Hopp til innhold

Tek Kongo-saka til parlamentet

Opposisjonspolitikar i Kongo vil ta saka til Tjostolv Moland og Joshua French opp i parlamentet i Kongo. Han håpar at nordmennene kan få ny rettssak heime i Norge.

Vital Kamerhe og Moland og French

TEK OPP SAKA: Opposisjonspolitikaren Vital Kamerhe vil ta Moland og French-saka opp i det kongolesiske parlamentet.

Foto: AFP PHOTO / Gwenn Dubourthoumieu - Heiko Junge / Scanpix

– Vi vil veldig gjerne at dei skal få eit rettssak i Norge og moglegheit til eit forsvar. Dersom vi hadde hatt eit rettferdig system ville ikkje dette ha vore noko problem, men her har ein blanda justis og politikk og det fungerte ikkje, seier Vital Kamerhe til Dagbladet.

I fjor stilte Kamerhe som presidentkandidat ved det kongolesiske valet, men det var Joseph Kabila som vann. Han har også vore informasjonsminister og stortingspresident over fleire år, skriv avisa.

Vil leggje press på regjeringa

Dei to nordmennene har site fengsla i over tre år for drap i Kongo. Moland og French er dømde til døden for drapet på sjåføren Abedi Kasongo, spionasje, væpna ran og forsøk på å danne eit kriminelt forbund.

No håpar opposisjonspolitikaren at saka kan få ei ende.

– Vi er i krig. Det er mange kongolesarar som sit i fengsel utan dom. Vi i opposisjonen skal leggje press på regjeringa, det sivile samfunn og diplomatiet, og vi håpar på ei løysing, seier han.

Fekk brev

Mathilde Moland

FEKK BREV: Mathilde Moland fekk brev frå utanriksministeren om Kongo-saka, men trur ikkje på ei snarleg løysing.

Foto: Miriam Grov / NRK

Fredag kveld skreiv NRK.no at foreldra til Tjostolv Moland fekk eit personleg brev frå utanriksminister Espen Barth Eide. Mathilde Moland har tidlegare vore kritisk til arbeidet som UD har gjort og meiner det går for seint.

– Det var eigentleg berre eit brev som oppsummerer kva som er gjort så langt, sa Moland til NRK.no.

– Det seier ingenting om vidare framdrift i saka. Kva som skjer vidare er heilt i det blå, sa ho.

Fredag vart det også klart at stortingsrepresentant Svein Harberg (H) vil ta saka opp i Stortinget. Han meiner at Norge må ta i bruk sterkare verkemiddel for å få Moland og French heim igjen til Norge.

– Det er to grunnar til det. Det eine er at vi har to nordmenn som sit fengsla i utlandet under vanskelege forhold. Det kan gå ut over liv og helse. Det kan vi ikkje sitje roleg å sjå på, sa Harberg til NRK.no.

Kritiserte UD

UD, som altså har fått kritikk frå familiane til dei to nordmennene, seier at dei framleis jobbar med saka, men vedgår at den er vanskeleg.

– Vi held fram med å jobbe med saka langs fleire spor, så håpar vi at det vil gi ei løysing snarast mogleg, sa pressekontakt Kjetil Elsebutangen fredag.

– Så lang tid som dette har teke tyder openbart på at dette ikkje er lett, sa han.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %