Hopp til innhold

Jaktar sin tredje strake siger

Serieleiar Vipers Kristiansand jaktar sin tredje strake siger i årets eliteserie når dei møter Sola på bortebane.

Gunnar Pettersen, Vipers Kristiansand

Gunnar Pettersen på sidelinja i oppgjeret mot Rælingen førre søndag.

Foto: Per-Kåre Sandbakk/NRK

– Eg ser føre meg at Sola-kampen blir litt som dei to første kampane. Det går mest på førebuingane i hovudet. Er vi klar trur eg vi tek Sola, seier Marta Tomac til NRK.

Ho har vore sentral i dei to først sigrane mot Molde og Rælingen.

Etter to strake sigrar toppar sørlendingane eliteserietabellen.

– Nokon vil nok seie at det er som venta. Men i fjor klarte vi ikkje å slå dei antatt dårlegare laga. Vi får ein same type kamp mot Sola, seier trenar Gunnar Pettersen.

Førstkommande onsdag kjem fjorårets sølvvinnar Glassverket på besøk i Aquarama. Den kampen vil ikkje Pettersen tenke på endå.

– Det får vi halde litt unna til vi er ferdige med Sola, men du har rett i at det nærmar seg, smiler Pettersen.

Svenske Ulrika Olsson har blitt toppscorar i begge dei to første eliteseriekampane.

– Vi har variert veldig i prestasjonane i dei to kampane. Vi var mykje meir pressa mot Molde enn mot Rælingen. No møter vi Sola borte og dei har publikum i ryggen, så vi må vere på, seier ho.

Karin Weigelt, Vipers Kristiansand

Karin Weigelt scorar mot Rælingen.

Foto: Per-Kåre Sandbakk/NRK
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %