Hopp til innhold

Sakna jeger er funne

Den sakna mannen i 60-åra er fredag ettermiddag funne, etter at det vart sett i gang ein omfattande leiteaksjon med hundar, politibåt, helikopter og drone i Valle i Agder.

Leiteaksjon i Valle

Politiet frakta ein politibåt opp i fjellområdet.

Foto: Agder politidistrikt

Mannen vart funne utanfor søksområde, i relativt god behald, seier politiets operasjonsleiar Vidar Arnesen til NRK.

– Det var ikkje leitemannskap, men turgåarar som fann han. Litt sliten, trøtt og forvirra, seier Arnesen.

Han seier at turgåarane visste at det var leiteaksjon, men trudde ikkje dei skulle finne mannen sidan dei ikkje oppheldt seg i søksområdet.

Den sakna mannen i 60-åra hadde tatt seg inn i ei hytte ved Bjørnevann i Valle.

– Jegeren skulle jakte rype i område ved Svartenut i Valle. Han skulle møte to kameratar i ei hytte. Då han ikkje dukka opp starta dei søk og melde han etter kvart sakna, sa lensmann i Valle og Bykle, Dag Hovden mens søket heldt på.

Avtalen var at han skulle møte på turistforeininga si hytte på Svartenut klokka 13 torsdag. Om det vert jakt på resten av gjengen er usikkert.

Mannen er sendt til Stavanger med helikopter. Der vert han tatt hand om av helsepersonell.

– Det høyrast meir dramatisk ut enn det er. Helikopteret mangla drivstoff, og då var det mest praktisk sånn, seier operasjonsleiaren.

Leitemannskap frå politiet, Norske Redningshunder og redningshelikopter deltok i søket etter mannen som vart meldt sakna ved 22-tida torsdag kveld. Både helikopter og drone vart nytta i søket.

Leiteaksjon etter jeger i Valle

Leitemannskap søkte etter ein sakna jeger i Valle i Setesdal. Bilete er frå sentralen der leiteaksjonen vart styrt.

Foto: Agder politidistrikt

Registrerte mobilen på basestasjon

Det er avgrensa mobildekning i det aktuelle området. Men mobiltelefonen til mannen forsøkte å kople seg opp mot ein basestasjon.

– Det gjer oss dessverre ikkje så mykje informasjon, anna enn at han oppheld seg i området der søket er i gang, sa lensmannen.

Det vart søkt både frå lufta, på fjellvatn og på land.

Politiet frykta tåke og lågt skydekke. Det var meldt store nedbørsmengde.

– Ikkje veldig godt utstyrt

Politiet seier dei søkte over store område.

Ifølgje politiet var ikkje mannen særleg kjend i området. Han hadde også avgrensa med utstyr med seg på tur.

– Han er ikkje veldig godt utstyrt. Han er ikkje utstyrt for overnatting, sa Hovden medan leitinga heldt på.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %