Hopp til innhold

– Eit fantastisk syn

Henrik Sørensen frå Kristiansand fekk eit minne for livet på skitur laurdag.

Villrein i Setesdal

Henrik Sørensen fekk knipsa bilete av reinsdyra med mobiltelefonen.

Foto: Henrik Sørensen

– Det var veldig gøy. Det er slikt ein aldri ser. Eg har gått her i fjellet i nesten 17 år, men aldri sett noko liknande, seier Sørensen til NRK.

17-åringen, som vert kalla «friluftsfreak» av vener og familie la ut på skitur aleine på Hovden i Setesdal. Strålande sol og 13 minusgrader sette prikken over i-en.

Henrik Sørensen

Henrik Sørensen i sitt rette element. Ute i naturen.

Foto: Privat

Enormt med trakk i snøen over eit stort område fanga merksemda hans.

Måtte krype

Då han kom nærare såg han at det var dyrespor. Etter kvart fekk han auge på flokken. Minst hundre reinsdyr, meiner han sjølv.

– Eg bestemte meg for å prøve å komme så nær dei som mogleg for å ta bilete. Eg driv med jakt og er vand med å snike meg innpå dyr, seier han.

– Eg jobba meg sakte, men sikkert nærare og nærare, opp og ned kollar og måtte krype for å ikkje bli sett. Eg var 300–400 meter ifrå dei då dei oppdaga meg og la på sprang, fortel han.

Det skal vere kring 1000 villrein i området der 17-åringen gjekk på ski.

Færre dyr

Setesdal Austhei Villreinlag valde å gå ned på jaktkvoten under fjorårets jakt på grunn av at det var registrert færre dyr enn ved tidlegare teljingar.

Dei forklarar nedgangen blant anna med at dyr bevegar seg til Setesdal Vesthei og Hardangervidda.

Henrik Sørensen har fått eit turminne han truleg vil hugse for alltid.

– Dette gjer at eg får endå meir lyst til å vere ute i naturen, seier sørlendingen som tidlegare har vore i nærkontakt med reinsdyr.

På ein tur tidlegare fekk han følgje av ein reinsdyrbukk.

– Den følgde meg heile vegen 10–20 meter bak meg. Det er nysgjerrige dyr, seier han.

Spor etter reinsdyr

Spor etter reinsdyrflokken på Hovden.

Foto: Henrik Sørensen
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %