Hopp til innhold

Fleire hundre tusen elsparkesyklar er ikke forsikra - åtvarar mot millionsmell

Etter to månader har framleis hundretusenvis av elsparkesyklar ikkje ansvarsforsikring. – Folk tek ein enorm risiko, åtvarar Personskadeforbundet.

Elsparkesykkel

SUSER AV GARDE: Kvar elsparkesykkel skal ha ansvarsforsikring frå nyttår. Med våren på veg startar mange sesongen utan forsikring. Alvorlege hovudskadar kan bli både vondt og kjempedyrt.

Foto: Geir Olsen / NTB

– Du kan setje deg i gjeld for resten av livet, seier Per Oretorp i Personskadeforbundet, tidlegare Landsforeningen for trafikkskadde.

Dei to største forsikringsselskapa – som dekkjer nærare halve marknaden – oppgir til NRK at dei berre har selt 6500 forsikringar.

Samtidig reknar ein med at det er opptil 500.000 elsparkesyklar i Noreg.

Les også Fra nyttår må elsparkesykkelen din forsikres – så mye må du betale

Elsparkesykkel

Folk om elsparkesykkel-forsikring

– BURDE GJERE: – Mange er nok klar over reglane, men tenkjer at det ikkje vil skje noko gale. Eg kjenner fleire som har skada seg, seier Andrea Jørgensen.

Foto: VICTORIA MARIE NORDAHL / NRK

– Tenkjer ikkje over

Våren er på veg i fleire av dei største byane i Sør-Noreg.

På gata i Kristiansand fyk stadig elsparkesyklane forbi i vårsola.

– Eg trur nok mange har høyrt om nye krav. Men så gidd ein ikkje gjere noko med det, og tenkjer ikkje over det, seier Andrea Jørgensen (19).

Ho kjenner fleire som har skada seg på elsparkesykkel.

– Eg kjenner ei som fekk brot i kjeven. Og eg veit om mange som har tryna og fått skrubbsår. Så dei verste tinga kan skje, seier ho.

Ole Bjørn Gautefall er på farten med ein elsparkesykkel.

Den er kommunal og forsikra.

– Eg trur det tek lang tid før dei fleste har forsikring. Ungdom og studentar vil kanskje ikkje bruke pengar på dette. Men det blir nok endra når ulykkene byrjar å komme, seier han.

Har du forsikring på elsparkesykkelen din?

Risikerer millionrekning

Personskadeforbundet meiner hundretusenvis av ikkje-forsikra elsparkesyklar er eit skremmande tal.

– Det betyr at svært mange trafikantar utset seg for ein stor risiko. Ved ulykker kan dei økonomiske følgja bli veldig store, i tillegg til dei fysiske skadane som oppstår, seier Per Oretorp.

Ein klassisk skade kjem ved stup over styret.

– Slår ein hovudet, så skal det ikkje så mykje til før det får store konsekvensar for framtida og evna til å skaffe seg inntekt, seier Oretorp.

– Og er du så uheldig å skade nokre andre i tillegg, og ikkje er forsikra, kan du risikere å måtte dekkje både dine eigne og tapet til den andre, seier han.

Og det kan fort bli millionbeløp når samla tap blir summerte etter alvorlege smellar i trafikken.

Sigmund Clementz, kommunikasjonssjef i If forsikring.

HÅPAR: Sigurd Clementz i If håpar mange skaffar forsikring med vårsola, men fryktar fleire elsparkesyklistar kan få eit brutalt møte med sommaren.

Foto: Pressefoto

Fryktar kaos-sommar

Forsikringsselskapet If fryktar ein kaos-sommar med små og store ulykker der forsikringar manglar.

– Vi trur at fleire teiknar forsikring når vårsola kjem, men samtidig er tala no ved inngangen til mars skremmande låge, seier kommunikasjonssjef Sigmund Clementz.

Han påpeikar at fram til nyttår var elsparkesykkel omfatta i ein avgrensa, generell ansvarsdekning på innbuforsikringa.

Den er no falle bort.

Clementz meiner også mange feilaktige påstandar herjar i nettdebattar. Spesielt tre misforståingar må han stadig rette opp:

  • Forsikringa er lovpålagd, ikkje frivillig
  • Den dekkjer ikkje berre skadar på andre – også deg sjølv
  • Kvart køyretøy krev eiga forsikring, akkurat som med bil

– Eit armbrot er ikkje det store problemet i desse sakene, det ordnar helsevesenet. Dei store konsekvensane oppstår ved varige men. Og dessutan viss til dømes personar over 18 år øydelegg tennene sine, seier Clementz.

Sykkelverksted

BRA TILTAK: – Ansvarsforsikring er bra. Eg trur fleire vil skaffe seg dette utover våren, seier butikksjef Sali Rama.

Foto: TOM NICOLAI KOLSTAD / NRK

– Bestiller lågare fart

På ein av Kristiansands sykkelbutikkar merkar dei likevel at publikum er i ferd med å vakne.

– Vi får ein del telefonar frå foreldre som har kjøpt elsparkesykkel på nettet. Dei vil justere ned maksfarten til 20 km/t på elsparkesyklane, etter at dei nye reglane kom, seier Sali Rama hos Sykkelguttane.

Han trur mange vil teikne forsikring i vekene framover

– Eg trur mange kjem etter no, spesielt blant foreldre som har kjøpt til ungane sine, seier butikksjefen.

Elsparkesykkel i bruk på Grønland i Oslo

SNAU 1000-lapp: Ein sjekk NRK gjorde før jul gav prisar frå 700 til nærare 1000 kroner per år. Utleigesyklar fekk krava sine i haust.

Foto: Gunhild Hjermundrud / NRK

60–80 kroner md.

Dei nye reglane i år kjem etter ein periode med kraftig innskjerping for dei elektriske tohjulingane.

Sommaren 2022 kom promillegrense, aldersgrense og hjelmpåbod.

Frå 1. september vart utleigeselskapa pålagde forsikringar.

Frå nyttår vart resten av elsparkesyklane omklassifisert til «lita elektrisk motorvogn» med krav om forsikring etter bilansvarslova.

Ein sjekk NRK gjorde i fjor haust viste at prisane ligg rundt 60–80 kroner månaden.

Strengare reglar er innførte etter stadig fleire skadar.

I 2021 vart det rapportert om totalt 1879 skadar med elsparkesykkel berre i Oslo.

Les også Nå må du ha forsikring på elsparkesykkelen - Politiet kan derimot ikke sjekke den

Elsparkesykkel

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %