– Vi har vore i området ein del og sett kor ille det eigentleg er. Vi ynskjer å hjelpe til med å begrense arten som øydelegg for andre artar, seier Kenneth Selås i Norges fritids- og småfiskerforening til NRK.
Han er ein av mange som melde seg på då Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder inviterte lag- og organisasjonar til dugnad mot betaling for å bekjempe stillehavsøstersen.
Har slått alarm
Arten høyrer ikkje heime i norsk natur. Forskarar anslår at det har vore ei tidobling av arten dei siste åra, og har tidlegare slått alarm.
– Den lagar høge tette rev, og det endrar områda den kjem i. Det betyr at det biologiske mangfaldet på staden blir totalt endra, sa forskar ved Havforskningsinstituttet i Flødevigen Torjan Bodvin til NRK i fjor.
I helga hadde Selås og foreninga hans plukka fleire hundre av dei skarpe skjella på Tromlingene i Arendal. Utstyrt med river, spesiallaga hovar og ikledd hanskar gjekk dei grundig til verks.
– Vi har fått ganske mykje. Det var ein som anslo cirka 300 kilo. Det er før dei siste kjem inn, seier han.
Måtte seie stopp
I løpet av kort tid hadde så mange meldt interesse for å plukke stillehavsøsters at Fylkesmannen måtte seie nei til fleire.
Både fotballag, handballag, paintballklubbar, fiskeforeningar, integrerningsforeningar, ungdomsskular, turnforeningar, korps og konjaklaglag melde seg på dugnaden.
– Det er ei enorm breidde som viser at det er stort frivilleg engasjement i Agder. Det er vi kjempeglade for, seier assisterande fylkesmiljødirektør Ingunn Løvdahl.
Til saman er 12 lag og foreningar med på dugnaden. Dei vil plukke i ulikt antal timar og få betalt deretter.
Vellukka stunt
Til saman er det snakk om 1400 dugnadstimar dei neste to vekene.
– For vår del var dette eit stunt for å sjå om dette er ein mogleg måte å jobbe på, for å bekjempe denne framande og uønskte arten, seier ho.
Fylkesmannen vil gjenta dugnaden neste år, og håper då å få med seg miljødirektoratet på laget.
– Kanskje dette kan breie om seg i andre landsdelar også, seier Løvdahl.
Også førstkommende helg vil dei frivillege ut igjen for å fjerne skjella, som nærast har eksplodert i antall langs Skagerak-kysten.
Jens Davidsen forstår godt at mange vil delta i dugnaden.
– Vi sparar miljøet for dette og så er det jo ein del foreningar som har bruk for nokre kroner. Eg trur ikkje vi klarar å utrydde den, men vi får begrensa den, seier Davidsen.