Hopp til innhold

– Vi blir ingen kasteball i år

Optimismen er stor i Amazon Grimstad før sesongen startar mot Røa laurdag ettermiddag.

Sandra Preus i Amazon Grimstad

Amazon Grimstad opnar sesongen mot Røa laurdag.

Foto: Privat

– Eg føler avgjort at vi er på eit nivå som gjer at vi ikkje blir ein kasteball denne sesongen, seier styreleiar i klubben Hans Inge Sævareid til NRK.

Dei to siste sesongane har klubben måtte spele kvalifisering for å forsvare ein plass i Toppserien.

Vil overraske

Begge gongane har laget sikra plassen i den øvste divisjonen med eit naudskrik.

– Vi har tru på at vi skal unngå kamp i botnen i år. Treningskampane har berre gått betre og betre. Vi håpar på å overraske litt. Mange dømmer oss nord og ned. Det inspirerer oss, seier Sævareid.

Styreleiaren viser mellom anna til at klubben har spelt jamt med toppklubbar som Stabæk og Avaldsnes i oppkøyringa til den nye sesongen.

No håpar han på ein betre start på vårsesongen enn i fjor. Då hadde laget store skadeproblem.

– Men haustsesongen var veldig bra. Det er det vi prøvar å byggje vidare på, seier han.

Lagbilde Amazon Grimstad

Amazon Grimstad sikra plassen i Toppserien i fjor då dei slo Sarpsborg i kvalifisering.

Foto: Victoria Ose / NRK

Ny trenar

Laget må klare seg utan hovudtrenar Vanja Stefanovic i vårsesongen på grunn av sjukdom. Oliver Harder er henta inn. Han har mellom anna erfaring som trenar i USA, New Zealand og England.

– Han er utruleg dyktig og målretta. Så har vi ei god spelargruppe med mange gode spelarar, seier Sævareid.

I serieopninga borte mot Røa er målet å hente tre poeng heim til Grimstad.

– Vi har ikkje tenkt til å legge oss i forsvar. Vi reiser til Oslo for å ta tre poeng, men veit at det vert steintøft. Det handlar om å vere offensive, seier han.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,8 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %