Opnar for ny ulvejakt

Fem sauer er truleg drepne og skada av ulv i Eiken i Hægebostad. Fylkesmannen har gitt skadefellingsløyve på ein ulv.

Sau teken av ulv i Eiken

Dette lammet måtte avlivast. Statens naturoppsyn meiner lammet vart angripe av ein ulv.

Foto: Torrey Enoksen/Lister24

– Dyreeigarar leitar no etter skadde dyr. Vi er så sikre vi kan bli på at det er ein ny ulv i området. Det å vere skråsikker i denne bransjen er vanskeleg, men vi er ganske sikre, seier rovviltkontakt i Statens naturoppsyn, Jon Erling Skåtan til NRK.

Det var måndag denne veka at ein sauebonde i Eiken i Hægebostad fann eit daudt lam, skriv Lister24.

Lammet hadde tydelege bitemerke i buk og lår.

Måtte avlivast

I tillegg vart det funne fire andre sauer som var skada. Desse måtte avlivast.

– Det var veldig kraftige bit over rygg og lår, seier Skåtan.

For kort tid sidan vart ein ulv påkøyrt ved Eiken kirke i Hægebostad. Ulven vart avliva på staden.

Fylkesmannen hadde gitt skadefellingsløyve på ulven, som truleg tok livet av tre sauer i Lindesnes.

Den er no gått ut, men Fylkesmannen i Vest-Agder har gitt nytt skadefellingsløyve på ein ulv i heile Vest-Agder.

Ferske sår

– Fylkesmannen vil på eige initiativ gi eit nytt skadefellingsløyve på ein ulv. Skadane på desse fem dyra er så nye at vi reknar det som heilt usannsynleg at det er den påkøyrde ulven, som har påført dyra desse skadane, seier fungerande miljøverndirektør hos Fylkesmannen i Vest-Agder, Eivind Hellerslien.

Skadefellingsløyvet vert gitt til det interkommunale skadfellingslaget i Vest-Agder.

– Det er berre dei som er medlem der som får lov til å delta i ulvejakta, seier Hellerslien.

Skadefellingsløyvet gjeld frå 9. juli til og med 23. juli.