– Det er jo absolutt på tide, seier Camilla Leikvoll, som snart leverer masteroppgåva si i fornybar energi ved Universitetet i Agder.
Temaet for oppgåva er havvind, og Leikvoll meiner det absolutt trengst ei satsing på eit eige spesialisert studium innan temaet.
– Det er noko som eg trur skulle komme endå litt før òg, seier ho.
30 studieplassar
Saman med selskapet Å Energi og Skeiegruppen ønskjer Universitetet i Agder å starte den første studieretninga i landet der det er mogleg å spesialisere seg innan havvind.
Utdanninga skal ha 30 studieplassar. Om alt går som planlagt vil utdanninga starte opp hausten 2024.
– Vi har jo ei master i fornybar energi. No blir det snakk om å utvide ho slik at dei studentane som ønskjer det kan spesialisere seg på havvind, seier rektor ved UiA Sunniva Whittaker.
Rektor ved UiA har stor tru på den nye studiespesialiseringa.
Foto: Svein Sundsdal / NRKSatsar på Sørlandet
Det blir satsa tungt på havvind på Sørlandet om dagen.
Nyleg vart det kjent at Kristiansand får eit kompetansesenter for havvind.
At det også blir fokusert på spesialisert utdanning på feltet, vil hjelpe med å trekkje industri til landsdelen, meiner leiaren for det regionale havvind-samarbeidet.
– Kompetanse er ein suksessfaktor.
Det seier Rune Klausen, som er prosjektleiar for Fremtidens havvind. Han meiner studiet er heilt i tråd med satsinga som no skjer.
– Det underbyggjer strategien vår med eit kompetansesenter, utvikling av hamnar og ikkje minst det å byggje ein sterk leverandørindustri. Alle desse bedriftene vil ha behov for kompetanse og dette bidreg veldig mykje, meiner Klausen.
Det skal satsast på havvind som del av det grøne skiftet framover.
Foto: ØrstedBehov for arbeidskraft
Tilbake på studiebenken på UiA har masterstudent Camilla Leikvoll allereie erfart at utdanninga ho har valt er attraktiv på arbeidsmarknaden. Både ho og fleire andre i klassen har allereie fått tilbod om jobb.
– Når ein søkjer studie så søkjer ein jo også med tanke på om ein får jobb. Og no når regjeringa seier at det skal satsast på havvind så legg dei jo til rette for fleire arbeidsplassar, seier ho.
Studenten trur difor at ei spesialisert utdanning innan havvind vil vere eit godt val for framtida.
– Eg vil jo tru at det vil vere attraktivt å ta dette studiet med tanke på at her trengst det folk.