Hopp til innhold

Trur Olsbu får gå VM-stafett

NRKs skiskyttarekspert Liv Grete Skjelbreid trur at Marte Olsbu frå Froland kjem med på stafettlaget i VM i finske Kontiolahti.

Marte Olsbu

Marte Olsbu er klar for VM i skiskyting.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– Eg vurderer sjansane hennar som veldig gode. Ho leverte ein veldig god etappe søndag. Ho er absolutt med i diskusjonen om å få gå ein etappe i VM, seier Skjelbreid.

Liv Grete Skjelbreid Poirée, Beitostølen

Liv Grete Skjelbreid har tru på at Marte Olsbu får plass på stafettlaget i VM.

Foto: Rune Fossum / NRK
marte olsbu ble det norske lyspunktet på dagens jaktstart

Marte Olsbu gjekk første etappe på stafetten i Holmenkollen søndag.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Olsbu gjekk offensivt til verks på første etappe i Holmenkollen søndag. Ho gjekk rett i tet ut frå stadion.

På standplass klarte ho seg med eitt ekstraskot, og veksla 22 sekund bak teten. Norge enda til slutt på 7. plass.

Det store målet

– Ho har vist ein bra tendens. Ho var tøff og brukte eigenskapane ho har. Ho gjekk nesten eit optimalt løp utifrå den forma ho hadde, seier Skjelbreid.

– Det er ein viktig eigenskap å ha når du skal gå stafett. Spesielt på første etappe der du legg grunnlaget for resten av stafetten, seier skiskyttareksperten.

Før sesongstart sa Marte Olsbu at VM-stafetten er det store målet denne sesongen. 24-åringen sjølv har også trua på at ho får sjansen i VM.

– Eg håpar på det. Eg har fått prøve meg skikkeleg på første etappe, og det har gått ganske bra. Det hadde vore veldig gøy å få gå VM-stafetten. Men du må vere i form for å få gå på det norske laget. Eg må berre gjere mitt aller beste, seier ho.

– Marte er tøff

Liv Grete Skjelbreid meiner det liten risiko å setje sørlendingen på første etappe i VM.

– Marte er tøff nok til å gå den. Eg hadde ikkje vore uroa for det om eg hadde bestemt. Det er ei etappe som passar ho, seier Skjelbreid.

Marte Olsbu vedgår at ho kjem til å vere nervøs dersom ho får gå stafetten.

– Det blir nervepirrande. Men eg får berre tenke på meg sjølv og gjere mitt aller beste. Det blir sikkert høg puls når eg står på start, ler ho.

Marte Olsbu om egne forventninger.

Før sesongstart sa Marte Olsbu at målet for sesongen var å få gå stafetten i VM.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Feiret Eid med bønn og kake i Kristiansand 01:53
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,52 kr
Dyrest kl. 07 2,82 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %