Hopp til innhold

Ulv tok livet av tre sauer

Statens naturoppsyn har slått fast at tre sauer er drepne av ulv ved Brådland i Lindesnes.

Lam drept av ulv

Eitt av lamma som vart tekne av ulven i Lindesnes.

Foto: Statens naturoppsyn

Fylkesmannen i Vest-Agder har gitt løyve til å skyte ulven. Løyvet gjeld for heile Vest-Agder i to veker.

– Det er snakk om tre lam. Dei har tydelege bitemerke som er klassiske for ulveangrep, seier Jon Erling Skåtan i Statens naturoppsyn til NRK.

Det var fredag kveld at ein bonde i Lindesnes melde ifrå om angrepet. Alle dei tre lamma vart drepne på innmarksbeite.

Ber folk vere på vakt

Viltforvaltar hos Fylkesmannen i Aust-Agder, Tor Punsvik, ber no sauebønder om å vere på vakt.

– Vi er opptekne av at saueeigarar i området er spesielt på vakt og følgjer med på dyra sine, seier han.

Han ber også andre om å vere på vakt.

– Det er viktig at folk som måtte sjå noko som kan vere ulv, eller finn døde dyr om å varsle umiddelbart, slik at vi kan følgje dette tett, seier han.

Startar jakta raskt

Det blir truleg sett i gang jakt på ulven allereie søndag.

– Det er om å gjere å komme i gang så raskt som mogleg når vi har ferske spor, seier Punsvik.

Det har ikkje komme inn fleire meldingar om døde dyr på Sørlandet.

– Men i førre veke kom det inn eit bilete frå eit viltkamera i Aust-Agder, som tyder på at det er ulv i området. Ulven flyttar seg veldig raskt, så om vi har eitt, eller fleire dyr i området veit vi ikkje, seier Punsvik.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %