Hopp til innhold

«Ingen» dusjar på skulen – elevar engasjerer seg for å få båsar

Ungdom nektar å bruke fellesdusjar på ungdomsskulen. Elevar meiner sjølv dei har løysinga.

Elever ved Holvika skole vil ha egne båser i dusjen.

Hanne Fuglestad Bjørnsen og Charlotte Lykke Ugland på 8. trinn, viser kor tett dusjane er plasserte på Holviga ungdomsskule i Grimstad.

Foto: Tom Nicolai Kolstad / NRK

– Nesten ingen dusjar på skulen. Dei synest det er ukomfortabelt å dusje i fellesskap, seier Hanne Fuglestad Bjørnsen.

Ho og Charlotte Lykke Ugland går på Holviga ungdomsskule i Grimstad.

Der ønskjer dei no å få separate båsar i dusjen.

Jentene har sjølv teke saka til Barn- og unges kommunestyre i byen, godt støtta av deira eiga spørjeundersøking.

– Nesten 70 prosent synest at det ikkje var komfortabelt å dusje. Det er jo så lite plass i dusjane at ein jo kan ta på sidemannen, fortel Charlotte.

– No er det kanskje rundt fem stykke som dusjar, legg Hanne til.

Det var Grimstad Adressetidende som først skrev om saka.

Elevrådslederne mener flere vil dusje etter gym dersom de får dusjbåser.

Hanne Fuglestad Bjørnsen (til venstre) og Charlotte Lykke Ugland gjennomførte ei eiga spørjeundersøking om dusjing på skulen.

Foto: Tom Nicolai Kolstad / NRK

Frykt for baksnakking

Elevane dei spurde gjekk i 6. til 10. trinn på Holviga barne- og ungdomsskule.

Jentene seier at mange er redde for å bli mobba og baksnakka om dei dusjar saman med medelevar.

– Det kan vere folk er redde for kommentarar eller stygge blikk, eller i verste fall at det blir teke bilete, seier Hanne.

Det er og ei frykt at folk vil snakke om kroppen din på sosiale medium, eller at ein vil samanlikne seg sjølv med andre.

Rektor på Holviga ungdomsskule Tor Helge Olsen, set pris på engasjementet til elevane.

Han forstår at mange unge kan kjenne seg usikre i garderoben etter gymtimane.

– Det er nok eit resultat av fleire ting. Kanskje det er kroppspress først og fremst som gjer at ungdommen kjenner dei må vere ei perfekt utgåve av seg sjølv, seier Olsen.

Rektor på Holviga skole Tor Helge Olsen.

Rektor ved Holviga skule Tor Helge Olsen.

Foto: Tom Nicolai Kolstad / NRK

Ser på løysingar

Ordførar i Grimstad Beate Skretting, seier det ikkje er avsett midlar i år til å kunne gjennomføre bygging av båsar på Holviga skule.

Derfor er det ikkje rom innanfor rammene til skulen å gjennomføre.

– Dette er ei viktig sak for elevane, og Hanne og Charlotte frå Holviga har gjort ein veldig god jobb med undersøkinga og løfte saka opp i Barn- og unges kommunestyre på vegner av medelevane sine og skulen.

Ordføraren har følgt opp saka ved å leggje den fram for Grimstad kommunestyre.

Ho seier at kommunedirektøren kan stadfeste at tiltaket burde vurderast for neste års budsjett.

Det er allereie kontakt med eining for bygg og eigedom for å sjå på moglegheiter og løysingar på både kort og lengre sikt.

Beate Skretting

Ordførar i Grimstad Beate Skretting, seier ho har følgt opp saka i kommunestyret.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

Fleire i dusjen

Dei siste åra har ungdommar som ikkje vil dusje i fellesdusjar vore tema fleire gonger.

– Vi høyrer jo i ny og ne om elevar som ikkje kjenner seg komfortable med å dusje, seier leder for Elevorganisasjonen Peter Andreas Lona.

Han fortel at dei ikkje har full oversikt over dusjkultur på alle landets skular, men for dei er det viktig at elevar skal ha moglegheit til å påverke deira skolekvardag.

– Eg tenker at skuleleiinga må ta det seriøst når elevane går saman på denne måten, og samlar inn meiningar til medelevane og seier de sjølv har lyst på åtskilde dusjbåsar.

Petter Andreas Lona er påtroppende leder i Elevorganisasjonen.

Petter Andreas Lona er påtroppande leder for Elevorganisasjonen.

Foto: Tobias Dahle / Elevorganisasjonen

I 2017 var NRK på Grimstad ungdomsskule, der det vart sett opp båsar med skjermvegger i fellesdusjane.

Dette vart gjort etter at elevane sjølv ønskte meir privatliv i dusjen.

Les også Elevene ville dusje alene. Nå får de det.

Dusjbåser, Grimstad ungdomsskole

Seks år har gått, og elevrådsleiar på skulen Martine Dørmænen Bjørkås trur at færre no gruer seg til gymtimane.

– Eg trur veldig mange er veldig glad for båsane og for at dei slepp å vise fram kroppane sine til andre, seier ho.

Bjørkås trur og at fleire dusjar på grunn av tiltaket.

– Du skal ikkje gå rundt å grue deg til gymtimen fordi du må dusje naken etterpå. Då får ein ikkje ei god oppleving av gymfaget, seier ho.

Martine D. Bjørkås er elevrådsleder på Grimstad ungdomsskole.

Elevrådsleiar på 10. trinn Martine Dørmænen Bjørkås, er glad for at dei har fått private dusjbåsar på Grimstad ungdomsskule.

Foto: Tom Nicolai Kolstad / NRK

For opptatt av kropp

Gymlærar på Grimstad ungdomsskule Vilde Haavik Tønnessen, synest det er bra at fleire no dusjar etter gymtimen.

Ho skulle likevel sett at båsane ikkje var nødvendig.

– Eg synest det er fint at det er sett opp båsar når det har vorte sånn som det er, men eg skulle ønskje det ikkje var eit behov for det, og at vi ikkje var så overopptekne av kropp.

No ønskjer elevane på Holviga ungdomsskule, som berre ligg eit par kilometer unna, det same tiltaket.

– Her er det trongt. Det vi tenkjer er at båsane må komme så fort som mogleg, seier Hanne.

Les også Skulle berre dusje – så høyrde kona eit brøl

Stig Knutsen etseskader etter lut.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %