Hopp til innhold

Slik blir du kvitt flyskrekken

Rundt ein million nordmenn har flyskrekk. Her kan du plukke opp tips til korleis du kan gjere flyturen meir behageleg neste gong. Kamilla Kvåle er ein av mange nordmenn som er redd for å fly.

►►► Klikk her: Kva er vi mest redd for?

Kamilla Kvåle

PÅ KURS: Kamilla Kvåle melde seg på kurs for å bli kvitt flyskrekken.

Foto: Sander Heggheim/NRK
Petter Corneliussen, Flight Clinic

KURSHALDAR: Petter Corneliussen held flyskrekkurs. Corneliussen hadde sjølv flyskrekk for 30 år sidan.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Du følgjer med på flyvertinnene og ser om dei gjer noko unormalt, eller noko som verkar rart. Du ser på dei andre passasjerane for å sjå om dei verkar engstelege, seier Kamilla Kvåle frå Hægebostad i Vest-Agder til NRK.no.

Ho var sist oppe i eit fly for eitt år sidan. No har ho bestillt tur til Korea. Seinare skal ho fly vidare til USA og tilbake til Norge.

For å unngå at turen skal bli eit mareritt, bestemte ho seg for å ta eit oppgjer med flyskrekken, og melde seg på flyskrekkurs i Kristiansand.

– Det aller verste er turbulensen og følelsen når flyet «hoppar» litt. Du får eit sug i magen og følgjer intenst med på alle lydane, seier Kvåle.

24-åringen har tru på at flyskrekkurset vil «knekke» flyskrekken.

– Eg trur det kjem til å lette ein del. Å bli forklart korleis dei tekniske tinga fungerer, trur eg vil hjelpe meg, seier ho.

Tøyer grenser

Det er akkurat det flyskrekkursa fokuserer på. Deltakarane får forklart kva som skjer dersom til dømes motoren sluttar å fungere, eller kva som skjer dersom kapteinen misser kontakt med flytårnet.

På kurset i Kristiansand skjer mykje på eit kontor der kursdeltakarane fortel kva dei er redde for, og ein går punkt for punkt gjennom lista over det som skapar frykt. Kursleiaren teiknar, forklarar og viser korleis ting heng saman.

– Det handlar om sanseinntrykk. Lydar, turbulens, flyet ristar, du høyrer motorane startar, det luktar kanskje bensin. Berre det å høyre at servicepersonellet seier at det er klart for å gå om bord, kan vere skremmande. Men det sit i hovudet, seier flyskrekkterapeut Petter Corneliussen.

Han driv flyskrekkurset Flight Clinic på Kristiansand lufthavn Kjevik. Totalt har han kurert rundt 600 personar for flyskrekk i løpet av åra han har drive kurs.

– Punkt ein er å vedgå at ein har flyskrekk. Punkt to er å gjere noko med det. Så må ein innsjå at all framgang i livet vårt skal gjere litt vondt. Vi må tøye grenser, seier Corneliussen til NRK.no.

Video cb608ffd-8de1-4b10-915e-e4acd3c5f43c.jpg

VIDEO: Bli med Kamilla Kvåle på flyskrekkurs. Foto/redigering: Håkon Eliassen/NRK

Den tryggaste reisemåten

Av rundt 600 kurerte flypassasjerar har flyskrekkterapeuten behandla mange forskjellige personar med ulik bakgrunn.

– Vi har hatt store kraftige bodybuildarar, landslagsspelarar i fotball og idrettsutøvarar generelt. Dei skulle normalt vere veldig tøffe. Det er akkurat det dei er når dei vedgår flyskrekken, seier han.

– Å fly er den tryggaste måten å reise på. Vi hadde ein deltakar som fekk snakke med ein kaptein og spurte kvifor fly er den tryggaste måten å reise på. Kapteinen svarte med eitt ord, statistikk, seier han.

For mange kan nettopp det å sjå på statistikk hjelpe på flyskrekken. Tal frå Aviation Safety Network viser at det var 125 ulykker med sivile passasjerfly i verden i fjor. Det var totalt 29 dødsulykker der til saman 831 menneske omkom.

Mellom år 2000 og 2009 omkom i gjennomsnitt 810 personar kvart år. Berre fleirmotorfly med plass til 13 passasjerar er med i statistikken.

Den siste dødsulykka med eit passasjerfly i Norge skjedde på Stord i 2006. Då omkom fire av dei 16 om bord i flyet.

– Når folk får høyre at nokre hundre menneske døyr i lufta over heile verda i løpet av eitt år, samstundes som det døyr 3000 menneske i trafikken kvar dag, forstår dei at det er tryggare å fly enn å køyre bil, seier Corneliussen.

(Klikk og les om flyulykkene i Norge på kartet under)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Ta kontakt med oss

Sjølv om ein del vel å ta flyskrekkurs treng ikkje det å vere den einaste løysinga på problemet. Også i flyselskapa er det natrulegvis mykje kompetanse rundt flyskrekk.

Flyvertinnene Grethe Veium Ree, Ragnhild Thygesen Maaren og Judith Mwanga gjer dei siste førebuingar før passasjerane skal komme om bord på ruta Kristiansand - Oslo. Dei har mange tips til passasjerar som har flyskrekk.

– Vi har ofte passasjerar som kjem og fortel at dei er veldig redde for å fly. Det er veldig bra, for då kan vi snakke med dei undervegs. Vi kan halde blikkontakt, høyre kva dei er redde for og forklare turbulens eller andre ting dei lurer på, seier Ree.

– Det kan vere alt frå unge menneske til godt vaksne og tøffe mannfolk. Vi rår dei til å spørje oss dersom det er lydar eller andre ting dei reagerer på. Folk må vere ærlege og fortelje kva som er verst for dei. Først då kan vi gjere turen betre for dei, seier Maaren.

Sjølv har ho aldri opplevd å vere redd på jobb.

– Eg stolar hundre prosent på våre pilotar. Dei skal også heim til familien sin. Tek dei ei avgjerd som dei meiner er trygg og sikker, stolar eg på det, seier ho.

Dei tre kjem med ei klar oppfordring når det gjeld bruk av alkohol og piller for å dempe redselen for å fly.

– Ein bør ikkje drikke for mykje alkohol før eini går om bord. Skal vi tenkje sikkerheit er det ein dårleg kombinasjon dersom det skulle skje noko. I tillegg er det lite heldig med fulle personar om bord, både med tanke på medpassasjerar og oss som jobbar på flyet, seier Maaren.

Judith Mwanga, Ragnhild Thygesen Maaren og Grethe Veium Ree

RÅD: – Ta kontakt med oss, er oppfordringa frå flyvertinnene Judith Mwanga, Ragnhild Thygesen Maaren og Grethe Veium Ree.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Dette gjer jobben interessant

Haavard Ek

KAPTEIN: Håvard Ek inspiserer flyet før avgang.

Foto: Sander Heggheim/NRK
SAS-fly

SKUMMELT: For mange kan det vere skremmande berre å gå om bord i flyet.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Gjennom 30 år som flykaptein for SAS, har Håvard Ek opplevd mange passasjerar med flyskrekk.

– Dei som er verkeleg ramma av flyskrekk ser du aldri på eit fly. Men så har du heile spekteret av kor mykje folk er plaga av flyskrekk. Det kan variere, seier flykaptein i SAS, Haavard Ek til NRK.no.

Sjølv om han har vore ute i all slags vêr og utfordrande forhold, har heller ikkje han vore redd i lufta.

– Vi likar jo det på ein måte. Det høyres kanskje rart ut, men det er jo det som gjer denne jobben så interessant. Kvar dag har vi nye utfordringar, seier han til NRK.no.

Også han peikar på statistikken når vi spør om dei beste råda til personar som er redde for å fly.

– Les statistikken. Det er ikkje meir å seie om det. Vi driv sikkerheitsarbeid. Det er prioritet nummer ein for oss. At vi kjem fram til rutetid er eigentleg sekundært, i forhold til at vi driv sikkert. Kan vi stille spørsmålsteikn ved sikkerheita flyr vi ikkje, seier han.

Det er fleire ulike former for flyskrekk. Nokon får klaustrofobi, medan andre får panikk og angst. Mange er redde for teknisk svikt, menneskesvikt eller vêrforhold.

Også store ulykker kan føre til at mange blir redde. Ikkje minst ulykker som 11. september i USA i 2001, som har blitt mykje omtala i media, og i tillegg harført til ei rekkje nye sikkerheitstiltak.

– For dei fleste legg dette seg raskt så snart media legg saka på is. Men for dei som allereie har flyskrekk, vert det oppretthalde eller forsterka av ulykker, har psykolog og ekspert på flyskrekk, Solveig Grenness tidlegare sagt til NRK.no.

– Ein må drive systematisk eksponering og utsettje seg for ubehaget for å få bukt med det. Det er litt vanskeleg å få til på eigahand, ho.

Haavard Ek

FØREBUING: SAS-kaptein Håvard Ek sjekkar om dekka er i orden før avgang frå Kristiansand.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Ikkje så redd som før

Fly, illustrasjonsbilde

I LUFTA: 2. mai skal Kamilla Kvåle på sin første flytur etter flyskrekkurset.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

2. mai går flyet til Kamilla Kvåle frå Kristiansand lufthavn Kjevik. No håpar 24-åringen at ho er kurert for flyskrekk.

– Dersom kurset ikkje hjelper blir det ikkje noko greit i det heile. Dersom det går som eg håpar, gruar eg meg ikkje så veldig. Men det er ei lang flyreise. Eg satsar på å ikkje tenkje like negativt som før, seier ho til NRK.no.

– Eg trur i alle fall at kurset har hjulpe meg. Eg har fått forklart korleis dei tekniske tinga fungerer og korleis ting heng saman. Det hjelper veldig, trur sørlendingen.

– Akkurat no uroar eg meg ikkje så veldig for dei same tinga eg var redd for tidlegare i alle fall. Men det blir spennande å sjå, smiler ho.

Har du tips når det gjeld flyskrekk? Tips oss gjerne på e-post: sander.heggheim@nrk.no

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %