NRK Meny
Normal

Slik har Olsbu lada opp til VM-debuten

Skiskyttar Marte Olsbu spelar Super Mario, bowling, slappar av i senga og ser på tv-seriar for å få tida til å gå før VM-debuten.

Marte Olsbu si oppladning til VM

Fram mot VM i Kontiolathi har Marte Olsbu frå Froland teke bilete frå noko av det skiskyttarane har gjort for å førebu seg best mogleg.

Tiril Eckhoff og Marte Olsbu

Romvenninnene Tiril Eckhoff og Marte Olsbu slappar av og samlar overskot.

Foto: Privat

Marte Olsbu får massasje

Marte Olsbu får massasje av fysioterapeut Ragnar Hagen.

Foto: Privat
Oppkøyringa til eit meisterskap er kanskje den mest «behagelege» perioden for ein toppidrettsutøvar.

– Vi har det skikkeleg godt. Det er ikkje så veldig anstrengande, ler Olsbu.

Samlar overskot

Dei tunge og seige treningsøktene gjennom sommaren og vinteren er lagt i treningsbanken.

Dei siste to vekene før VM handlar alt om å samle overskot for å prestere sitt aller beste og kanskje nå draumen om ein VM-medalje.

– Treningsjobben er gjort. No gjeld det å få det ut i løp. På den eine sida er kanskje oppkøyringa den mest behagelege.

– Samstundes både gruar og gler eg meg til det som skal skje, for det er no det gjeld, seier sørlandingen.

Slik ser dagen ut

Skiskyttarlandslaget har lada opp på Trysil før dei sette kursen mot Finland.

Slik ser ein typisk oppkøyringsdag ut for Olsbu:

Stå opp og ete frukost. Så er det ut for å trene. Etter treningsøkta er det lunsj og deretter kvile på senga. Så er det opp igjen og kanskje ei kort treningsøkt på ettermiddagen.

– Så har vi kanskje noko sosialt på kvelden før det er natta. Det er ikkje så mykje meir spennande enn det, flirer ho.

Skiskyttarjentene på opningsseremonien

Nokre av skiskyttarjentene på opningsseremonien før VM i Kontiolahti. Skiskyttarane fekk Finnlands statsminister til å ta bilete.

Foto: Privat

Spelar Super Mario

Under oppkøyringa på Trysil budde Olsbu på rom saman med Tiril Eckhoff. Dei har enda opp i same hytte også i Kontiolahti. Der har dei spesielt ein fritidsaktivitet som opptek dei.

– Vi har fått Super Mario i huset vårt. Det er kjempegøy. Du blir fort hekta på slike ting. Det har blitt nokre timar føre tv-en, seier ho.

Olsbu, som er inne i sin første sesong på landslaget, fortel om ein samansveisa gjeng.

– Både jentene og gutane har hatt nesten alle samlingane ilag. Det gjer at vi blir godt kjende, og det er spesielt viktig for meg som er ny på laget. Det hadde ikkje vore berre berre å vere her i VM med Ole, Emil og dei store gutane. Det er greit å kjenne dei frå før, seier ho.

Laurdag står Olsbu på startstreken for første gang i eit VM.

Marte Olsbu om egne forventninger.

VIDEO: Marte Olsbu sa før sesongstart at VM-stafetten er det store målet denne sesongen.