Hopp til innhold

Distriktsopprør i kvinnefotballen: – Det blir ein heftig debatt

Norges Fotballforbund vil ha færre lag i Toppserien og 1. divisjon for kvinner. Men forslaget møter motbør i klubbane.

Amazon Grimstad - Grei Kvinner Elite

Det kan bli færre lag i Toppserien og 1. divisjon i fotball for kvinner i framtida. Forbundstinget skal neste helg ta stilling til spørsmålet. Bilete er frå 1. divisjonsoppgjeret mellom Amazon Grimstad og Grei førre sesong.

Foto: Andreas Tveit / NRK

– Kvinnefotballen treng toppmiljø også utanfor dei tre største byane i Noreg. Ein risikerer at toppfotball berre blir spelt på dei tettast folka stadene. Det kan føre til at rekruttering og interesse stoppar opp utanfor desse områda, seier styreleiar Per Eirik Heimdal i 1. divisjonsklubben Amazon Grimstad.

Det byggjer opp til strid rundt framtida for norsk kvinnefotball.

Neste helg skal over 200 delegatar på forbundstinget ta stilling til eit omstridt forslag, om å redusere talet på lag i dei to øvste divisjonane frå 12 til 10.

Fryktar spelarflukt

– Det kjem til å bli heftig debatt. Dette ser vi fram til, seier Hege Jørgensen, dagleg leiar i Toppfotball kvinner.

Ifølgje Jørgensen er det fleirtal for å gjere ei slik endring blant toppserieklubbane. I 1. divisjon er derimot motstanden stor, viser ein gjennomgang NRK har gjort.

  • Sjå kva den enkelte klubb meiner nedst i artikkelen

For to år sidan vart det sett ned eit utval for finne tiltak, som vil gje betre sportsleg utvikling og kommersiell verdi av toppfotballen for kvinner.

Hege Jørgensen, daglig leder i serieforeningen for kvinner

Dagleg leiar i Toppfotball kvinner, Hege Jørgensen, trur det blir temperatur på forbundstinget neste helg.

Foto: Anders Fehn / NRK

– Må spisse

Rapporten utvalsleiar Karen Espelund overleverte til Fotballforbundet i fjor, peika altså blant anna på reduksjon av tal på lag i dei to øvste divisjonane.

Dei føreslo åtte eller ti lag i Toppserien. I innstillinga frå forbundsstyret er det 10 lag som gjeld.

Utvalet grunngav dette med at Noreg har falle på Fifa-rankinga, og dårlegare resultat i internasjonale turneringar dei siste åra.

– Toppfotballen er ikkje til for at flest mogleg jenter skal få bli toppspelarar. Den er til for at dei beste skal bli best mogleg. Vi må spisse og jobbe knallhardt for å henge med. Vi konkurrerer med Barcelona, Manchester City og Chelsea, seier styreleiar i Toppfotball kvinner, Synnøve Tverlid.

Men desse argumenta kjøper ikkje fleire av klubbane.

– Vi vil få spelarflukt til klubbane i dei større byane, før breiare satsing rundt om i landet, seier lagleiar for 1. divisjonsklubben Hønefoss, Harald Westbyn.

Champions League returkamp Brøndby IF - LSK Kvinner

LSK Kvinner har suksess i Europa, og skal spele kvartfinale i Meisterligaen.

Foto: Anders Kjærbye / NTB scanpix

– Er på rett veg

Tek vi utgangspunkt i fjorårets toppserietabell ville berre Oslo-området, Hordaland og Rogaland vere representert i Toppserien i ein serie med ti lag.

Den nyopprykte toppserieklubben Fart frå Hamar meiner det er feil tidspunkt å gjere endringar no.

Dei viser til at landslaget har kvalifisert seg til VM, at LSK Kvinner er klar for kvartfinale i Meisterligaen og at Ada Hegerberg vann «Gullballen» i desember.

– For oss er dette eit signal på at det heilt tydeleg går rett veg for norsk kvinnefotball, seier dagleg leiar Frode Dalseng.

– Korleis dette endar til slutt torer eg ikkje å spå. Det vil nok komme opp nye forslag på tinget, seier Hege Jørgensen i Toppfotball kvinner.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %