aksel Lund Svindal klarer å gjenerobre samanlagdsigeren i verdscupen.

Kjetil André Aamodt og Andreas Toft er alpintkommentatorar i NRK, og trur moglegheitene til Lund Svindal er gode. I fjor var nordmannen nemleg sjanselaus.

  • Sjå heile første sending av «Tjuvstart» nedst i saka!
Lund Svindal, Hirscher og Ligety

Aksel Lund Svindal (t.v.) kom på andreplass samanlagt i fjor. Marcel Hirscher (i midten) vann suverent, medan Ted Ligety tok tredjeplassen.

Foto: ARMANDO TROVATI / Ap

Fantastisk Aksel, men ...

Heile 309 poeng skilde Lund Svindal og suverene Marcel Hirscher. Austerrikaren køyrde prikkfritt i renn etter renn, og kunne cruise inn til samanlagtsiger i verdscupen i alpint.

– Aksel hadde ein fantastisk sesong i fjor, spesielt i fartsgreinene, men så hadde Marcel Hirscher ein endå betre sesong i slalåm og storslalåm, opnar Kjetil André Aamodt.

– Det var ein sesong som var på høgde med Ingemar Stenmark då han dominerte for 20–30 år sidan – noko som er veldig sjeldan at ein ser.

Aamodt var sjølv ein gigant i si tid som alpintutøvar, men er framleis ikkje nær svenske Stenmark.

Hirscher Aamodt

Kjetil André Aamodt (innfelt) samanliknar austerrikske Marcel Hirscher med Ingemar Stenmark.

Foto: DOMINIC EBENBICHLER/Olsen, Geir/montasje / Reuters/NTB scanpix

– Trudde den tida var forbi

Stenmark har 86 verdscupsigrar i alpint, og vann mellom anna 14 storslalåmrenn på rad. Då er det ikkje ei samanlikning Aamodt – som i dag er ekspertkommentator for NRK – gjer ut av det blå.

Ingemar Stenmark har flest verdenscupseire

Svenske Ingemar Stenmark er den største alpintutøvaren gjennom tidene. Her i Bærum i 1979.

Foto: Nedrås, Knut / Scanpix

Kommentatorkollega Andreas Toft karakteriserer Hirscher sin fjorårsprestasjon som «vill».

– Han var på pallen i 18 av 19 renn i slalåm og storslalåm. Eg veit ikkje korleis eg kan karakterisere det ein gong!, seier Toft.

– Vi trudde ikkje vi skulle få sjå noko liknande igjen i alpint, som Stenmark, men så fekk vi sjå både Hirscher og Ted Ligety i storslalåm vinne med marginar som ..., seier Aamodt.

– 2.75 sekund i Sölden i fjor, stikk Toft inn.

– Ja, det var slik Stenmark heldt på i si tid. Eg trudde den tida var forbi, men altså ikkje. Det var litt kjekt å sjå, fortel Aamodt.

Svindal

NRK-ekspertane meiner Aksel Lund Svindal har gode sjansar samanlagt i årets sesong. Utøvaren sjølv har i tillegg sagt at verdscupen er viktigare enn OL for hans eigen del.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Trur Lund Svindal har gode sjansar

Hirscher herja med konkurrentane i sesong som gjekk. Det trur ekspertane at austerrikaren ikkje klarer å gjenta.

– Eg trur ikkje Hirscher klarer å kome i mål i alle slalåmrenna i eitt år til. Då blir eg veldig imponert i så fall, slår Aamodt fast.

– Så om Aksel har same form som i fjor, er det gode moglegheiter for å vinne i år, legg han til.

Lund Svindal har si styrke i fartsdisiplinane, utfor og super-G. Ein må heilt tilbake til 8. januar i Adelboden i Sveits for å finne ein storslalåm-siger til nordmannen.

Hovudkonkurrentane er ekspertar i dei rolegare greiene. Hirscher har berre verdscupsigrar i storslalåm og slalåm, medan Ligety berre har storslalåm-sigrar.

Marcel Hirscher hadde et enormt press på seg før andre omgang i VM-slalåmen. Hele Østerrike forventet gull i denne øvelsen og Hirscher leverte varene. Kommentatorer: Andreas Toft og Marius Arnesen.

Marcel Hirscher var suveren i slalåm og i verdscupen samanlagt. Han tok i tillegg VM-gull i slalåm i Schladming i sesongen som gjekk.

– Det er ikkje juks!

Austerrikaren og amerikanaren vann med tidvis stor margin i slalåm-øvingane, noko Aamodt har forklaringa på:

Ted Ligety

Amerikanske Ted Ligety tok seks verdscupsigrar i storslalåm i sesongen 2012/13.

Foto: Stanko Gruden/Agence Zoom / Getty Images

– Ein del av grunnen var nye storslalåmski som gjorde det vanskelegare å køyre. Det var vel berre Ted Ligety som klarte å køyre på gamlemåten med det nye utstyret. Det var éin av hovudgrunnane til at han klarte å dominere slik.

– Og så hadde han juksa litt, for han byrja å køyre på skia eitt år, i alle fall eit halvt år, før dei andre, skyt Andreas Toft inn.

Det får Aamodt til å tenne:

– Det er ikkje juks det! Vi vil ikkje kalle Ted Ligety for ein juksar, for det er han absolutt ikkje. Han er ein fantastisk idrettsutøvar, som førebudde seg godt og var forut si tid.

Etter ein lang sesong blei utøvarane meir vane med dei nye skia – som no er inne i ein prøveperiode, ifølgje Aamodt.

Søndag sesongopnar mennene med storslalåm i Sölden, Austerrike, noko som kan følgjast direkte klokka 09.20 på NRK1. Før den tid skal kvinnene i aksjon, då på laurdag klokka 09.25 – også direkte på NRK1.

Programleder Ida Nysæter Rasch tok en uformell prat om den kommende alpinsesongen med kommentatorer Andreas Toft og Kjetil Andre Aamodt. Verdenscupen starter lørdag.

Programleder Ida Nysæter Rasch tok en uformell prat om den kommende alpinsesongen med kommentatorer Andreas Toft og Kjetil Andre Aamodt. Verdenscupen starter lørdag.

Siste nytt

  • Verstappen vant i Kina

    Max Verstappen vant Formel-1-sprinten i Kina natt til lørdag norsk tid.

    Han slo Lewis Hamilton med 13,043 sekunder.

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal