Hopp til innhold

Nabo: – Eg merka ingenting

Ola Roalkvam bur i same leilegheitsbygget som den drepte 20 år gamle jenta.

Kvinne drept i Kristiansand

DREPEN: Den døde kvinna vart bore ut av leilegheita søndag morgon.

Foto: Benedicte Goa Ludvigsen/NRK

Ola Roalkvam

Ola Roaldkvam

Foto: Benedicte Goa Ludvigsen/NRK

Kvinne drepen i Kristiansand

Krimteknikarar undersøkte åstaden søndag morgon.

Foto: Sander Heggheim/NRK
– Eg merka ingenting. Eg var heime i heile går og merka ingenting før eg såg politibilane. Det må ha gått ganske stille for seg, seier Roalkvam til NRK.no.

– Ekkel situasjon

Politiet fekk melding frå AMK om drapet like over klokka tre natt til søndag. Då rykte væpna politistyrker ut for å ta gjerningsmannen.

– Kameraten min kom heim klokka tre. Han sleppte ikkje inn i bygget ein gang, for det var så mykje politi her, og folk som sprang rundt med våpen. Så det var ein ekkel situasjon, seier han.

Ein 21 år gammal mann er sikta for drapet. Mannen vart arrestert ein annan stad i byen. 21-åringen skada seg sjølv under arrestasjonen og er innlagd på sjukehus i Kristiansand. Han er alvorleg, men ikkje livstrugande skada.

– Eg såg at gjerningsmannen var på rundt 20 år, same alder som meg, så det er ganske trist å starte livet slik. Eg veit jo ikkje om eg kjenner personen, men eg håpar ikkje det, seier han.

Budde ikkje der

Det er berre tre-fire leilegheiter mellom Roalkvam og leilegheita kvinna vart funnen død i. Den drepte 20-åringen budde ikkje der ho var funne død. Naboen etterlyser informasjon kring det som har skjedd.

– Det er ingen som har snakka med oss eller noko. Eg reknar med at vi høyrer noko i løpet av dagen, og at vi får vite kven det er. Det er nok sikkert nokon som bur her som kjenner ho, seier han.

Det er førebels uklart korleis kvinna vart drepen. Den sikta 21-åringen er så langt ikkje avhøyrt.

Ifølgje fvn.no kjende offeret og den drapssikta kvarandre.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %