Hopp til innhold

– Vi er veldig heldige

Tilfeldigheiter gjorde at Anne Cathrine Edvardsen frå Kristiansand og kjærasten ikkje hamna midt i terroren i Nice.

Sjå Anne Cathrine Edvardsen sine filmopptak etter terrorangrepet i Nice.

Sjå Anne Cathrine Edvardsen sine private videoopptak etter terroren i Nice der ho er på ferie.

– Vi var tilfeldigvis på rett stad til rett tid. Her er det snakk om nokre hundre meter i forskjellig retning slik at vi unngjekk dette, seier Edvardsen til NRK.

– No byrjar eg å grine. Eg tenker i ettertid av det er så tilfeldig kven det råkar. Som kjærasten min sa då vi vakna i dag; det er ikkje alle som vaknar like behageleg som vi gjer i dag, seier ho.

Vart sittande på restauranten

Anne Cathrine Edvardsen

Dette bilete vart teke på restauranten der Anne Cathrine Edvardsen sat saman med kjærasten kring ein halvtime før det small.

Foto: Privat

Minst 84 menneske vart drepne i terrorangrepet på strandpromenaden Promenade des Anglais.

Ein mann køyrde ein lastebil rett inn i ei stor folkemengde som stod og såg på fyrverkeri under feiringa av nasjonaldagen i Frankrike.

50 meter frå promenaden sat Edvardsen og kjærasten på ein restaurant. Dei kunne like gjerne ha vore midt i folkemengdene.

– Vi snakka om å gå ned for å sjå fyrverkeriet om vi var ferdig å ete til klokka ti. Vi vart ikkje klar til det og bestemte oss for å bli sittande. Heldigvis. Det kunne ha blitt ganske gale, fortel ho.

– Det hadde vore naturleg for oss å gå i den retninga der dette skjedde for å sjå på fyrverkeriet, sidan det var på veg mot hotellet vårt, seier ho.

– Folk byrja å hyle og skrike

Klokka var kring halv elleve då det oppstod kaos rundt restauranten der sørlendingen sat saman med kjærasten.

– Folk byrja å hyle og skrike rundt oss i alle retningar. Vi sprang mot inngangsdøra til restauranten der alle gjestene samla seg. Vi visste at nokon skaut, men visste ikkje kva som skjedde. Eg trudde det var ein væpna person som skaut vilt rundt seg og vi lurte på å legge oss ned, seier ho.

No er ho glad for at både ho og kjærasten er trygge.

– Ein skal alltid verdsette livet og setje pris på det ein har. Plutseleg kan ting bli rive bort. Ein skal bestandig berre levet i nuet og nyte det som er, seier Edvardsen.

Heime i Kristiansand har ho tre barn.

– Eg er veldig glad for at ingen av dei var her, seier ho.

Politi i Nice - utanfor hotell

Politi utenfor hotellet.

Foto: Anne Cathrine Edvardsen

Reiser ikkje heim

Dei to har bestemt seg for å bli i Nice.

– Eg tenker kva som er det viktigaste for Frankrike. Det er å bli for å oppretthalde den normale kvardagen. Eg trur ikkje det kan skje på same plassen igjen. Landet treng at turistane blir, seier ho.

Føraren av lastebilen som køyrde inn i folkemengda vart skoten og drepen av politiet.

31-åringen skal sjølv ha budd i Nice, men var fødd i Tunisia.

Terroraksjon i Nice

Presse frå ei rekkje land fyller området utanfor hotellet der Edvardsen og kjærasten bur.

Foto: Anne Cathrine Edvardsen

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 1,36 kr
Dyrest kl. 07 2,31 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %