Det seier tidlegare toppløpar og Thomas Alsgaard til NRK. Han opplevde sjølv til tider sterkt forventningspress då han var aktiv.
Petter Northug har vore Noregs beste mannlege langrennsløpar dei siste åra. Mange meiner han er den einaste nordmannen som har sigerssjanse i distanserenn for menn.
Han var storfavoritt også framfor sesongstarten i år, og "heile Noreg" ventar - truleg også forventar - at han skal vere best også i vinter. Dermed ligg det eit tungt press på skuldrene til 24-åringen. Eller gjer det eigentleg det?
I media har Northug vore eit tema sidan
før Beitostølen, via sjukdommen som dukka opp der, og til avgjerda om han skulle vere med til eller ikkje. No ventar "alle" på om han skal delta i Kuusamo til helga.Nr 49 i opningsrennet
Sesongstarten ga 49. plass på 15 km i
førre fredag. I sprinten dagen etter vart han slått ut i prologen, Det viste seg at og han måtte også stå over verdscup-opninga i Gällivare sist helg. Renna i finske Kuusamo komande helg står også i sterk fare for den norske favoritten.- Kva slags forventningar snakkar vi om eigentleg? Det er langt fram til VM, og eg trur ikkje han som topputøvar opplever press i samband med verdscupren. Sjølvsagt ønskjer han å delta og å vinne. Men sjukdom er slikt som kjem av og til, og som går over.
- Presset trur eg han opplever som ikkje-eksisterande, seier Alsgaard.
- Må tenke på seg sjølv
Heller ikkje den gamle meister Oddvar Brå trur Northug er utsett for noko press - iallfall ikkje eit press han ikkje klarer å meistre.
- Petter må konsentrere seg om det han kan gjere sjølv. Klarer han det, så taklar han presset. Og det trur eg Petter er god til.
Det seier Oddvar Brå. Han var sjølv under sterkt press fram mot meisterskap, men ved fleire høve vart han sjuk og nådde derfor ikkje opp til forbventningane.
To VM-gull i 1982
Ikkje før VM i Oslo i 1982. Då stod han imot det enorme forventningspresset og tok to gull - på 15 km og i stafetten.
- Når du har konkrete arbeidsoppgåver du skal gjere, og konsenterer deg om deg sjølv, er det ikkje så vanskeleg å handtere press. Det er uansett det einaste du kan gjere, konkurrentane kan du ikkje påverke uansett.
- Og slik eg kjenner Petter, er han er god på akkurat det, seier Brå til NRK.
Korleis trur du Northug taklar presset frå media og publikum? Diskuter nederst i artikkelen!
- Press kan vere positivt
Psykolog Anne Marte Pensgård trur heller ikkje at det publikum oppfattar som press, nødvendigvis kjennest like sterkt for utøvaren det gjeld. Ho vil ikkje uttale seg om Petter Northugs situasjon spesielt.
- Men generelt taklar toppidrettsutøvarar dette betre enn det vi som "vanlig" publikum trur. Det er ein av egenskapane som gjer ein idrettsutøver til ein toppidrettsutøvar, seier Pengård til NRK.
Ho understrekar at utøvarane reagerer ulikt på dette, men at mange av dei faktisk ser det som ein fordel å vere pressa.
- Press kan også vere positivt, og det går an å snu det til å bli i angrepsposisjon. Hugs at det er enno ingen som har vunne neste løp, neste renn eller neste meisterskap. Der stiller alle på likt.
Og dei beste idrettutøvarane veit uansett at det som var godt nok i går, ikkje er godt nok i morgon. Dei jobbar heile tida med å tenke nytt og å forbetre seg. Så presset som for deg og meg ser tøft ut, er ikkje nødvendigvis ille for utøvaren det gjeld, seier Pensgård, som har jobba mykje med idrettspsykologi.