Hopp til innhold

Her jaktar politiet fartssyndarane

Utrykningspolitiet er stasjonert på vegane over heile landet for å ta promillekøyrarar, fartssyndarar, folk som snakkar i mobiltelefon eller køyrer utan bilbelte.

UP

Her står ein UP-betjent gøymt inne i skogen der han sjekkar om bilistane held fartsgrensa.

Foto: Tom Nicolai Kolstad / NRK

– Når vi stoppar folk seier eg alltid at dei må passe på, for det er fleire av oss der ute, seier Øystein Krogstad som er leiar i Utrykningspolitiet distrikt Sør.

Onsdag er det mange som reiser på påskeferie, og trafikken er stor på dei store hovudfartsvegane.

Tradisjonen tru er politiet på vegane for å sjå at trafikkantane køyrer pent og pynteleg.

– Dei fleste tykkjer det er flott at vi er ute. Vi her her primært for å trygge trafikken, ikkje for å skrive ut bøter, seier Krogstad.

Øystein Krogstad

Øystein Krogstad, som er leiar i Utrykningspolitiet distrikt Sør, sjekkar førarkortet til ein av bilistane.

Foto: Tom Nicolai Kolstad / NRK

Over 1000 bøter i fjor

Men ei påske utan bøter blir det definivt ikkje. I fjor mista over hundre bilførarar sertifikatet på grunn av høg fart.

Øystein Krogstad

For Øystein Krogstad i UP er det hektiske dagar i påska.

Foto: Leif Dalen / NRK

I tillegg vart skrive ut over 1000 fartsbøter, skriv ABC Nyheter.

Medan vi følgde Krogstad og kollegaene hans på riksveg 9 i Setesdal, var det to bilførarar som måtte punge ut etter å ha køyrt for fort.

– Pål, viss du er klar kan du ta inn ein. Han er målt til 92, seier ein UP-betjent i radioen sin.

Han står gøymt i skogen like ved vegen. Gjennom apparatet måler han fart, ser om førar og passasjerar har på seg bilbelte.

– Ja, svarar kollegaen i radioen.

– Då gjekk det litt fort. Han får eit forenkla førelegg for å ha køyrt i 92 km/t i 80-sona, seier UP-betjenten til NRK.

UP

Ein UP-betjent luskar i buskene for å avsløre fartssyndarar på riksveg 9.

Foto: Tom Nicolai Kolstad / NRK

Krogstad: – Ikkje for å vere frekk, men...

Vi er med når fleire bilistar blir vinka til side. Her blir det gjennomført sjekk av sertifikat og promillekontroll.

Og Krogstad er ikkje heilt nøgd med sertifikatet sjåføren dreg fram.

– Det er sikkert gøy å ha det ungdomsbilete. Eg skal ikkje vere frekk, men kjem du til utlandet nyttar det ikkje. Då vert det påtale med ein gang. Det er berre å ta seg ein tur til på Statens vegvesen. Der har dei fotomaskin også, seier Krogstad til ein av dei etter å ha studert sertifikatet.

Seinare blir Camilla Landa vinka til side av UP. Ho har ikkje køyrt for fort, men må gjennom promillekontroll før ho får køyre vidare.

– 0,00. Heilt topp, seier UP-betjenten.

– Vi veit at dei pleier stå her, men vi veit ikkje akkurat kor, seier ho.

– Korleis køyrer folk?

– Greit. Det er mykje trafikk, så vi må køyre greit, seier ho.

Camilla Landa

Camilla Landa måtte gjennom promillekontroll før ho fekk køyre vidare på riksveg 9.

Foto: Tom Nicolai Kolstad / NRK
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %