– Eg trur den vil halde fram fordi den økonomiske belastinga vi har med gratis barnehage ikkje er så stor for oss at det er vits å leggje den ned, seier ordførar Bjørgulv Sverdrup Lund til NRK.no.
- LES OGSÅ: Kan droppe gratis barnehage
1000 kroner i månaden
Saka har vore diskutert i formannskapet og skal opp i kommunestyret den 15. desember.
Slik ståa er i dag trur ordføraren at kommunepolitikarane vil gå imot forslaget til rådmannen. Det går ut på at ein må betale 1000 kroner i månaden.
– Spennande ordning
Bykle og Valle var blant dei første kommunane i landet til å innføre ordninga med gratis barnehage. Ordninga går mot slutten i Bykle.
- LES OGSÅ: Mister gratis barnehage
– Dette har vore ei spennande ordning og den har vore god. Vi har fått inn barn i barnehagen som har hatt stor glede og nytte av ordninga. Det har kanskje vore den mest positive effekten, seier han.