Hopp til innhold

Kapteinen meiner ØIF kan ta tre gull

Mange skader skapar bekymring i ØIF-leiren før seriestart. Kapteinen meiner laget er godt nok til å ta tre gull om dei får orden på skadeproblema.

Sjå intervju med ØIF-kaptein Eirik Heia Pedersen før seriestart.

Sjå intervju med ØIF-kaptein Eirik Heia Pedersen.

– Det mest ufordrande for alle lag er å halde seg skadefri. Er vi det kan vi gå heile vegen i alt, seier kaptein Eirik Heia Pedersen til NRK.

Kenny Ekman, ØIF Arendal

Kenny Ekman er ein av spelarane som ikkje rekk seriestart på grunn av skade.

Foto: Sander Heggheim/NRK

I helga uttrykte trenar Marinko Kurtovic bekymring på grunn av mange skader. I helga hadde laget ni spelarar på skadelista.

Til opningskampen mot Stord onsdag er truleg fleire friskmelde.

– Det ser ut som at dei fleste er klar, seier sportsleg leiar Per Carsten Michelsen.

Større dosar med trening

Klubben klør seg i hovudet over kva som er årsaka til alle skadene. Mange av spelarane slit med strekkskader.

– Det kan vere mykje rart som gjer det og det er noko vi held på å finne ut av. Vi har ikkje funne heilt ut av det endå, seier Heia Pedersen.

Fjorårets serie- og cupmeister har auka treningsmengdene betrakteleg sidan førre sesong. Det kan vere ei av årsakene til mange skader.

– Vi har trent tøffare i år med meir belastning over tid. Vi har også trent litt anleis, seier han.

– Vi har køyrt dei hardt

Siri Moseng Reiersen som har ansvar for den fysiske treningsbiten seier det er utfordrande for mange av spelarane å få i seg nok næring og kvile.

Årsaka er at spelarane har jobb eller studiar ved sidan av handballsatsinga.

– Vi har køyrt dei hardt i samråd med Marinko Kurtovic. Men dei har hatt lyst til det sjølv også, seier Moseng Reisersen.

– Har det blitt for mykje trening?

– Det har ikkje blitt for mykje trening. Dei har vore veldig flinke. Men vi kunne kanskje ha vore flinkare til å fortelje dei kva dei skal gjere etter trening. Kor mykje mat dei skal ha i seg og diverse slike ting, seier ho.

Sjå intervju med Siri Moseng Reiersen.

Sjå intervju med fysisk trenar i ØIF Arendal, Siri Moseng Reiersen.

Håpar på lønn for strevet

No håpar kapteinen at alle blir friskmelde i løpet av dei kommande vekene. Håpet er at hardkøyre skal lønne seg mot slutten av sesongen.

– Vi heldt ikkje heilt inn i fjor. No satsar vi på at det held heile sesongen ut, seier han og peikar på at klubben rauk ut av sluttspelet i kvartfinalen.

Ein annan grunn til tøffare trening er at laget skal ut i kvalifisering til europacup i oktober.

– Det vert mange kampar om vi går vidare til gruppespelet. Då er det viktig at flest mogleg er skadefri, seier Heia Pedersen.

– Bortsett frå alle skadene føler eg at vi er der vi skal vere, seier han.

Sjå intervju med sportsleg leiar Per Carsten Michelsen før seriestart.

Sjå intervju med sportsleg leiar Per Carsten Michelsen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %