Hopp til innhold

Vipers har aldri fått ein betre start i meisterligaen

Vipers Kristiansand fossar vidare i meisterligaen. Slo dansk motstand enkelt på heimebane.

OUbjR6991T8

Sjå vår sending med reaksjonar etter Vipers – Odense i meisterligaen i handball.

– Å? «Nice». La oss fortsette slik. Kult, seier Vipers-spelar Ana Vyakhireva då ho får vite at klubben aldri har fått ein betre start i meisterligaen nokosinne.

At Vipers Kristiansand vinn handballkampar er nesten like sikkert, som at Noregs Bank hevar styringsrenta om dagen

Laurdag kveld gjorde dei det igjen. Vipers slo danske Odense 34-27 i meisterligaen.

Dermed har sørlendingane vunne alle dei tre første kampane i gruppespelet denne sesongen. Det har dei aldri gjort før.

– Det er deilig det. Ein vil sjølvsagt alltid ha ein god start. At vi får det no er berre ein bonus, seier Vipers-spelar Ragnhild Valle Dahl.

Og ikkje nok med det.

Vipers ha vunne ni strake kampar i meisterligaen, dersom ein tek med avslutninga på fjorårets sesong, som enda med gull.

Sjå intervju med Vipers-spelar Ana Vyakhireva.

Les også Vipers-trener ferdig etter sesongen

Serieåpning i håndball for kvinner. Sola - Vipers 25-34

Ti råsterke minutt

Laurdagens oppgjer heime mot Odense starta jamt. 20 minutt ut i første omgang leia Vipers 9–8. Då tok trenar Ole Gustav Gjekstad timeout.

Det skulle endre kampen totalt.

Vipers hamra inn det eine målet etter det andre.

I andre enden var forsvaret og keeper Katrine Lunde like gjerrige, som finansminister Trygve Slagsvold Vedum har varsla at han vil vere, når statsbudsjettet snart blir lagt fram.

Summen av dette resulterte i 16–10 til pause.

– Eg hugsar eigentleg ikkje noko av det. Eg trur ikkje vi gjorde noko nytt. Vi heldt fram med å spele som vi skulle. Men eg trur kanskje vi vart litt meir tålmodige, seier Vyakhireva.

– Eg veit ikkje kva vi gjorde, vi var berre gode, ler strekspelar Ana Debelic.

– Vi får stressa dei litt i forsvar. Vi er aggressive og dei gjer tekniske feil. Vi set sjansane i angrep og då blir det bra, seier Valle Dahl.

Sjå intervju med Vipers-spelar Ragnhild Valle Dahl.

Toppar gruppa

Andre omgang vart ein rein parademarsj for eit Vipers-lag som kunne smile heile vegen til «poengbanken».

Odense, med dei norske spelarane Tonje Løseth og Maren Aardahl, var rett og slett fleire nummer for små mot tittelforsvararen i meisterligaen.

Dermed blir det ein tung tur «heim» med danskeferja søndag. Trøysta er at det er meldt bra vêr over Skagerak.

To nye Vipers-poeng gjer derimot at sørlendingane toppar gruppa si.

– Vipers held fram i sporet dei avslutta fjorårssesongen. Dei er betre i år enn på same tid i fjor, seier NRKs handballekspert Peder Langfeldt.

Det lovar godt for eit Vipers-lag som altså vann meisterligaen for andre år på rad førre sesong.

OUbjR6991T8

Det vart ein tung tur til Kristiansand for Maren Aardahl og Odense.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %