Arne Sandstø, FK Jerv
Foto: Sander Heggheim/NRK

– Alle i Start er drittsekkar

Tre sørlandslag i same divisjon betyr endå tøffare rivalisering. Det fekk vi ein forsmak på under treningsleiren på La Manga.

Denne artikkelen kunne hatt mange gode titlar, som truleg ville ha fått deg til å klikke. Tittelen som vart vald, var tydelegvis nok til å lokke deg inn i artikkelen.

Gjennom friske uttalelsar og ved å provosere rivalane, skal det skapast entusiasme og «hat» mellom Jerv, Arendal og Start. «Hatet» skal vi komme tilbake til seinare i artikkelen.

På La Manga måtte vi sjølvsagt finne ut kor dryge uttalelsar klubbane vil ty til. Det kan sjå ut til at veslebror Jerv er litt tøffare i kjeften enn Start.

Provokatøren

– Eg fekk jo sparken i Start, så eg tykkjer alle er drittsekkar. Rett og slett. Kva den gjengen der gjer, bryr eg meg lite om. Vi gler oss til å slå dei, seier Jerv-trenar Arne Sandstø til NRK.

– For å gjenkjenne ein drittsekk må du kanskje vere ein sjølv, kontrar administrerande direktør i Start, Even Øgrey Brandsdal.

Sandstø er dønn seriøs når han snakkar. Men etterkvart kjem latteren. Bergensaren er ein av få norske fotballtrenarar, som elskar å provosere motstandarlaga, og snakkar rett frå levra.

Skal vi tru Jerv-trenaren er dette berre forsmaken på kva som ventar når Jerv skal møte både Arendal og Start i 1. divisjon.

– Februar er kanskje ikkje det beste tidspunktet for slikt, men dei siste vekene før kamp må det vere trøkk. Vi har Glenn Andersen i laget, så då blir det lyd uansett, seier Sandstø.

Instagram - Glenn Andersen

I tillegg til Vialli-bilete la Glenn Andersen ut dette bilete etter kvalifiseringskampen mot Mjøndalen i fjor haust.

Foto: Skjermdump

Og det har han sjølvsagt heilt rett i. Etter «vannpolokampen» mot Mjøndalen i haust, som vart stoppa etter ein omgang, la Jerv-kapteinen ut fleire bilete på Instagram.

Eitt av bileta viste Chelsea-legenden Gianluca Vialli på eit snødekt Alfheim stadion i Tromsø i 1997.

I teksten skreiv Andersen: «I Tromsø spiller de i snø og minusgrader! På Sørlandet må spillere ha legehjelp i 5 grader og litt regn. #pingler#fkjerv#mif».

Seinare følgde kan opp med fleire stikk til Mjøndalen på Instagram.

– Glenn Andersen kan halde kjeft, sa Mjøndalen-spelar Christian Gauseth til VG etter andre omgang, då Andersen uttalte at bruntrøyene ikkje kunne vinne då dei «gjekk på fylla» mellom dei to omgangane.

Sjå intervju med Jerv-spelar Glenn Andersen etter kvalifiseringskampen mot Mjøndalen.

Glenn Andersen reagerte på at kampen mellom Jerv og Mjøndalen vart stoppa etter ein omgang i haust.

Vil skape entusiasme

Tilbake på solfylte La Manga i Spania. FK Jerv nærmar seg slutten dagens første treningsøkt. Glenn Andersen er allereie ferdig.

– Vi må jo skapte litt entusiasme å Sørlandet når det er tre lag i same divisjon. Det kan ikkje berre vere hyggeleg og slik at vi ikkje kan ta på kvarandre når vi spelar kamp. Då skal det smelle litt, seier han.

Han står på sidelinja der han ser bilar med Start-spelarar rulle ein etter ein inn på treningsfeltet.

Glenn Andersen, FK Jerv

Glenn Andersen tøyer ut etter ei økt på La Manga i Spania.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Henrik Robstad og keeper-trenar Erik Ruthford Pedersen anar fred og ingen fare, då dei ruslar inn på sjølve grasmatta.

– Gå på utsida av bana. Vi har treningstid. Ser du ikkje streken? Streken går der. Vi trenar her, seier Andersen til sin tidlegare lagkamerat Robstad.

Start-spelaren set seg ned på graset for å ta på seg fotballskoa, akkurat utanfor streken.

– Fader heller. Det er sju baner her nede. Dei er den største rivalen vi har saman med Arendal. Kvifor i helsike skal dei trene på same bane som oss? Då må vi seie ifrå om at no trenar vi, smiler Andersen.

Og Start-spelar Henrik Robstad innretta seg etter sin tidlegare lagkamerat i Jerv.

– Glenn er stor i kjeften. Så vi må berre gjere som han seier, seier Robstad.

– Du torer ikkje å svare?

– Nei, Glenn blir aldri ferdig då. Med han er det lettare å berre vere einig, så er du ferdig med det, seier Robstad og speidar utover treningsfeltet der Jerv framleis trenar.

– No har du sjansen til å fyre tilbake. Kva vil du seie til Jerv?

– Nei, eg kan ikkje seie så mykje akkurat no. Dei er litt for nær. Vi får ta det når dei kjem litt på avstand, ler han.

Glenn Andersen og Henrik Robstad

Hit, men ikkje lenger, seier Glenn Andersen til Start-spelar Henrik Robstad.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Sandstø er betre med media enn som trenar

Ein annan som er kjend for å provosere, er tidlegare Start-spelar Jesper Mathisen.

Fotballkarrieren vart stoppa av ein skade og han jobbar no som fotballekspert i TV2. Han veit kva kanskje best av alle kva det betyr å snakke i overskrifter.

Jesper Mathisen

Jesper Mathisen vil gjere sitt til å fyre opp stemninga før ein ny sesong i 1. divisjon.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

– Arne Sandstø er ein av trenarane som er betre i media enn som trenar. Som trenar har han fått sparken mange gonger i ein haug av klubbar. Arne kjem garantert til å levere overskrifter, men eg er meir skeptisk til kor mange poeng denne karen kjem til å samle i år, seier Mathisen.

Mathisen er på La Manga for å sjå på fleire av 1. divisjonslaga før seriestart. Men om det skulle vere nokon tvil. Mathisen har sjølvsagt Start i sitt hjarte framleis.

– Eg skal gjere mitt for å kaste skitt både mot Arendal og Jerv. Eg elskar å skape entusiasme og noko folk kan prate om. Då må vi tore å by på oss sjølve. Det veit eg at Arne kjem til å gjere. Eg er litt usikker på om Steinar Pedersen (Start-trenar) kjem til å gjere det same, men vi skal nok klare å fyre opp han også, seier Mathisen.

«Fotballhat»

Og det er her «hatet» kjem inn. Kanskje «fotballhat» er meir presist.

– Eg tykkjer norske spelarar og trenarar byr for lite på seg sjølve. Arne Sandstø er eit unntak. Vi lever i underhaldningsbransjen, og då må vi tore å melde litt og skape overskrifter. Det er ikkje så farleg, for fotball er veldig ufarleg. Vi må tore å «hate» i fotball. Det må vere litt galskap også, seier Mathisen.

Mathisen, Sandstø, Brandsdal, mediesjef i Start Roy Emanuelsen, og fleire andre personar i dei to ulike klubbane pratar og ler på treningsfeltet.

I denne artikkelen kan du nok få eit inntrykk av at dei to klubbane er bitre fiendar. Så det er viktig presisere at det eigentleg ikkje er noko vondt blod mellom dei. I alle fall har ikkje vi sett noko av det på La Manga.

Trass i fleire kontroversielle overgangar dei siste åra.

Først forlet Steinar Pedersen Jerv, og tok over som trenar i Start. Venstreback Henrik Robstad følgde med på flyttelasset.

I sommar reiste Jerv-spissen Dennis Antwi over fylkesgrensa til Start. Den overgangen skapte overskrifter, då Jerv ikkje ville sleppe han.

– Dersom eg må bli trur eg ikkje at eg kan konsentrere meg 100 prosent om Jerv lenger, sa han til Agderposten.

Lite kreativt av Start, sa Jervs styreleiar Per Gunnar Topland etter at overgangen var i boks.

Og etter sesongslutt reiste jammen meg også assistenttrenar Andreas Jensen frå Jerv til Start.

– Han er ein judas. Han er ein drittsekk han også, fleipar Sandstø.

– Eg er glad i Arne uansett, smiler Jensen.

Eit stikk til Arendal

Glenn Andersen er på veg ut av treningsfeltet på La Manga. Start er i gang med oppvarming. Men vi må jo spørje han om korleis forholdet hans til Start eigentleg her.

– Det er veldig bra. Eg har hatt fem gode år der, og kjenner så og seie samtlege spelarar og trenarar. Eg har berre gode ting å seie om dei. Men akkurat i år er det rivalisering. Det skal vi få blussa opp i, ler han.

Siste ord er definitivt ikkje sagt.

Men det er Arne Sandstø som får siste ord i denne artikkelen.

– Frå Arendal er det fantastisk stille. Det er jo ingen som snakkar der. Eg lurer på om dei har trekt laget. Vi får sjå om dei møter opp, seier han før han set seg i bilen og køyrer frå treningsfeltet på La Manga, og sender dermed ballen vidare til Arendal.

IK Start på La Manga

Start-trenar Steinar Pedersen (f.v.), Espen Børufsen, Daniel Aase, Rolf Daniel Vikstøl og Gudmundur Kristjansson på veg til treningsfeltet på La Manga.

Foto: Sander Heggheim/NRK