Hopp til innhold

Varslar snøskuterkontrollar - kan få kraftige bøter

Statens naturoppsyn (SNO) varslar snøskuterkontrollar i heile påska i fjellet. Nyleg fekk fem personar nesten 30.000 kroner kvar i bot for ulovleg snøskuterkøyring.

Toril Lamo i statens naturoppsyn ser i kikkert ute på snøskuterkontroll.

Ein representant for Statens naturoppsyn bruker kikkert og speidar etter snøskuterar utan løyve til å køyre i fjellet.

Foto: Lars Petter Kalkenberg / NRK

Køyrer du snøskuter i fjellet, så må du vere klar over reglane.

Elles kan det bli dyrt.

– Statens naturoppsyn lovar snøskuterkontrollar gjennom heile påska i fjellet i Agder, seier fungerande tilsynsleiar Ole Morten Sand.

Reagerer på tips frå folk

Nyleg fekk fem personar nesten 30.000 kroner kvar i bot for ulovleg snøskuterkøyring i verna naturområde i Setesdal og Sirdal og for å unndra seg kontroll.

– Vi får tips og meldingar om ulovleg motorferdsel, og prøver å følge opp så godt vi kan. I tillegg har vi lokalt SNO som har ei god føling på kvar skoen trykker verst, seier Sand.

Les også Mener hyttefolk er dårlige på kildesortering

Kildesortering Bortelid

Naturoppsynet ber folk følgje reglene slik at ein unngår at dyr blir skada.

– Kor viktig er dialogen med publikum?

– Kjempeviktig. Vi ønskjer gjerne at folk tar kontakt med oss om dei har mistanker om lovbrot. Vi har ei eiga tipsløysing på nettsida til direktoratet. Då får lokalt SNO varsel om det, og kan ta grep ut frå tipset, seier han.

Statens naturoppsyn melde over 60 snøskuterførarar for ulovleg køyring i fjor.

Toril Lamo i Statens Naturoppsyn ikledd hvit hjelm og tjukk vinterjakke med refleksvest snakker med en mann på snøskuter.

Naturoppsynet ber folk følge regelverket for å unngå skade på dyrelivet.

Foto: Lars Petter Kalkenberg / NRK

Kan bli dyrt

Ifølge naturoppsynet er det mange hytteeigarar som har fått løyve til å køyre opp til hytta si.

Dei kan likevel bli stoppa når det er kontroll. Brot på lova blir melde til politiet.

– Sånn må det vere viss til dømes åtferda skremmer villrein. Det er ekstra viktig at villrein og simler med kalv får ro, understrekar han.

– Har de forståing for at nokon synest det er irriterande å bli stoppa ofte?

– Vi høyrer om skuterførarar som har løyve til å køyre, som synest det kan vere litt irriterande å bli stoppa dagleg av sånne kontrollar. Men dei fleste set pris på at dei blir kontrollerte og at dei har ting i orden, seier Sand.

Snøscooter

Ifølge SNO blei over 60 personar melde for ulovleg snøskuterkøyring i 2023.

Foto: Lars-Petter Kalkenberg / NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,1 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %