Hopp til innhold

Hard kamp om plassane ved nytt studium ved UiA

Det nye masterstudiet i rettsvitskap ved UiA er svært populært, viser søkjartala for 2023.

UiA, Universitetet i Agder

Fleire vil studere rettsvitskap ved UiA til hausten.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

– Desse tala er dei mest positive, seier utdanningsdirektør ved Universitetet i Agder (UiA) Greta Hilding.

Ho viser til dei 328 søkjarane som kjempar om 40 planlagde plassar ved det nye masterstudiet i rettsvitskap, som startar til hausten.

Bachelorgrada i rettsvitskap også har fått eit solid oppsving.

– Vi trur nok at det har samanheng med at vi no kan tilby både masterstudium og bachelorstudium. Det gjer at studentane kan ta alle fem åra ved UiA, seier Hilding.

Les også Forbyr ansatte TikTok – vil fortsatt nå studentene via appen

Susanna Hågan ser hvor mye tid hun bruker på TikTok i løpet av en uke.

Færre vil ta lærarutdanning

Tala for lærarutdanningane ved UiA er ikkje like oppmuntrande.

Som elles i landet, er det nedgang.

– Dette er den største bekymringa i årets søkjartal. Og når vi har forhøyrt oss litt rundt, verkar det som om det også er ein trend internasjonalt, seier Hilding.

Greta Hilding

Utdanningsdirektør ved Universitetet i Agder (UiA) Greta Hilding.

Foto: Universitetet i Agder

Ho påpeikar at søkjartala alltid varierer litt frå år til år, men seier at det no er ein veldig tydeleg trend på at søkjartala går ned:

  • Barnehagelærar i Grimstad og Kristiansand er ned høvesvis 44 % og 21 %

  • Grunnskulelærar for 5. til 10. trinn er ned 47 %

  • Lektorutdanninga for 8. til 13. trinn er ned 12 %

Når det gjeld søkjartala til UiA sett under eitt, seier Hilding at det er veldig små endringar frå år til år.

– Vi ligg sånn cirka an som vi har gjort tidlegare.

Les også Samordna opptak: Krise for lærarutdanningane

Mattetime

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,17 kr
Dyrest kl. 08 2,04 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %