– Eg føler det gjekk bra. Eg har framleis litt å gå på til toppforma, men det var ein bra kamp, seier Markotic til NRK.
I fjor haust pådrog 25-åringen seg ei alvorleg skulderskade då han spelte i den franske toppserien. No har han lagt bak seg ni månader med opptrening.
Trenar Marinko Kurtovic meiner at backen framleis treng tid før han når toppnivået sitt. Men i serieopninga mot Stord viste Markotic klasse.
– Eg vart litt sliten mot slutten. Eg er ikkje vand med å spele 60 minutt, seier Markotic.
Til pause hadde han notert seg for fem scoringar og var toppscorar. Arendalittane leia 16-10 til pause.
– Ein veldig god spelar
Før sesongen samla ØIF-supportarane inn pengar til å hente Markotic.
– Det er utruleg artig å sjå at han lukkast. Vi ser at han er ein veldig god spelar, seier leiar i supportarklubben Svermen, Jørn Holmestrand til NRK.
ØIF såg ut til å cruise inn til siger då dei leia med åtte mål kort tid ut i andre omgang.
Men gjestene frå Vestlandet gav ØIF kamp om poenga og var berre tre mål bak ti minutt før slutt.
Men den regjerande cup- og seriemeisteren viste til slutt kvifor dei var Norges desidert beste lag førre sesong. Dei siste ti minutta var arendalittane best og vann til slutt 32-27.
Delte toppscorartittelen
Markotic vart kampens toppscorar med sju mål saman med Eirik Köpp.
– Vi spelar ein ok kamp der eg føler vi har kontroll. Men det er irriterande at vi slepp dei inn i kampen. Det er mykje å rette på, seier trenar Marinko Kurtovic om seieropninga.
Trenaren er einig i at Markotic spelte ein bra kamp.
– Han vise gode kvalitetar og skotet hans er av internasjonal klasse, men vi må gje han litt tid før han er hundre prosent, seier Kurtovic.
– Eirik Köpp kjem til å få ein kjempesesong. Også han gjorde ein god kamp, seier ØIF-trenaren.
Kaptein Eirik Heia Pedersen fekk raudt kort etter ein duell i andre omgang og vart vist rett på tribuna til protestar blant både medspelarar og heimepublikum.
Nøkkelspelarar ute
I forsvar sleit sørlendingane i starten av første omgang. Men med nokre små justeringar vart det enklare for keeper Svenn Erik Medhus å hindre Stord i å score mål.
ØIF stilte utan både Sondre Paulsen og Kenny Ekman i serieopninga. Begge er ute med skader. Ekman var med i kamptroppen, men fekk ikkje speletid. Han er truleg tilbake i spel i løpet av kort tid.
Paulsen sleit brystmuskelen under ei styrketrening i sommar. Han er truleg ikkje tilbake før i november.
Før seriestart henta klubben inn tidlegare landslagsspelar Lars Erik Bjørnsen for å erstatte Paulsen. Bjørnsen viste at han kan bli ein viktig spelar for ØIF i jakta på nye titlar.