Hopp til innhold

– Kunne ha forhindra drap

Etter to moglege partnerdrap på Sørlandet dei siste dagane ropar stortingsrepresentant, Åse Michaelsen (Frp) varsku.

Åse Michaelsen

FORSKING: Åse Michaelsen (Frp) meiner forsking på partnerdrap må komme i gang snarast, etter to moglege partnerdrap på Sørlandet dei siste dagane. (Arkivfoto)

Foto: Kari Løberg Skår/NRK

Det er tre år sidan regjeringa sa at det skal forskast på partnerdrap som er begått i Norge dei siste 30 åra.

To døde kvinner

Drap i Kristiansand

DREPEN: Constansa Hernandez (20) vart drepen i helga. Eks-kjærasten er sikta for drapet. (Arkivfoto)

Foto: Sander Heggheim/NRK

Men ei kartleggjing er stoppa av personvernhensyn, og ei analyse av enkeltsaker har stoppa opp fordi dei som er dømde for drapa ikkje har samtykka.

– Eg tykkjer det er forferdeleg. Vi veit at hadde dette vorte gjennomført hadde vi kanskje kunne hindra ein del av drapa vi no har sett, seier stortingsrepresentant for Framstegspartiet i Vest-Agder, Åse Michaelsen til NRK.no.

I helga vart ei 20 år gammal kvinne drepen i ei leilegheit i Østerveien i Kristiansand. Den 21 år gamle eks-kjærasten er sikta for drapet.

– Vert heilt feil

For to år sidan vart ein 39 år gammal mann dømd til 16 års fengsel for drapet på ekskona si i skulegarden ved Bygland skule. Drapet skjedde på skuleplassen med paret sine fire barn tilstades.

I 2008 vart ein 27 år gammal mann dømd til 15 års forvaring etter drapet på eks-kjærasten i Songdalen.

LES OGSÅ: – Det var et svart raseri

– Eg føler at ein set offera og dei framtidige offera til side og kun har fokus på den domfelte gjerningspersonen. Dette vert heilt feil, meiner Michaelsen.

Håpar på medhald

No skal Den nasjonale forskingsetiske komité for medisin og helsefag avgjere om forskarar likevel kan gå i gang, utan at den dømde samtykkjer.

Men statssekretær i Justis- og politidepartementet, Astri Aas Hansen, veit ikkje når forsking på partnerdrap kan komme i gang.

– For oss er ikkje det greit at dette trekk ut i tid. No håpar vi at vi får medhald i klagen og kryssar fingrane for det, seier ho.

Video a1272554-03ba-4069-a7cf-44df22250f9d.jpg

Fylkesmann Ann-Kristin Olsen kommenterer mulige partnerdrap på Sørlandet den siste tiden.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %