– Det kunne gått så mykje verre. Han kunne fått skade på matrøyret, eller blitt blind. Og femten minutt tidlegare stod eg i dusjen med begge ungane.
Det seier Eva Egaas Knutsen til NRK, som først fortalde historia om mannen til avisa Agder.
Stig Knutsen var ein av to personar som vart meldt som skada etter å ha fått lut på seg.
Måndag kveld vart det oppdaga at store mengder lut i ein kort periode hadde runne ut i drikkevasskjelda i Storekvina i Kvinesdal.
Kommunen sende ut melding til bebuarar om at vatnet i springen var brunt og hadde høge verdiar av lut.
I den perioden stod Stig Knutsen i dusjen, og dei visste ikkje kva som var gale.
Full av sår
Eva høyrde eit brøl frå badet. Ho trudde fyst det var tull, men ho sprang likevel inn for å sjå te mannen.
– Han trudde det var noko gale med såpa. Eg såg at heile han var eldraud. Først tenkte vi å skylje dette bort, så han gjekk inn i dusjen igjen. Men då så me at vatnet var brunt.
Eva fekk då sjå at han hadde blod på hendene og var sår overalt.
– Han hadde merke på heile seg. Frå topp til tå. Vi skjønte ikkje kva som skjedde. Det var heilt uverkeleg, fortel ho.
Dei starta med å ringe rundt til familie, giftsentral og legevakt.
Til slutt fekk dei beskjed om at han måtte sjekkast av lege, og blei etter kvart sendt til Sjukehuset i Stavanger (SUS). Der fekk han god behandling, og vart allereie heime igjen tysdag kveld.
Stig har fått ei fyrstegrads forbrenning på kroppen, fortel Eva.
No må han ta ekstra omsyn til sola. Men sjølv om sommarferien kanskje ikkje blir heilt som normal, er Eva berre glad det ikkje gjekk verre.
– Me får sjå korleis dagane framover blir. Han har det greitt etter forholda.
Slik så vatnet i dusjen ut da Stig Knutsen fekk etseskadar etter for høgt lut-innhald i vatnet.
Foto: PrivatUklart kva som har skjedd
Rundt 160 innbyggjarar i kommunen får drikkevatn frå Storekvina.
– Det er framleis uklart for oss kva som har skjedd, sa einingsleiar for teknisk drift i Kvinesdal kommune Geir Netland tysdag morgon.
Tysdag ettermiddag kan ordførar i Kvinesdal Per Sverre Kvinlaug, opplyse til NRK om at dei framleis ikkje har nokon klare svar.
Eit varslingssystem skulle ha oppdaga at det var for mykje lut i vatnet, men det har ikkje fungert, fortel Kvinlaug.
– Det vil vi no undersøkje og finne svar på.
Alle dei ni vasskraftverka i kommunen skal sjekkast etter hendinga, opplyser ordføraren.
Kommunen har bedt innbyggjarar som kan ha fått i seg vatnet, om å ta kontakt med legevakta.
Kvinesdal sett frå Utsikten. Om lag 160 innbyggjarar herifrå får drikkevatn frå Storekvina.
Foto: Hans Erik Weiby / NRK