NRK Meny
Normal

– Vi har fått sjølvtilliten tilbake

Spelarane i Amazon Grimstad meiner dei har fått tilbake sjøltilliten etter to tøffe sesongar. No håpar dei på ny siger i Toppserien.

Sandra Preus i Amazon Grimstad

Amazon Grimstad jaktar nye poeng fredag ettermiddag.

Foto: Privat

Laster innhold, vennligst vent..

– Vi torer å spele fotball igjen. Vi tar sjansane. Det handlar om å tore å leve og tore å spele fotball, seier Amazon-spelar Gro Ingvardsen til NRK.

Midtstopparen har måtte sjå dei fire første kampane frå sidelinja på grunn av jumpers knee. Mot Arna-Bjørnar fredag ettermiddag er ho tilbake på benken.

Gro Ingvardsen

Gro Ingvardsen er tilbake i kamptroppen for Amazon Grimstad fredag.

Foto: Lars Erik Larsen / NRK

– Eg er ikkje hundre prosent. Jumpers knee er ikkje så lett å bli kvitt. Men eg spelte ein omgang for andrelaget onsdag. Det gjekk smertefritt, seier ho.

Fire poeng så langt

Dei to siste sesongane har Amazon Grimstad måtte spele kvalifisering for behalde plassen i Toppserien. Begge gongane har dei slått Sarpsborg 08 og overlevd med eit naudskrik.

På dei fire første kampane står Amazon med fire poeng. Dei slo Vålerenga i sist heimekamp, medan det vart uavgjort mot Medkila i førre seriekamp.

Ingvardsen meiner det er stor skilnad på årets utgåve av Amazon, samanlikna med fjorårets versjon.

– Vi har ikkje spelt strålande kampar. Men vi har mange gode enkeltprestasjonar. Vi har mange som står fram og torer å utfordre og plutseleg kan skape trøbbel for motstandaren. Vi scorar mål i år. Det gjorde vi nesten ikkje i fjor. I tillegg har vi gjort ein god figur defensivt, seier ho.

Ventar tøff kamp

Fredagens motstandar Arna-Bjørnar har fått ein tøff start på sesongen. Laget står med eitt fattig poeng på dei fire første kampane.

– Det blir ein tøff kamp. Eg trur Arna-Bjørnar er veldig sugne på poeng. Det gjeld å vere skjerpa heile vegen. Det er ikkje berre å komme å ta poeng frå oss. Eg trur vi kjem til å gjere ein god kamp og ta poeng, seier keeper Karoline Sævareid.

Ho er glad for å ha tilbake veteranen Gro Ingvardsen på benken.

– Ho er veldig energisk og oppmuntrande. Gro har mykje rutine og er ein god spelar som har mykje å komme med, seier keeperen.

Kampen mot Arna-Bjørnar startar klokka 14 på Levermyr stadion.

Laster innhold, vennligst vent..