Hopp til innhold

Tabelltopp for Vipers etter overlegen siger

Vipers Kristiansand toppar eliteserien etter at dei knuste stakkars Rælingen 40–19 på heimebane.

Karin Weigelt, Vipers Kristiansand

Karin Weigelt scorar eitt av sine sju mål mot Rælingen.

Foto: Per-Kåre Sandbakk/NRK

Sørlendingane står med full pott etter dei to første serierundane.

Gunnar Pettersen, Vipers Kristiansand

Gunnar Pettersen var godt nøgd med innsatsen mot Rælingen.

Foto: Per-Kåre Sandbakk/NRK
Ulrika Olsson, Vipers Kristiansand

Ulrika Olsson scora ni mål mot Rælingen.

Foto: Per-Kåre Sandbakk/NRK

Før søndagens oppgjer åtvara trenar Gunnar Pettersen mot å ta lett på Rælingen, som fekk plass i eliteserien då Storhamar vart degradert til 1. divisjon.

– I dag gjer vi det vi gjer på trening. Vi spring, spring og spring. Vi opnar strålande, men får ein periode der vi dett litt. I andre omgang spring vi heile tida. Eg er strålande nøgd, seier Vipers-trenar Gunnar Pettersen til NRK.

Pettersen: – Super laginnsats

– Mange fekk speletid i dag og spelar bra. Heilhjarta og super laginnsats, oppsummerer Pettersen.

Klubben har hatt ekstra fokus på å vere hundre prosent fokusert mot antatt svakare motstand inn mot denne sesongen.

Det har gitt full pott mot nyopprykka Molde og Rælingen.

– Vi kan ikkje få meir enn fire poeng. Det er kanskje venta, men i fjor klarte vi ikkje å slå desse laga, seier Pettersen.

Toppscorar igjen

Igjen var det Ulrika Olsson som vart toppscorar. I serieopninga putta ho ti. I sesongens første heimekamp fekk ho ballen i nettet ni gonger.

– Eg har ikkje vore med på å vinne med så store siffer på øvste nivå på lenge. Vi viser ein superbra lagmoral, seier Olsson som vart toppscorar i den svenske toppserien i fjor.

Over 1500 tilskodarar såg kampen i Aquarama. I neste serierunde møter Vipers Sola på bortebane. I neste heimekamp er det fjorårets sølvvinnar Glassverket som kjem på besøk.

Vipers Kristiansand

Over 1500 tilskodarar såg kampen mot Rælingen i Aquarama.

Foto: Per-Kåre Sandbakk/NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,52 kr
Dyrest kl. 07 2,82 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %