Hopp til innhold

Væpna politijakt etter sjåfør

Politiet væpna seg i leitinga etter ein person etter at ein bil køyrde ned i eit anleggshol ved fylkeveg 402 mellom Lillesand og Birkeland.

Bilulykke mellom Lillesand og Birkeland
Foto: Håkon Eliassen/NRK

– Dette er ein person vi meiner å vite kven er. Vi søker etter vedkommande andre stader enn på ulykkesstaden no, seier operasjonsleiar Geir Andersen til NRK.

– Vi har søkt gjennom området med hund utan relevante spor som tilseier at han er i terrenget, seier han.

Ved 11.30-tida tysdag melde politiet at dei har avslutta leitinga etter føraren.

Stakk frå kontroll

Det var litt over klokka sju tysdag morgon at bilen vart oppdaga nede i holet.

Det vart raskt slått fast at det ikkje var nokon førar i bilen.

Den same bilen stakk av frå ein trafikkontroll på Birkeland natt til tysdag.

Holet skal vere kring fem meter djupt.

Politiet har væpna seg i leitinga etter ein person etter at ein bil køyrde ned i eit anleggshol ved fylkeveg 402 mellom Lillesand og Birkeland.

Ber om tips

– Det er med bakgrunn i vår kjennskap til mistenkte. Meir enn det ynskjer eg ikkje å seie, seier Andersen.

– Betyr dette at han er farleg?

– Ikkje for folk flest. Men dersom nokon meiner å vite kven det er og kvar han kan vere, ynskjer vi at dei varslar politiet og ikkje grip inn sjølv, seier operasjonsleiaren.

Birkeland - Lillesand
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %