Mannen er sikta for å ha stukke ihjel eks-kjærasten sin i ei leilegheit i Østerveien i Krisitansand 9. januar i år.
- LES OGSÅ: Varetektsfengsel etter drap
- LES OGSÅ: Stukket ihjel av eks-kjæresten
- SJÅ OGSÅ: Alt om drapet i Østerveien
Han har site 12 veker i varetekt, og har samtykka til åtte nye veker.
21-åringen er innlagd på psykiatrisk avdeling ved Sørlandet sykehus. Mannen hevdar han ikkje hugsar noko frå drapet på eks-kjærasten.
– Ut ifrå omstenda forstår han at det er han som er gjerningsmannen, men han hugsar ikkje noko frå sjølve gjerninga, har 21-åringen sin advokat, Sveinung Søndervik Johnsen tidlegare sagt til NRK.no.