NRK Meny
Normal

Marerittet held fram for Jerv

FK Jerv har sjarmert heile Fotball-Norge dei siste sesongane, men har ikkje makta å vinne ein einaste seriekamp så langt denne sesongen. Heller ikkje søndag.

FK Jerv

Jerv spelte uavgjort 1-1 mot Åsane søndag.

Foto: Geir Ingar Egeland / NRK

Laster innhold, vennligst vent..

– Når du drøyer tid frå første minutt er det krise. Då hadde eg lagt opp for lenge sidan, seier Jerv-trenar Arne Sandst, som var særs kritisk til korleis Åsane framstod på Levermyr.

Grimstad-publikummet trudde nok at laget skulle ta sin første trepoengar heime mot Åsane søndag kveld, etter at Jacob Toft sende laget i leiinga etter 63 minutt.

Intervju med Jerv-trener Arne Sandstø etter 1-1 mot Åsane i 1. divisjon.

Sjå intervju med Jerv-trenar Arne Sandstø.

– Surt

Men Åsane ville det anleis. Tre minutt før slutt vart Joachim Soltvedt spelt fri. 21-åringen tok vare på sjansen og utlikna for bergensarane.

– Det er sjølvsagt surt, men vi er litt skuld i det sjølv. Vi kjem litt i forsvarsposisjon når vi scorar. Vi sluttar å spele og slepp dei inn i kampen, sjølv om dei ikkje produserer noko som helst. Vi er for dårlege, seier Sandstø.

Jerv klarte ikkje å sette inn ein sluttspurt for å kapre tre poeng. Dermed enda det 1-1 føre kring 1200 tilskodarar på Levermyr stadion.

– Eg er veldig stolt over gutane som klarer å reise seg og som er best siste del av kampen. Å ta eitt poeng mot Jerv i Grimstad er sterkt, seier Åsane-trenar Mons Ivar Mjelde.

Intervju med Jerv-kaptein Glenn Andersen etter 1-1 kampen mot Åsane.

Sjå intervju med Jerv-kaptein Glenn Andersen.

Framleis utan siger

Det betyr at Jerv framleis har til gode å vinne i årets 1. divisjon. Laget står med seks uavgjort og tre tap så langt.

Klubben ligg no nest sist på tabellen. Berre Fredrikstad er dårlegare.

Laurdag skal Jerv til Kristiansand for å møte Start på Sør Arena.

Intervju med Åsane-trener Mons Ivar Mjelde etter 1-1 mot Jerv i Grimstad.

Sjå intervju med Åsane-trenar Mons Ivar Mjelde.

Laster innhold, vennligst vent..