Hopp til innhold

Jobbar mindre for å bli flyktningvenn

Hilde Kristin Dahlstrøm trappa ned i jobben for å bli flyktningvenn. Grimstad kommune vil satse på mange flyktningvenner for å få til ei vellukka integrering.

Flyktningene som kommer til Norge trenger mye hjelp og oppfølging. I Grimstad har de valgt å satse på mange såkalte flyktningvenner for å få til en vellykket integrering.

Se reportasje med Hilde Kristin Dahlstrøm og Liya.

– Eg har valt å jobbe litt redusert slik at eg får tid til å gjere alle tinga eg har lyst til å gjere, og som eg tykkjer er meiningsfulle, seier Hilde Kristin Dahlstrøm til NRK.

Hilde Kristin Dahlstrøm

Hilde Kristin Dahlstrøm er flyktningvenn i Grimstad.

Foto: Frans Kjetså/NRK
Liya

Liya kom til Norge for over eitt år sidan.

Foto: Frans Kjetså/NRK

Ho er flyktningvennen den eritreiske kvinna Liya i Grimstad. Kommunen satsar på å engasjere flest mogleg flyktningvenner for å få til ei vellukka integrering.

– Vennskapet med Liya er kjempeviktig. Det er ein konkret måte eg kan vere med på å gjere ein skilnad for ho og familien, seier Dahlstrøm.

Enormt behov

Liya kom til Norge for eit drygt år sidan. Ho har lært seg litt norsk, men det er mykje som framleis skal lærast før ho kan stå på eigne bein i hein heilt ny kultur.

– Språket er vanskeleg i Norge. I tillegg er det ein annleis kultur, seier ho.

– Det er eit enormt behov og stort ynskje om å komme i kontakt med oss nordmenn. Bli kjende, få vener og lære korleis vi gjer ting her i Norge, seier Dahlstrøm.

Grimstad kommune meiner at dei lukkast med integrering. Der ligg flyktningarbeidet under kultur og oppvekstkontoret.

Avhengig av frivillige

– Det ligg mykje kulturarbeid. Oppvekst er undervisning. Vi har eit desentralisert arbeid som strekk seg over mange kontaktar. Særleg Nav og helse, seier flyktningkoordinator Tora Selås Skippervold.

Ho understrekar at frivillige som stiller opp som flyktningvenn er heilt avgjerande for å lukkast med integreringa.

– Utan frivillige stoppar Norge brukar vi å seie. Også her. Vi tek med oss det som ein kvalitet, seier Skippervold.

Hilde Kristin Dahlstrøm og Liya

Hilde Kristin Dahlstrøm og Liya på trilletur i Grimstad sentrum.

Foto: Frans Kjetså/NRK
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %