Hopp til innhold

Havnaa: – Eg er sterkare enn nokon gong

Kai Robin Havnaa går for sin fjerde strake proffsiger når han går i bokseringen laurdag kveld.

Kai Robin Havnaa

Kai Robin Havnaa boksar sin fjerde proffkamp laurdag. Her er han under fredagens innveging.

Foto: Team Sauerland

– Kvar enkelt siger er eit nytt steg mot det store målet mitt, seier Havnaa til NRK.

Boksaren frå Risør har tidlegare uttalt at hans store mål er å bli verdsmeister.

Kai Robin Havnaa

Kai Robin Havnaa står med tre proffsigarar av tre moglege.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Dei to siste kampane har han vunne på knockout. Laurdag skal han i aksjon igjen under Nordic Fight Night i Frederikshavn.

Ventar tøff kamp

– Eg føler meg veldig bra. Eg har gjort jobben som må gjerast. Eg har trent hardt og føler meg sterkare enn nokon gong, seier han.

Han møter Istvan Kun frå Ungarn. Han har vunne fire av ni proffkampar til no,

– Han er veldig tøff og toler mykje. Men eg er i god form og er klar for alt som måtte møte meg. Det kjem garantert til å bli ein tøff kamp der eg startar litt rolegare enn han, og så aukar eg tempo etter kvart, seier Havnaa.

Nervøs proffdebut

Det er under eitt år sidan sørlendingen debuterte i proffsamanheng. 29. november i fjor tok han sin første siger i proffdebuten.

– Det var ein spesiell kamp med mykje nervar. No er eg mykje rolegare. Då var alt nytt og det var mykje spenning. Nå veit eg meir kva eg går til, seier han.

Fredag kveld gjekk dei to boksarane på vekta. Den viste 90,4 for Havna og 89 kilo for den ungarske motstandaren.

Kai Robin Havnaa skulle ønske at pappa hadde vært der i går da han debuterte som proff bokser. Men han ønsker ikke å være lei seg for at han ikke var det.

Sjå reportasje med Kai Robin Havnaa.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %