Hopp til innhold

Vil revansjere cupfadesen mot Jerv

Trenarar og spelarar trur ikkje Start sin cup-exit mot Fløy har noko å bety før «årets kamp» på Sør Arena.

Steinar Pedersen, Start

Det blir ikkje cupfinale på Start og trenar Steinar Pedersen. Men trenaren vil revansjere det pinlege cuptapet mot Fløy mot Jerv laurdag.

Foto: Ned Alley, Ned Alley / NTB scanpix

– Eg reknar med at alle som var involvert mot Fløy er revansjesugne og klar for det, seier Start-trenar Steinar Pedersen etter det pinlege cuptapet mot Fløy onsdag.

Heller ikkje 2017 vart året der Start kom til cupfinalen på Ullevaal. Nok ein gang vart det tidleg exit.

Arne Sandstø

Jerv-trenar Arne Sandstø trur på ein spennande kamp på Sør Arena laurdag.

Foto: Tom-Richard Hansen Olsen / NRK

Men dei gule og svarte kan riste av seg noko av skuffelsen allereie laurdag, når rivalen Jerv kjem på besøk.

– Betyr ingenting

– Eg trur det blir ein heilt open kamp. Eg trur laget som er mest effektivt vil vinne. Eg trur det blir veldig spennande, seier Jerv-trenar Arne Sandstø.

Jerv tok seg vidare til 3. runde i cupen etter å ha slått Bryne på heimebane. Men at Start tapte og Jerv vann har ingenting å bety, skal vi tru Jerv-kaptein Glenn Andersen.

– Ingenting, seier han.

Andersen får støtte av sjefen sjølv.

– Det kjem heilt an på korleis leiarane i klubbane brukar tapet eller sigeren. Eg trur ikkje det har så mykje å seie. Dagen etter er nok litt lettare for oss enn i Start, seier Sandstø.

– Heile trenarteamet deira er frå Jerv. Mange av spelarane er tidlegare Jerv-spelarar. Det er klart dei har lyst til å slå oss, seier Jerv-kaptein Glenn Andersen.

Fløy slo Start ut av cupens andre runde.

Sjå opptak av Fløy – Start i cupens andre runde.

Kampar i kampen

Men om du snur på det, kan det same seiast om Jerv. Mange i Jerv-leiren har også ei fortid i Start, og det blir mange «kampar» i kampen.

Tidlegare Jerv-spiss Dennis Antwi mot tidlegare Start-spelar Glenn Andersen.

Og sjølvsagt tidlegare Jerv-trenar Steinar Pedersen mot tidlegare Start-trenar Arne Sandstø.

– Vi har frykteleg lyst til å vise at vi også kan få ein siger i divisjonen, seier Andersen.

2. runde i NM.

Sjå opptak av Jerv – Bryne i cupens andre runde.

Nest dårlegast i 1. divisjon

For Jerv har hatt ein elendig start på sesongen. Etter to sesongar med kvalifiseringsspel til eliteserien, ser det langt mørkare ut no.

Laget ligg nest sist på tabellen og har ikkje vunne ein einaste seriekamp.

Seks uavgjort og tre tap er status. Berre Fredrikstad har vore dårlegare.

– Vi går alltid til kvar einaste kamp for å vinne. Tida vil vise om vi klarer det. Vi møter eit veldig godt lag, som har komme frykteleg godt i gang i serien. Vi får håpe dei ikkje er så gode når dei skal møte oss, seier Jerv-kapteinen.

Laster innhold, vennligst vent..
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %