Hopp til innhold

Avlyser Joshua French-foredrag etter kraftig kritikk

«Svarta Bjørn»-konferansen i Narvik har avlyst eit foredrag med Joshua French etter kraftig kritikk. Også i Tromsø skaper Joshua French sitt nesten utselde foredrag debatt.

Joshua French med kommentarfelt fra Facebook innfelt

Joshua French held ei lang rekke foredrag rundt om i Noreg. Fleire er kritiske til at han kan tene pengar etter å ha jobba for ein kongolesisk milits.

Foto: PATRICK DA SILVA SÆTHER / NRK

– Me ser at det er sider ved denne bookinga som er problematiske, også sett i lys av den nyleg utdelte fredsprisen, skriv arrangørane av «Svarta Bjørn»-konferansen i Narvik i ei pressemelding i dag.

Fleire hadde på førehand sagt at dei ville boikotte konferansen, deriblant lokalpolitikar i Narvik, Mona Nilsen (Ap).

– Eg har vald å ikkje gå på den konferansen, fordi «Svarta-Bjørn» er jo ein kvinnekonferanse som skal framheve, stimulere og inspirere kvinner. Og då vert det heilt feil å bruke ein tidlegare leigesoldat i Kongo til å halde foredrag, sa Nilsen til NRK før avlysinga var eit faktum.

Kritikk av French-føredrag

Skjermdump frå kommentarfeltet under ein artikkel på Fremtiden sine Facebook-sider.

Foto: Skjermdump, Fremtidens Facebook-side

«Kvinnekonferanse»

Det vakte sterke reaksjonar då det tidlegare i desember vart kjent at den tidlegare dødsdømde fangen skulle komme til Narvik og fortelje om sitt fengselsopphald i Kongo.

«Svarta Bjørn»-konferansen skal mellom anna sette lys på korleis kvinner trossa tøffe og tidvis ekstreme tilhøve ved hamna i Narvik, der malm kom fraktande frå Kiruna. Mange meinte Joshua French sin bakgrunn ikkje passar overeins med konferansen symbolikk.

Mona Nilsen - Varaordførerkandidat i Narvik 2015

Lokalpolitikar i Narvik, Mona Nilsen, sa ho ville boikotte Svarta Bjørn-konferansen sidan Joshua French kom. No er foredraget med French avlyst.

Foto: Martin Losvik

NRK har tidlegare skrive at fleire meiner French bør gje bort pengane han tener på å halde foredrag til naudhjelp og bistand i Kongo. Dei synest det er kritikkverdig at han tener pengar etter å ha teke oppdrag for kongolesiske militsar som står bak menneskerettsovergrep og vald.

Også lokalt i Narvik har det vore ein aktiv debatt dei siste dagane, og lokalavisa Fremover har hatt uvanleg mange kommentarar om saka på sine Facebook-sider.

– Klimaet, debatten og offentleg omtale av hendingane i Kongo har endra seg betydeleg sidan tidspunktet bookinga vart gjort. Dette har me teke inn over oss, og foredraget er difor teke ut av programmet, skriv produsent Arne-Kristian Schille-Rognmo og dagleg leiar Frode Sollie i pressemeldinga dei sende ut i dag.

Ros til Svarta Bjørn

I kveld kjem det mange positive kommentarar til arrangørane av Svarte Bjørn etter mykje kritikk dei siste dagane. Men nokre er ueinige og meiner Joshua French burde få komme og fortelje si sak.

Foto: Skjermdump

Også debatt i Tromsø

Nokre av kommentarane på Fremover sine sider støtter French, men dei fleste har vore særs kritiske.

Også i Tromsø har eit nesten utseld foredrag 26. februar skapt debatt. Foredraget skal haldast i byens kulturhus, og Arne-Wilhelm Theodorsen skriv på Nordnorsk debatt at ordføraren bør gripe inn og avlyse arrangementet.

– Eg er klar over at ordføraren vanlegvis ikkje bør legge seg opp i korleis Kulturhuset programmerer si verksemd. Denne gongen har likevel – spesielt etter at heile landet har feira dei verdige fredsprisvinnarane – kommunen ein moglegheit om å støtte opp i ein internasjonal kampanje mot vald og tortur med å seie at det er ikkje greitt kommunens viktigaste kulturscene vert brukt på denne måte, skriv Theodorsen.

Tromsø-ordførar, Kristin Røymo (Ap) seier til Fremover at saka er vanskeleg, men at det er ytringsfridom i Noreg, og at ho ikkje kan gå inn og avlyse eit arrangement på kulturhuset.

Sjef for kulturhuset i Tromsø, Erik Smith-Meyer, seier til same avis at det er eit viktig foredrag frå ein av dei involverte, og at han må få lov til å snakke om det han har opplevd.

Joshua French under rettssak i Kongo

I foredraget fortel Joshua French sin versjon av det som skjedde i Kongo. Her er han under rettssaka der han var tiltalt for drap på sin ven Tjostolv Moland.

Foto: Marte Christensen / NTB scanpix

Vil ikkje kommentere

Ifølge nettsidene til selskapet Atikko, som arrangerer foredraga saman med Joshua French, skal French halde minst 19 foredrag frå januar til mars. I omtalen står det at French vil dele si historie og erfaringar med krisehandtering, motivasjon og mennesket si overleving i eit av verdas farlegaste land.

French har også halde foredrag tidlegare, mellom anna i Sandnes, der Stavanger Aftenbladet sin journalist, Leif Tore Lindø, var til stades. Han skriv i ein kommentar at Joshua French sin turné er ein «reinvaskingsturné», og synest det er kritikkverdig at det ikkje er mogleg å stille direkte spørsmål til French under arrangementet.

Trond Blindheim meiner Joshua French kan tene opp mot 3,9 millionar kroner på foredraga. Det skreiv Klassekampen i november.

Verken Joshua French eller Atikko ønskjer å gje nokon kommentar til NRK i kveld.