Hopp til innhold

Aamodt: – Ligety er blitt «biff»

Han herja i storslalåm, og tok eit litt overraskande VM-gull i super-G. No trur NRK-kommentatorane at amerikanske Ted Ligety blir ein enorm trussel samanlagt – med ekstra krut i kanonane.

Ted Ligety

Eit stort stykke, 100 prosent amerikansk biff. Ted Ligety er ingen smågutt.

Foto: Harry How / Getty Images

– Den største risikofaktoren i alpint er løparen sitt eige hovud, kor mykje risiko du sjølv ønskjer å ta. Det er 95 prosent, slik eg ser det, seier Kjetil Andre Aamodt.

Aksel Lund Svindal

Aksel Lund Svindal er ikkje akkurat nokon lettvektar sjølv. Tyngde har vore, og er, eit lite kriterium i fartsøvingane.

Foto: Telenor

Saman med kommentatorkollega Andreas Toft, pratar Aamodt alpint i første utgåve av vinter-nettserien «Tjuvstart».

  • Sjå heile første utgåve nedst i saka.

Kor mykje risiko ein utøvar er villig til å ta var eitt tema som kom opp. Akkurat på risiko og råskap blir Aksel Lund Svindal verkelg utfordra i år, trur ekspertane.

Mannen som blir ekstra skummel samanlagt i år: Ted Ligety.

– Begge (Lund Svindal og Ligety) er blant dei aller beste. Dei, saman med Hirscher, dominerte verdscupen i fjor, og er dei store stjernene. Alle tok gull i fjor. Ligety tok tre gull i VM og blei kongen der, seier Aamodt.

Marcel Hirscher var suveren i verdscupen samanlagt, noko som får Aamodt til å samanlikna han med legendariske Ingemar Stenmark . Aksel Lund Svindal tok andreplassen samanlagt, følgd av Ligety.

Marcel Hirscher

Marcel Hirscher vil prøve å forsvare fjorårets samanlagtsiger.

Foto: DENIS BALIBOUSE / Reuters

– Vil kunne utfordre Aksel

Medan Hirscher framleis er teknisk konge, tok Ligety sine seks verdscupsigrar i fjorårssesongen i storslalåm. Faktisk er alle verdscupsigrane til amerikanaren – 17 i talet – i storslalåm.

– No trur eg at Ligety også blir å sjå i fartsdisiplinane i år. Han ser litt meir «biff» ut, og vann super-G i fjor i ei teknisk krevjande løype. Han er ikkje så god på glistrekka, men om han får ut farta vil han kunne utfordre Aksel i super-G – og i utfor, meiner Aamodt.

Litt ekstra musklar og tyngde for Ligety er det motsette av landsmannen Bode Miller, som har mista ein del «biff» etter kneoperasjonen.

Andreas Toft, som har vore NRK sin mann på treningssamlingar gjennom oppkøyringa, kan fortelje at Ligety nettopp har trena fart.

– Han har køyrt endå meir fart, og trena meir fart før sesongen. Og vi så i ei løype som Beaver Creek at han var nummer fire. I Val Gardena var han nummer fire i super-G, så han var der oppe i fjor også.

– Held han fram med forma i super-G, og tek poeng i slalåm, så blir han veldig farleg, meiner Toft.

Saka held fram under videoen.

Ted Ligety kom på tredjeplass samanlagt i fjor, bak Aksel Lund Svindal og Marcel Hirscher. I årets alpintsesong trur Kjetil André Aamodt at amerikanaren blir svært farleg.

Kjetil André Aamodt trur Ted Ligety vil halde fram å ta steg i fartsøvingane. Då blir han farleg i kampen om samanlagtsigeren, trur NRK-kommentatorane.

Ted Ligety

Ted Ligety har vore ein absurd habil storslalåmutøvar. Med meir tempo, og meir biff i kroppen, kan han bli ein stor utfordrar i fartsøvingane òg.

Foto: Stanko Gruden/Agence Zoom / Getty Images

Kattemjuk mann frå Utah

I storslalåm hadde Ligety ein liten fordel, ettersom han hadde testa dei nye skia før konkurrentane. Mange har det siste året sett mot amerikanaren frå Salt Lake City i Utah.

– Ligety gjer ikkje noko spesielt, synest eg. Det er dei same kreftene som verkar i dag som før. Det er tyngdekrafta som dreg deg ned, og alt handlar om trykk på skia i fallinja, seier Aamodt.

– Altså mest mogleg trykk når skia peikar nedover i bakken. Men så har Ligety god timing på det han gjer skiteknisk, køyrer kattemjukt, har god vinkel, roleg overkropp, lar føtene jobbe, sett inn trykket på rett tidspunkt heile tida og har god snøkontakt, skryt den norske skihelten.

Aamodt meiner derimot dei som prøver å kopiere stilen ikkje klarer det – på same måten som mange ikkje har lukkast med det same historisk.

Tomba-imitatorane feila

– Dei køyrer som Ligety reint visuelt, og når ein tenkjer visuelt blir det frå hofta og opp. Ein tenkjer mykje på armføring.

Alberto Tomba

Mange prøvde å kopiere stilen til italienske Alberto Tomba som herja på 80- og 90-talet.

Foto: Törnström, Calle / NTB scanpix

– Ein gløymer føtene?

– Ja! Og det er dei som gjer jobben, det er beina som gjer jobben. Det var same med (Alberto) Tomba då han var på sitt beste. Alle italienarane køyrde heilt likt som han visuelt sett, og dei køyrde så sakte! Dei var så langt bak, dei, flirer Aamodt.

Han viser òg til Bode Miller, der stilen blir forsøkt kopiert.

– Alt må henge saman. Du kan ikkje berre legge deg ned som Ligety, det funkar ikkje. Han skaper vinklane sine fordi han har følelsen under fotsolen, og kjenner at han byggjer opp trykk.

– Han klarer å skape trykk og han justerer. Han byrjar ikkje oppe, han byrjar nede. Det er forskjellen på dei som prøvar å kopiere, dei tenkjer oppifrå og ned, ikkje nedanfrå og opp, avsluttar Kjetil André Aamodt.

Søndag sesongopnar mennene med storslalåm i Sölden, Austerrike, noko som kan følgjast direkte klokka 09.20 på NRK1.

Programleder Ida Nysæter Rasch tok en uformell prat om den kommende alpinsesongen med kommentatorer Andreas Toft og Kjetil Andre Aamodt. Verdenscupen starter lørdag.

Programleder Ida Nysæter Rasch tok en uformell prat om den kommende alpinsesongen med kommentatorar Andreas Toft og Kjetil André Aamodt.

Siste nytt

  • Spanske myndigheter griper inn – skal «overvåke» landets fotballforbund

    Spanias fotballforbund har havnet under lupen til den spanske regjeringen som følge av flere skandaler det siste året.

    Forbundet skal de neste månedene «overvåkes» av en uavhengig kommisjon underlagt Spanias idrettsråd (CSD).

    – Regjeringen vedtok denne avgjørelsen for å rette opp i den alvorlige situasjonen RFEF er i, slik at forbundet kan fornye seg under stabile forhold, står det i en melding fra CSD.

    Idrettsrådet har tette bånd til Spanias idrettsdepartement.

    Det har stormet rundt landets fotballforbund siden det mye omtalte kysset på podiet etter fjorårets VM-finale for kvinner. Da ble nybakt verdensmester Jenni Hermoso kysset på munnen av Spanias daværende fotballpresident Luis Rubiales.

    Senere trakk Rubiales seg fra vervet på grunn av bråket som fulgte, men ro i RFEF ble det ikke.

    I mars ble Rubiales og flere andre personer pågrepet som en del av etterforskningen av forbundets avtale om å legge den spanske supercupen til Saudi-Arabia. Mistanken handler om mulig pengevasking og korrupsjon. (NTB)

    Soccer Spain Rubiales
    Foto: Manu Fernandez / AP
  • Helseth og Kavlie rett til finale i ro-EM

    Thea Helseth og Inger Kavlie rodde Norges dobbeltsculler til heatseier og booket finaleplass på EMs første dag.

    Den nykomponerte duoen fikk tiden 6.51,81 og vant det andre heatet med over ett sekunds margin på Romania.

    Resultatet betyr at Helseth og Kavlie slipper å ro oppsamling og kan se fram mot søndagens A-finale i ungarske Szeged.

    Nylig var Helseth på pallen med Jenny Rørvik i verdenscupen, men i EM ble Rørvik byttet ut med Kavlie. Trioen kjemper om to plasser i båten i OL. (NTB)

    sq1_1fpr_pQ
    Foto: NTB
  • TV 2: Patrick Thoresen sier ja til å spille for Norge i ishockey-VM

    Det bekrefter hovedpersonen selv til TV 2.

    Thoresen sier han og landslagssjef Tobias Johansson har hatt tett kontakt den siste tiden.

    – Det har tent en liten glød i meg. Jeg kjente for to, tre år siden at jeg var ferdig med landslaget og at jeg hadde gjort mitt. Men nå har jeg har hatt en veldig god sesong i en alder av 40, og når landslagsledelsen ser noe i meg, og sier jeg kan bidra med noe både på og utenfor isen, så vekker det noen følelser jeg trodde var borte, sier han til TV 2..

    Thoresen ga seg på landslaget før VM i 2022, men har nå snudd.

    Patrick Thoresen
    Foto: Carina Johansen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal