Hopp til innhold

Ny reparasjon på Varoddbroa

Vegvesenet gjennomfører reparasjon på Varoddbroa for andre gang på få veker.

Varoddbrua

REPARASJON: Vegvesenet må reparere ei fuge på Varoddbroa fredag kveld.

Foto: Svein Sundsdal/NRK

– Ved ein rutinekontroll i dag vart det oppdaga ein feil ved ei fuge igjen. Difor må vi gå til det skritt å redusere hastigheita og starte reparasjonarbeidet klokka 19 i kveld. Vi kjem til å stengje det eine køyrefeltet, seier byggjeleiar i Statens vegvesen, Harald Roland til NRK.

Reduserer farten

Allereie i ettermiddag vart fartsgrensa redusert til 40 kilometer i timen.

– Feilen har ingen konsekvensar knytt til bæreevna til brua. Dette er for å oppta bevegelse i brua i lengderetning. Då er det ei stålplate som dekkjer over fuga. Det er denne som er skuld i dette, seier han.

For litt over to veker sidan, då vegvesenet dreiv ein tilsvarande reparasjon, vart det store køar ut av Kristiansand. Det trur han ein vil unngå denne gang.

– Må sjå omfanget

– Slik det har sett ut i rushtida ser det ut til å gå veldig bra. Når sjølve arbeidet startar opp klokka 19 er trafikken mindre. Når vi får opna opp og sett omfanget vil vi finne ut om vi rekk å reparere dette i løpet av natta. Skulle vi ha behov for å jobbe utover laurdag vil vi gjere det. Då er trafikken uansett lågare enn i vekedagane, seier han.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %